Seremonien i Garnisonskirken i Potsdam 21. mars 1933 var symbolsk viktig: Hitler stilte i dress for å vise vørnad for Reichwehr.

Den tidlegare feltmarskalken og rikspresidenten er fjerna frå æresborgarlista etter vedtak i Representantanes hus.

Den tidlegare rikspresidenten Paul von Hindenburg er no ekskludert frå Berlin si liste over æresborgarar. Representantanes hus vedtok dette torsdag 30. januar, med fleirtal frå regjeringspartia «Rot-Rot-Grün» (SPD, Die Linke, Die Grünen). Det var også desse regjeringsgruppene som hadde foreslått å fjerne Hindenburg frå «æresborgarlista».

Årsaka ligg på dagen 87 år tilbake i tid
Regina Kittler (Linke) minna om at Hindenburg utnemnde Adolf Hitler til rikskanslar 30. januar 1933. «Med dette gjorde han seg til ein bidragsytar til å øydeleggje demokratiet i Tyskland og til å bane veg for diktaturet,» heldt Kittler fram. «Den tida vi lever i no, krevjer på nytt at vi står opp for demokratiet,» hevda Kittler vidare – og vi må difor «vere konsekvente og døme alle som har hindra demokratiet og i staden fremja diktaturet. Hindenburg var ein slik gjerningsmann.»

Ahistorisk syn
Robbin Juhnke (CDU) avviste vedtaket av di han meinte det er historielaust. Han opplyste om at Hindenburg to gonger vart vald som Rikspresident (1925 og 1932, begge gongane i demokratiske val under Weimarrepublikken); siste gongen «til og med» med støtte frå SPD, la han ironisk til. «Sjølv om Hindenburg var ein kontroversiell figur, er det feil å ta ifrå han æresborgarskapet.».

20. april 1933
Hindenburg vart utnemnd som æresborgar i Berlin den 20. april 1933 same dag som mellom andre Hitler (dette var forresten på Hitler sin 44-årsdag), Göring og Goebbels. Dei tre siste fekk æresborgarskapa sine annulerte først i desember 1948. Noko som i seg sjølv fortel ei tydeleg historie om kaoset som herja i Berlin dei første etterkrigsåra.

Innstifta i 1813
Sidan innstiftinga i 1813, og det første æresborgarskapet vart delt ut til teologen Conrad Gottlieb Ribbeck, har ei rekkje kjende personar blitt utnemnde til æresborgarar av Berlin. På lista finn ein m.a. politikarane Otto von Bismarck, Theodor Heuss, Mikhail Gorbatsjov, Helmut Kohl og Wolfgang Schäuble, men også kunstnarane Heinrich Zille, Marlene Dietrich, Herbert von Karajan, Rudolf Ludwig, Karl Virchow og gründeren Werner Otto.

121 personar
I skrivande stund er antalet æresborgarar redusert frå 122 til 121. Og ingen nye kandidatar vart nemnde eller fremja under diskusjonen i Representantanes hus.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.