Av Ragnar Ulstein
Lenge har den vore sungen kvar morgon ved opninga av NRK’s første sending. I vår tid, med dagens hissige puls har den milde fanfaren ved morgongry virka som eit fast punkt for alt som dagen kan føre med seg av vondt, av trivielt og av godt i og utafor radio og TV. Denne songen bli nå kanskje sløyfa i morgonsendinga. For godt. Mange morgonfuglar iblant oss vil sørgje over det. Har NRK verkeleg har tenkt å sløyfe Fedrelandssalmen?
Den er utgått på dato, forklarar NRK’s talsmann, den høver ikkje i eit multikulturelt samfunn.
Sist Norge hadde eit sterkt innslag av framande, og var undertrykt av framande vart fedrelandssalmen heilag for dei fleste nordmenn og eit styrkebelte for mange.
Nå har vi fått inn i landet ein minoritet som denne salmen ikkje er heilag for. Det er lett å forstå. Folk som kjem hit frå andre fedreland kan ein ikkje vente vil kjenne og på kort tid bli grepne av vår norske fedrearv. Det tar tid å tileigne seg dei kulturverdiar fedrene og mødrene har bore fram over mange slektledd. Men dei som vil tileigne seg sitt nye heimlands kultur, vil greie det! Som Ibsen seier, – ”det er viljen som teller”.
Der er eit men: I denne minoriteten av innvandrarar er muslimane ei stor gruppe. Og i denne finst ein kjerne av islamistar som vil ha bort både denne salmen og dei verdiane den står for. Målet dei har, som ikkje kan vere ukjent for NRK, er gradvis å svekke det opphavleg norske, og fylle tomromet etter det med islamsk religion og kultur.
Det må kome som ei gåve til denne kjernen i islam, når den ansvarlege i NRK, før islamistane ber om det, fjernar nordmenns fedrelandssalme i det største av alle media, vårt eige NRK.
Er Fedrelandssalmen utgått på dato?
Kan arvesølv gå ut på dato? Ved frigjeringa av landet i mai 1945 song eit samla folk frå tusentals grender og tettstader og i alle byar i glede og tårer denne salmen. Ved avdukinga av hundretals minnesteinar i 1940-50-åra over våre falne song folk denne salmen. Ved kvar høgtid over falne er den sidan blitt sungen over dei ti tusen landsmenn som gav sine liv for fedrelandet og for dei langt fleire med livsvarige sår i same teneste.
Ein slik song er Fedrelandssalmen.
Under Haldningskampen i okkupasjonstida vart den sungen i stuvfulle kyrkjer. Ein veldig skare song den framfor Nidarosdomens stengde dør i 1942. Det var det året då åndskampen mot nazismen i Norge nådde eit klimaks og vart vunnen. Salmen er fredens sigersalme. Den har lydt over land og hav på fredsdagen, 8. mai, på kvar 17.mai’s morgon. For mange er Fedrelandssalmen og Nasjonalsongen alt dei treng for nasjonaldagen. Her blir det aktuelle og det varige sunge inn i folket.
NRK er ungt og sterkt. Det vil kanskje snart miste sin glans og si makt i den teknologiske storm som går over jorda… Men salmen vil leve i folket så lenge som folket lever. Ennå er NRK vårt viktigaste medium. NRK har makt, og makt gir i blant overmot. At NRK vågar røyve Fedrelandssalmen, jamvel vågar å seie at den er utgått på dato, er forresten ikkje berre teikn på overmot retta i mot den veldige majoritet som er glad i salmen, men det viser også mangel på mot. Her bøyer dei seg for ein fiende av salmen og alt den står for og gjer det i multikulturens namn. Er det alvor? Bøyer ein seg for islamismen, terrorens kultur, som Norge fører krig i mot?
Ikkje så få nordmenn stiller seg kritisk, eller avvisande til kristne salmar. Det er ukjent for meg at dei har protestert mot Fedrelandssalmen.
Den har ei samlande kraft, som også dei kritiske til kristendomen ser verdien av. Den er sungen inn i folket. Diktaren, nordlendingen Elias Blix, var ein av nasjonsbyggarane i det nittande århundre. Med denne salmen og dei 200 andre han dikta la han steinar til byggverket, det nye Norge. Den steinen kan som andre steinar i byggverket rivast bort. NRK har i denne og i mange andre samanhengar vist at det kan ofra så mangt på multikulturens alter, men røyv ikkje byggesteinane!