Kommentar

Tyske soldatar marsjerer gjennom Bergen den 9. april 1940. Foto: Privat.

 

Ut på ettermiddagen laurdag 13. april 1940 går eit sørgjetog gjennom Bergens gater. Eit orkester speler sørgjemarsj. Bårene blir køyrde sakte frå Haukeland sjukehus, ned Ibsens gate, så Bjørnsons gate og deretter ein liten stubb på Camilla Colletts gate før dei følgjer Fabrikkegaten siste stykket til Solheim gravplass på Minde, rett sør for Bergen sentrum. Langs heile vegen står det folk.

26 kvite bårer kviler tungt på like mange lastebilar. Bak følgjer dei pårørande, så biskop og sokneprest, så fylkesmann Gjert Lindebrække og ordførar Asbjørn Stensaker.

Det er sein vår dette året, bjørkene på Minde er nakne. Det regner. Soldatanes vadmelsfrakkar blir tyngre og tyngre fram til dei løfter av båre etter båre og går med dei siste stykket bort til gravene.

Sørgjetoget er uvanleg nok. Men det er meir.

19 av kistene er dekte med tyske flagg, og rundt dei går tyske soldatar. Sju kister er kledde med norske flagg. Først i toget går eit tysk orkester, sist i toget ein tysk æresvakt med hjelm og mauser.

Bak dei norske bårene går tyskarane. Først general Tittel og admiral Schrader og generalkonsul von Küchler. Så, bak den tyske generalen, går kommandanten ved Bergen festning, oberst Gunnar Isachsen Willoch.

Det er berre fire dagar sidan Bergen blei teken ved krigslist. Sju tyske skip gjekk rett inn hamna medan dei signaliserte: «Går inn til Bergen på et kort besøk. Ingen fiendtlige hensikter». I løpet av to og ein halv time var byen tatt. Tysk handlekraft og norsk nøling er krigen 9. april i Bergen, kort oppsummert.

Men krigslisten stansa ikkje 9. april. Nordmennene forstod det kanskje ikkje, men krigslisten heldt fram. Gravferda 13. april er eit framhald av overfallet og eit framhald av norsk forvirring.

Korleis kunne dette skje? Noreg var i krig med Tyskland. Regjeringa var på flukt i området Dombås, med tyske styrker i hælane. Det var der i området kaptein Austlid fall i forsvar for dei eit par dagar etter. Dei komande dagane rykker tyske styrker nordover og innover i landet, medan den britiske ekspedisjonsstyrken var i ferd med å bli sett i land i Åndalsnes.

Gravtalene på Minde denne regntunge dagen forklarer: Den tyske admiralen starter talen slik:

«Vi står her ved bårene til norske og tyske soldater som er falt for sitt fedreland, tro mot sin ed og i oppfyllelsen av sin soldatplikt.»

Oberst Willoch, kommandant i Bergen, har eit heilt anna perspektiv. Han startar, slik Bergens Tidende sin referent skriv:

«For oss nordmenn, sa han, har begrepet krig stått som et grusomt, men nokså fjernt begrep. Nå vet vi av smertelig personlig erfaring mer om hva det betyr. Men ennå kjenner vi ikke krigen og hva den betyr ute i Europa, hvor krig er fiendskap og hat mot en eller flere bestemte makter.»

Tyskaren snakkar om fedreland, tru, eid og plikt. Nordmannen om kor krigen er ukjend, framand og gruvsam.

Lenger ut i talen snakkar Willoch også om plikt og fedreland, men legg til: at det skal vere ei trøyst for dei pårørande at «aldri i verdenshistorien har døden innhentet soldater som var så fri for hat i sitt hjerte».

Så, Norge blei hærtatt, men vi hadde det gode sinnelaget …

Den norske kommandanten er mentalt sett i det heile ikkje førebudd på krig. Hans tale under gravferda er berre ein spegel av det veike forsvaret av Bergen.

Dei falne norske blir lagt til ro med vaiande norske og tyske flagg side om side. Medan krigen raser rundt i Norge, må den norske æresvakta stå skulder ved skulder med fienden. Kva har soldatane tenkt, der dei stod?

Det som skjedde ved gravene på Minde, var ikkje spesielt for Bergen. Tvert om, dette er «samarbeidslina» som i ulik grad dominerte dei første vekene og månadene i 1940. Konge og regjering blei tvinga ut av forvirring og til handling. Dei fleste andre, pressa inkludert, heldt fram med å leve på 30-talet, så lenge dei kunne.

Aftenposten skriv mellom anna på leiarplass 13. april – same dag som gravferda i Bergen – under tittelen «Gjør ulykken minst mulig» at «overilede handlinger» berre vil skape problem:

«Mange påbud og restriksjoner er uundgåelige under den fortvilede situasjon vårt land er bragt op i. Alene ved beslutsom ro og nøkternhet fra folkets side kan de begrenses. Panikk og overilede handlinger vil derimot øke deres antall og strenghet. Og derved er intet opnådd – annet enn skade for land og folk.»

Det var to ting norske styresmakter mangla våren 1940: militær styrke og kampvilje. Dei to heng sjølvsagt saman. All innsats var i retning fred og nedrusting. Så fekk ein likevel krigen.

