Sakset/Fra hofta

Lege Per Steinar Runde har skrevet en oversiktsartikkel om innvandring på verdidebatt.no, som kan gi noen og enhver den store skjelven, spesielt de som er ivrige forsvarere av innvandring.

Runde understreker at han ikke har noe mot innvandring, og spesielt ikke den enkelte innvandrer, men det forhindrer ikke at man må våge å se på konsekvensene av hvor mange det blir over tid.

Ingen vil gi bort landet sitt, men det er i realiteten det som skjer, og ganske fort. Runde fremfører dette budskapet på en likefrem, enkel og ikke-polemisk måte. Han har undersøkt tingene, og han tør å tenke høyt om det han finner. Det passer særs dårlig inn i det offisielle bildet. Men skulle man ikke si det av den grunn? Mange har begynt å oppdage at vi ikke snakker om et rikere fellesskap, men om et helt annerledes fellesskap, hvor nordmenn blir i mindretall. Man må gjerne forsøke seg med at alle som er i Norge er nordmenn, men det er ingen som for alvor biter på denne retorikken. Runde kaller den et narrespill.

Siste bolken er den sterkeste.

Demografi og fellesskap

Det multikulturelle samfunn, også kalla ”det fargerike fellesskap” er ein floskel. Sjølv sentrale europeiske politikarar, som den tyske kanslaren Merkel, den franske presidenten Sarkozy og den engelske statsministeren Cameron har no sagt at multikulturen er ein fiasko. Og også somme her til lands byrjar å foss-ro og hevdar at dette har dei då aldri gått inn for.

Mangel på tillit og samhald trugar med å balkanisere befolkninga og fragmentere samfunnet vårt.

Nasjonalstaten er eit nødvendig vilkår for velferdsstaten, seier professor i sosiologi, Sigurd Skirbekk. Ingen multietniske og multikulturelle statar har greidd å etablere eller halde på slike solidariske ordningar.

Historia har vist at slike statar også er sterkt utsette for indre konfliktar. Stabilitet blir det først når statsgrenser følgjer nasjonalitetsprinsippet, og dei multietniske og –kulturelle statseiningar blir oppløyste. Det gjaldt for Dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn, Sovjetunionen og Jugoslavia, og ser ut til å vere tilfelle i dag for Den russiske føderasjonen, Nigeria og Sudan. Og sjølv mindre skilnader ser ut til å gjere samarbeid vanskeleg, slik ein ser det i Storbritannia og endå meir i Belgia og Spania.

Herre i eige hus? Eg vil først understreke at det finst svært mange kjekke innvandrarar, og dei aller fleste er sjølvsagt vanlege personar som du og eg. Dei ønskjer eit bra liv for seg og sine, respekterer lovene og vil leve i fred. Men etter som den demografiske balansen gradvis tippar i vår disfavør, misser vi likevel råderetten over eige land.

Korleis framtida vil bli, ser vi på barna, på generasjonen som veks opp. Over 40% av skulebarna i Oslo har i dag innvandrarbakgrunn, og andelen veks med 1 prosentpoeng i året. Om ti år vil innvandrarbarn vere i fleirtal i Oslo-skulen, og seinast om 20 år vil fleirtalet i heile Oslo-befolkninga ha innvandrarbakgrunn. Britane kjempa for London i 1940 og russarane for Moskva året etter, for hovudstaden gjev ein ikkje frå seg frivillig. Vi hadde ikkje middel til forsvar av Oslo i 1940, og etter krigen var parolen ”aldri meir ein 9. april”. Med førti års forsvar av innvandring i staden for forsvar av landet, kan verken styresmakter eller media seie at dei denne gongen vart tatt på senga.

Forsvarstiltaka har vore prega av ”too little, too late”, akkurat som i 30-åra.

Demografiske omsyn åleine bør vere god nok grunn til å få kontroll med innvandringa. Sjølv med langt strengare tiltak enn i dag, er vi ikkje sikra sjølvstyre i framtida. Vi har alt sleppt inn for mange.

Det er ikkje eitt einaste av dei landa vi tek i mot innvandrarar frå som ville godtatt så stor innvandring til sitt land. Utlendingslærar i 27 år, Olaf B. Halvorsen sa det slik til A-magasinet 26. februar i fjor: ”Alle synes det er morsomt at det nå er så mange nasjonaliteter i Oslo-skolen, men jeg har ennå ikke møtt en pakistansk elev som mener at masseinnvandring av folk med andre religioner ville vært en berikelse for Pakistan.”

Eg kjem frå fugleøya Runde, der ornitologane følgjer dei ulike bestandane med argusauga, og blir sterkt bekymra når ein bestand minkar. Og WWF og mange miljøaktivistar kjempar for rovdyrbestandane, sjølv med all liding rovdyra påfører husdyra våre. Men ingen ser verneverdien i bestanden av oss etniske nordmenn og vår kultur. I staden blir det ført ein veritabel kamp for at store folkeslag, som frå før tel ti- eller hundretals millionar og har ukontrollert vekst, skal kunne kolonisere landet vårt og gradvis kunne fortrengje vår vesle gruppe, som har budd her i tusentals år.

Menneskerettane må difor omskrivast slik at dei gjev vern, ikkje berre for truga individ, men også for truga etniske grupper og kulturar.

Runde gir her uttrykk for tanker og følelser som deles av svært mange.

I debattrunden som følger, blir han spurt om han ikke også burde tatt med de positive følgene av invandringen. De finnes, men pakistanere kommer ikke til Norge for å berike Norge, de tar heller ikke høyere utdanning for å gi et farverikt fellesskap, men av egeninteresse. Fremstillingen av samfunnet er for sukkersøt, og egentlig har nykommernes yrkesvalg ingenting med det avgjørende spørsmål å gjøre – for nordmenn – om hva som skjer når de blir i mindretall. Vil de det? Slik situasjonen er idag har man ikke lov til å si dette høyt, selv om det er fakta og kan dokumenteres. Men hvordan vil folket reagere den dagen de oppdager at dette er blitt underslått og at de regelrett er blitt lurt? For folk bryr seg om landet sitt. Faktisk. Runde avslutter:

Men sjølv om det store fleirtal av nye medborgarar er skikkelege og bra menneske (med gode og litt mindre gode sider, som alle oss andre), så er eg sterkt i mot ei utvikling mot eit fleirtal av innvandrarar i landet vårt. Kanskje er du og dei fleste andre også det, men då må ein også vilje tiltaka som trengst for å unngå å kome i ein slik situasjon. Får utviklinga gå sin gang litt til, passerer vi snart «the point of no return». Kanskje har innvandringa alt nådd dette vendepunktet, fordi det er ein sjølvforsterkande prosess. Til fleire som får opphald, til fleire nye vil kome, både som asylsøkjarar og ved familieinnvandring. Dette ser ein også på innvandrargrafen, som stig som ein eksponentialfunksjon. For om muleg å hindre ei slik utvikling, vel eg å halde fram dei negative følgjene av innvandring, sjølv om det inneber ei gruppevurdering som blir feil og følest urettferdig for mange. Viktigaste argumentet for meg er likevel det eg skriv til slutt i innlegget mitt. Det kan ikkje vere rett å gje så mange utlendingar rett til opphald i landet vårt at vi sjølve misser vår arverett til det same landet. Vi må ha folkestyre og bør ikkje la oss diktere av ei lita gruppe internasjonale juristar; jmfr denne artikkelen.

Innvandring – ei oversikt

Les også

-
-
-