Gjesteskribent

Av Ragnar Ulstein

Det er blitt debatt etter tapet av fire umistelege soldatar i Afghanistan.
Då kjem eg kjem i hug ei minnegudsteneste langt bak i tid – i august 1941 i den norske
sjømannskyrkja i London. Kyrkja var fullsett av ungdom mest frå marinen. Eg gløymer aldri synet av alle blåkravane, desse unge på same alder som meg sjølv. Mange av dei gjekk på Marinens rekruttskole, og var reist opp til London for å vere med på minnegudstenesta.

Norge og våre allierte hadde lenge lide store tap til sjøs. Konvoi etter konvoi på veg frå
amerikansk til britisk hamn med livsviktige forsyningar var blitt offer for usynlege ubåtar. Der var desperat mangel på eskorteskip. I periodar kunne ubåtane herje mest som dei ville.

Situasjonen kunne ta motet frå mange. Der var fåre for at Hitler ville vinne krigen. Tyskland hadde året før lagt Europa under seg og jaga britane våpenlause over Kanalen. Den norske regjeringa i London hadde ei tid hatt evakueringsplanar klare for å reise til Kanada. Kven kunne på objektivt grunnlag tru at krigen mot Hitler kunne vinnast? Svenskane gjorde ikkje det, mange nordmenn heller ikkje. Dei heldt seg utafor, til etter slaget ved Stalingrad vinteren 1942/43.

Norge hadde tidleg 1941 overtatt tre av 50 amerikanske jagarar frå 1. verdskrig, som USA hadde gitt Storbritannia Dei vart i hovedsak sett inn i eskortetenesta på dei store hav rundt Storbritannia. Ein av dei nordmennene overtok var jagaren BATH. Endå det var svær mangel på unge nordmenn ute, hadde det lykkast å bemanne desse tre krigsfartøya.

I august 1941 eskorterte BATH ein konvoi i havet vest for Irland. Den fekk i sikte ein ubåt på kloss hold, Sjefen på BATH vreid roret hardt om og forsøkte å ramme ubåten. For seint. Den hadde alt sendt to torpedoar mot BATH. Dei råka midtskips. BATH gjekk raskt ned. 83 av mannskapet omkom, blant dei skipssjefen.

Nå fylte vi sjømannskirka alle vi unge som hadde rømt ut for å slåst.. Stemninga frå den minnegudstenesta sit ennå i meg. Her var vi for å ære dei falne, og det var ei høgtidleg stund.

Ingen syntes å forstå dette betre enn presten, og vi forsto hans bodskap, vi var her for å berge noko som var større enn oss, større enn fedrelandet, men på underleg vis også var fedrelandet.

Eg riv meg ut av dette minnet om ei av dei store stunder i livet, når naud lærer folk kva
som er stort og lærer folk å ro saman. Og eg kjem på nytt i hug at det er reist ein «debatt» om norsk nærvær i Afghanistan. Kor underleg! Tapet i august 1941 av 83 unge nordmenn og tapet av det uerstattelege krigsskipet, og den nesten håplause kampen i Atlanterhavet og på alle andre frontar, hadde gitt oss alle ei sterk kjensle av hast, til å gå INN i krigen.

Men i dag, i krigen mot Hitlers likemenn i Afghanistan, fører tapet av fire soldatar til at det blir reist ein debatt, som i klart språk betyr at Norge må UT av kampen. Før dei fire umistelege falne er gravlagde reiser ein «debatten» om kampen dei var med i var rett og nødvendig. Så skamdjervt.

Spør tusenvis av pårørande i New York, spør endå fleire pårørande til Talibans offer i
Afghanistan. Spør alle verdas vaktarar mot terrorismen i vår tid. Spør millionar av redde i mange deler av verda. Taliban skræmer tydeleg også i vårt land vetet av og dømmekrafta hos mange.

Dei 83 falne på BATH valda smerte og vart til inspirasjon! – Dei vart ikkje brukte, slik
som dei fire døde på slagmarka i Afghanistan nå blir. Allierte sivile kommentatorar, si tids fremste ekspertar, brukte ikkje britane sine tap og nederlag til å sette krigen mot Hitler under ny debatt, den som Hitler avbraut då han hausten 1940 gjekk laus på Polen. Liksom Al Qaida avbraut debatten med slaget mot New York 11. september 2001.

2. verdskrig verka i kriseåra 1940-41 umogeleg å vinne. Men ingen retrett kom på tale, ingen debatt. Ein krig som objektivt sett var ein håplaus kamp, vart vunnen. Dei som kanskje hadde tvilt var ansvarlege menneske som forsto at tvil og usemje ville styrke fienden. Dei heldt munn.

Skulle allierte styrkars skiftande lykke på slagmarka blitt utnytta slik som for eksempel sjefen for Norsk utenrikspolitisk Institutt, Jan Egeland, og fleire andre gamle US-kritikarar gjer, når det gjeld Afghanistan, ville truleg Hitler ha vunne krigen.

Ragnar Ulstein

Les også

-
-
-
-
-
-
-

Les også