Frå 1932 blei det halde ei samanhengande nedrustingskonferanse i Genève fram til 1937, i regi av Folkeforbundet, USA og Sovjetunionen. Konferansen var dei første åra leia av Arthur Henderson, tidlegare utanriksminister for britiske Labour. Han fekk i 1934 Nobels fredspris i Norge for dette. Sjølvsagt.

Wikipedia konkluderer lakonisk: «Konferansen ga ingen gjeldende resultater med tanke på Tysklands militær- og utenrikspolitikk i 1930-årene». Dette er det mentale kartet som mange styrte etter då 1940 kom.

I 1933 stemte Arbeidarpartiet for full avvikling av militæret. Den som kanskje mest av alt er kjend for sin antimilitarisme, er Christian Fredrik Monsen – forsvarsminister i arbeidarpartiregjeringa frå 1935 til 1939. I 1928 gav han ut pamfletten «Militært vanvidd eller civil fornuft».

Før dette sat Monsen på Stortinget for Norges Kommunistiske Parti frå 1925 til 1927, før han gjekk over til DNA. Monsen var likevel ikkje eit særtilfelle, han var typisk for sosialdemokratane på 1920- og 30-talet. Det er også interessant at Monsen sat i bystyret i Hamar for Venstre 1908–1910.

Underleg nok blei det ein sentral offiser som skulle stille seg i spissen for nedrustinga. General Otto Ruge var mannen som formulerte den nye militærdoktrinen, forsvaret som ein minimumsorganisasjon. General Bauck, sjef for generalstaben (forsvarssjef), gjekk også hardt ut mot Ruge. «Det er et blendverk å innbilde seg at man ut fra disse elementer kan mobilisere divisjoner som straks kan settes inn mot en øvet motstander. Jeg finner det å være min embedsplikt som kommanderende General å fremholde dette. Jeg ønsker ikke ved å forholde meg taus å bli skyldig i et folkebedrag som kan bli en katastrofe for landet.»

Resultatet var at medan forsvarsbudsjettet i 1925/26 var på 48,5 millionar kroner, skulle det nye i 1933 vere på 35 millionar.

Det som rettferdiggjorde ei kraftig nedskjæring, var den internasjonale situasjonen, meinte ein. Her er det verdt å ta med nokre sitat frå proposisjonen i 1933 om den nye forsvarsordninga:

– at fredssaken og voldgiftsinstitusjonen har arbeidet seg frem i aller fremste linje blant de ledende saker, som opptar den internasjonale diskusjon og er bestemmende for internasjonal politikk

– at anvendelse av krig ved ordning av mellomfolkelige tvister fordømmes av så å si alle siviliserte stater

– at disse traktatmessig har gitt avkall på krig som middel i den nasjonale politikks tjeneste og uttalt seg for fredelige ordninger av alle tvister …

Venstre, ein av hovudarkitektane bak forsvarsordninga frå 1933, hadde i sitt program frå landsmøtet i 1933 følgjande formulering dei skulle fremje: «Arbeid for rett og fred mellem folkene, for almen nedrustning, og for mellemfolkelig samarbeid i sociale, økonomiske og handelspolitiske spørsmål».

Av dei 12 punkta i programmet er ikkje eitt av dei om nøytralitetsvern og forsvarssaker. Det er sjølvsagt eit punkt om nynorsk og eit om fråhaldssaka, jamstelling, og om «veier til avstengte bygder».

I januar same året blei Hitler utpeika til rikskanslar.

Den norske kyrkja var også engasjert i nedrustingsarbeidet. «Allerede i 1931 tok Bispemøtet opp spørsmålet om nedrustning i forbindelse med nedrustningskonferansen i Genève i 1932. Bispemøtet rettet en henstilling til Den norske regjering om å «arbeide på det kraftigste for en virkelig innskrenkning av rustninger av enhver art».

Fredstanken var ikkje berre partipolitisk. Halvdan Koht var også inspirert av Bjørnstjerne Bjørnson, den store landsfader. Det sjølvstendige Norge skulle ikkje blande seg i stormaktspolitikken. Vår misjon skulle vere fred og dialog. BB stifta Norges Fredslag. Arbeidarpartimann, historikar og utanriksminister Koht tok opp arven, og var difor oppteken av både klassekamp og nasjonsbygging. Slik ideologisk tenking tok han med seg inn i tallause fredsinitiativ.

Resultatet var som Undersøkelseskommisjonen (av 1945) skriv: [Det var en] «kjensgjerning at i Norge var store lag av folket som stod i et klart motsetningsforhold til et virkelig forsvar, noen på et rent prinsipielt pasifistisk grunnlag, andre på det mer praktisk betonte «hva kan det nytte», og atter andre fordi de mente at forsvaret kunne bli brukt i et indre oppgjør».1

1940 blei eit nederlag for dette. Den grå og regntunge gravferda i Bergen 13. april skulle blitt den endelege kvile for slik naivisme.

 

[1] Innstilling fra undersøkelseskomiisjonen av 1945, Bilag nr 5 side 10. Stortinget 1947.

Faksimile frå Bergens Tidende 12. april 1940 med annonsert begravelse dagen etter

Les også

-
-
-
-
-
-
-

Les også