Kommentar

Mange spør i dag kvar den norske kyrkja står i spørsmål som gjeld islam/islamisme, også om kyrkja sitt forhold til islams erkefiende, Israel.

Nyleg kunne ein lese følgjande om dette forholdet:

”SV, Mellomkirkelig Råd i Den norske kirke, Norsk Folkehjelp og flere andre norske organisasjoner går inn for en ”løsning” på Midt-Østen-konflikten som i praksis vil avvikle Israel som en stat med jødisk flertall. De støtter kravet om at araberne som flyktet fra Israel under krigen 1948, og alle deres fem millioner etterkommere skal ha rett til å komme tilbake.”

Med den brennande antisemittisme blant arabarar og folk flest i alle muslimske land er det lett å tenkje seg kva lagnad jødane i Israel ville få om dei skulle bli ein minoritet. Det var for å sikre seg mot nye massedrap, nye hundreårs forfølgjing, at jødane grunnla sin eigen stat. Mykje kan tyde på at krefter i den norske kyrkja har gløymt dette, blant dei generalsekretæren i Kirkenes Verdensråd, Olav Fykse Tveit. Han uttalte nyleg at Israels krav om Jerusalem som hovedstad, var like urimeleg som om nordmennene skulle kreve Gøteborg som Norges hovedstad. Olav Fykse Tveit var tidlegare generalsekretær i Mellomkirkelig råd. Det ser ut til at krefter i Den norske kyrkja har lettare for å forsone seg med eksistensen av islamismen enn med staten Israel.

Ein gong i vår tid stod Den norske kyrkja i hard, tapper strid mot ein annan isme, nazismen.

Kyrkja og nazismen

Det er vanleg å sjå den norske motstandskampen under krigen 1940-45 som ein nasjonal strid. Ser ein nærare etter kva striden sto om, viser det seg at den sto om våre kristne, humanistiske verdiar, vår nasjonale arv. Etter at tyskarane hadde vunne det militære felttoget og okkupert landet, prøvde makthavarane å vinne ideologisk siger.

Hitlers ideologar rykte inn på scenen, og det åndelege felttoget tok til. Norsk sivil motstand kom særleg dei første okkupasjonsåra til å bli ein kamp mot NS-ideologane. Blant dei fremste i den kampen stod den norske kyrkja.

Forfattaren Pål A. Berg fortel om denne kampen i boka ”Kirke i krig,”. Tidlegare er det skrive ein god del om same emnet av mellom andre biskop Eivind Berggrav, som var ein hovudaktør på norsk side. Dei tysk-utnemnde kommissariske statsrådane, seinare konstituerte statsrådar under ministerpresident Quisling, sette hausten 1940, etter tysk ordre, i verk planane om å nazifisere styringsverk og organisasjonar. Nokså fort kom kyrkja i kamp, mellom anna fordi ho gjennom biskopar og prestar protesterte mot nyordninga. Pål A. Berg gjev ei levande, fortetta framstilling av denne kampen. Hovudpersonane i den var Berggrav i Oslo, domprosten i Nidaros, Arne Fjellbu, lekmannshovdingane Ole Hallesby og Ludvig Hope. På nazisida sto Vidkunn Quisling og bak han Tysklands Reichskommissar i Norge, Josef Terboven.

Det er kanskje ennå ein del som hugsar prestane og lærarane sin kamp under okkupasjonen. Lærarane sa NEI til nazifisering av skulen. Kyrkja gjekk inn i kampen på lærarane si side. De protesterte samstundes mot oppløysing av rettsstaten, mot forfølgjinga av jødane, mot vilkårleg vald frå Quislings hird og til sjuande og sist mot nazifisering av kyrkja.

Nazi-Tysklands hadde tidleg sigra på alle militære frontar ute. Heime sto nå idrettsfolk, lærarar, biskopar og lekmannsleiarar mot nazi-makta, som kunne sjå ut til å vere uovervinneleg.

Denne makta hadde eit tosidig mål, å vinne den militære krigen og dermed herredømet i Europa, kanskje også i andre verdsdelar. Det andre målet var å innføre i det tyske verdsriket eit nytt syn på menneske og statsstyring: Menneske vurdert etter rase, der ”den ariske” sto over alle andre, med rett til å utrydde, eller undertrykke ”mindreverdige”rasar. I statsstyring og i samfunn, ja over det enkelte menneske skulle all makt ligge hos Føraren. Han var nazismens gud. Dette synet på menneske og stat kom i rak strid med den kristne, humanistiske arven som mest alle europeiske land, Tyskland inkludert, var tufta på.

Historia startar i Tyskland, der Hitler før krigen hadde greidd å nazifisere, eller pasifisere viktige deler av kyrkja. Pål A. Berg viser korleis særleg Berggrav nøye hadde følgt utviklinga i Tyskland og lært av den.
Nazistane hadde store planar med den tyske kyrkja, og etter kvart med alle nasjonale kyrkjer i okkupert Europa. Eit nytt evangelium skulle inn. Hitler, krigaren, ikkje jøden Jesus skulle bli frelsaren. Då krigen kom, vart denne Hitlers visjon lagd på is. Ein måtte vente med den til krigen var vunnen. Deretter skulle den ”jødiske” læra ut og den nazistiske inn! Men utålmodige som Hitler og hans folk var, kunne ideologane ikkje la vere å begynne medan krigen rasa. Og det var her dei i Norge støytte på biskop Eivind Berggrav! Sjeldan i norsk historie har så høveleg mann vore på plass til rett tid.

I starten kunne det sjå ut til at han ikkje var rett mann. Kyrkja var i indre strid då som nå. Det gjaldt då som nå tolkinga av skriftord som verka avgjerande i samtida. Pål A. Berg gjev ei drivande god framstilling av det første møte mellom den ”liberale” biskop Berggrav og den ”konservative” lekmannshovdingen Ole Hallesby. Ikkje mindre spennande er møtet mellom den same Berggrav og den andre store på lekmannssida, Ludvig Hope. Ole Hallesby avhøyrde Oslo-bispen om tolkinga av skriftord det hadde vore strid om. Berggrav greidde seg godt. Det viste seg at dei i røynda sto på sams grunn. Med bispekollegiet og lekmanns-hovdingane i spissen, kom kyrkjekampen for alvor i gang. Det som nå hende var at folket fylte kyrkjene! Det vart ein kamp med fleire dramatiske høgdepunkt. Det største gjekk føre seg i og utafor Nidaros-domen påska, 1. februar 1942. Pål A. Berg skildrar meisterleg denne og andre kritiske og gripande dagar i kyrkjekampen.

Det er vanleg å tru at spennande krigslitteratur handlar om blodig kamp. Kyrkjekampen er spennande krigshistorie om våpenlause nordmenn i kamp med ei makt som bar våpen og som kunne bruke dei mot våpenlause.
I eit møte på Slottet 27. februar gav Quisling Berggrav klår beskjed: ”Slike forrædere som dere skulle halshugges hundre ganger, og det ville ennå ikke være nok!”

Berggrav skreiv i si dagbok etter møtet: ”Det var noe hjelpeløst over ham som uvilkårlig appellerte til en.” Quisling hadde verkeleg planar om å få Oslo-bispen dødsdømt. Det var etter at omverda fekk kjennskap til det som heldt på å skje, at Terboven fekk ordre om å gripe inn og bremse Quisling. Hitler forsto omsider at det ville løne seg å ta det endelege oppgjeret med kyrkja og med lærarane når krigen var vunnen. Det hadde han også tenkt å gjere i Tyskland, der særleg Bekjenningskyrkja gjennom heile krigen sto i kamp mot nazismen og krigen.

Pål A. Berg viser i si dramatiske og vel underbygde framstilling i kor høg grad dette var ein åndskamp. Vi veit at denne åndskampen, som prestane og lærarane vann, verka som eit forsterkande fundament under all sivil og militær motstand på heimefronten. Ein kan seie at den mobiliserte folket. Ute i den store, allierte verda verka den som ein inspirasjon! Biskop Berggrav vart eit symbol på heroisk motstand. I boka til Pål A. Berg er eit bilde av Berggrav på magasinet Time si forside i julenummeret 1944. Svært få andre nordmenn har pryda den sida.

Frå USA kom ôg president Theodor Roosevelts mektige attest til Noreg:
”Dersom det er nokon som ikkje forstår kvifor vi fører denne krigen, då bør vedkomande sjå på Noreg. Dersom det er nokon som trur denne krigen kunne vore unngått, sjå på Noreg. Og dersom det er nokon som tvilar på demokratiet sin vilje til siger, seier eg igjen, sjå på Noreg!”

På Grini sat Ole Hallesby og Ludvig Hope som fangar, og i si eiga hytte sat biskop Eivind Berggrav internert. 797 av 858 prestar la trass i truslar om den ”alvorligste straff” ned sine embete, men heldt fram å forkynne. 1100 lærarar var blitt arresterte, 600 av dei var blitt sende til hardt straffarbeid i Finnmark.
Desse innesperra mennene kom til å samle, ikkje berre den gamle ”splitta” kyrkja, men nasjonen bak det menneskesynet som Hitler ville avskaffe i sitt komande verdsrike. Då våpna ute og heime tagna i mai 1945, ljoma kyrkjeklokkene over landet, desse klokkene som nazistyret hadde planlagt å smi om til kanoner.

Om Ulstein i wikipedia:

Ulstein tok artium i 1940 og dro samme over til England for å delta i de norske styrkene. Han deltok med Kompani Linge under landgangen i Reine i desember 1941. I september 1943 deltok han sammen med Harald Svindseth og Nils Fjeld i operasjon Vestige I, et forsøk på skipssabotasje ved havna i Svelgen. Limpets ble festet på frakteskipet «Hartmut», men gikk av før tiden slik at skipet kunne settes på land. Fra høsten 1944 ledet Ulstein oppbyggingen av Milorg-gruppen Siskin i Sogn.

Journalist og krigshistoriker

Hans militære karriere fortsatte etter krigen, først i Tysklandsbrigaden. Han var medforfatter av bokverket Kompani Linge (1948).
Ulsteins journalistliv startet i Filmavisen, og fortsatte fra 1954 i Bergens Tidende og Sunnmørsposten. Som journalist fikk han Hirschfeldtprisen for sin innsats for krigsfanger og krigsinvalide.
Som krigshistoriker vil han særlig bli husket for verkene Englandsfarten (2 bind, 1965-67), Svensketrafikken (3 bind, 1974-77) og Etterretningstjenesten i Norge 1940-45 (3 bind, 1989-92). For ham personlig var det kanskje like viktig å skrive den omfattende skildringen fra hjembygda: Lagunen og stormen : Ulstein – bygd i Europa 1940-45 (1999). Han har skrevet flere bøker, også to romaner, og noen lokalhistoriske bøker om bank, avis og samferdsel.

Les også

-
-
-
-
-
-

Les også