Mange somaliere i Ravnkloa i Trondheim, kanskje fordi det er en somalisk moske rett rundt hjørnet – uten skilting, i et av de gamle trehusene fra 1800-tallet. Innvandrere med hijab og islamsk påkledning begynner å bli et vanlig syn i Trondheim sentrum. Foto: Bente Haarstad.

Viss nokon påstår at styresmaktene med vitande og vilje prøver å erstatte innfødde nordmenn med utlendingar, må dei ha fått ein trollsplint i auget. Men derimot finst det mange statsstøtta interesse­organisasjonar og politiske parti som arbeider for ein mest mogleg liberal asyl- og innvandrings­politikk.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at dei har lykkast svært godt. Ved siste årsskifte var talet på innvandrarar 877.200 og deira norskfødde barn 213.800; til saman 1.091.000. Berre siste ti åra har talet på desse to gruppene auka med 284.500, dvs. nær 30.000 per år. Andre­generasjons innvandrarar er ikkje rekna med, sjølv om fleirtalet av dei har vakse opp i innvandrar­gettoar i større norske byar, der sosial integrasjon fell vanskeleg eller ikkje er ønskt av foreldra.

Norske styresmakter prøver å støtte og oppmuntre ikkje-vestlege kvinner til skulegang og til å studere, og dels tvinge dei ved å avgrense overgangs- og all annan kontant­støtte ved fødslar. Sidan alle grupper må behandlast likt, har dette ført til stadig aukande alder på førstegongs­fødande og med det også til lågare fertilitet. Det samla fertilitets­talet har difor falle gradvis og sette i fjor ny botnrekord med 1,41 barn per kvinne i fertil alder. Dette er berre to tredelar av det som trengst for å halde befolkninga på stabilt nivå.

Avdelings­leiar ved kvinne­klinikken på Akershus universitets­sjukehus, Anne Eskild, har difor i mange år argumentert for at stønaden ved fødslar bør vere den same uavhengig av alderen og kor langt den fødande har kome i utdanninga si. Kvinner bør få sitt første barn seinast i 20-åra, når risikoen for komplikasjonar er minst.

Eskild har rett, men følgjer vi rådet hennar, må vi også stoppe innvandringa frå land der befolkninga veks ukontrollert. Dette gjeld m.a. Somalia, der befolkninga har auka frå 2,4 mill. til 17 mill. i perioden frå 1950 til 2021. I same periode har folketalet i Syria gått opp frå 3,5 mill. til 21 mill. (pluss 3 mill. krigs­flyktningar i nabolanda); i Irak frå 5 mill. til 42 mill., i Afghanistan frå 8 mill. til 37 mill., i Iran frå 16 mill. til 85 mill. og i Pakistan frå 40 mill. til 214 mill.

Årsaka er ikkje berre store barneflokkar, men også kort tid mellom kvar generasjon, fordi kvinnene i desse muslimske landa får dei fleste barna sine når dei sjølve er mellom 15 og 30 år gamle. Kvart land må ta ansvar for eigne borgarar og for konsekvensen av eigen politikk og kultur, inklusive tilgang på og aksept for prevensjon. Auka folketal kan ikkje vere gyldig grunn til å eksportere ein del av befolknings­overskotet til andre land og såleis gradvis underleggje seg desse.

Ikkje berre i Noreg, men i heile Vest-Europa vil den opphavlege befolkninga bli ein etnisk minoritet i sine respektive heimland før neste hundreårs­skifte. Det er ei logisk og nødvendig følgje av vedtaka om asyl­innvandring som europeiske nasjonal­forsamlingar har gjort. Alle som har eit minimum av kjennskap til demografiske fakta og meistrar enkel samfunns­rekning, kan finne ut dette sjølve.

Det vil sjølvsagt ikkje gå med oss som med den opphavlege befolkninga i Amerika, for 90 % av dei vi kalla «indianarar», døydde av koppar og andre alvorlege infeksjons­sjukdomar som dei ikkje hadde immunitet mot. Men berre dei neste tretti åra vil to millionar nordmenn døy etter ei normal livslengd, og dei vil i stor grad bli erstatta av folk frå islamske land og deira etterkomarar.

Tilsvarande eller større utskifting går føre seg i alle vest­europeiske land, som Sverige, Danmark, Belgia, Nederland, Storbritannia (no med indisk statsminister og pakistansk førsteminister i Skottland!), Tyskland, Frankrike, Spania og Italia. Sosiologi­professor Sigurd Skirbekk skriv i sitt hovudverk at kva som er tabu, seier mest om eit samfunn.

I Tyskland vart iallfall samfunns­økonomen og sosial­demokraten Thilo Sarrazin, som også sat i styret for Bundesbank, nærast over natta frosen ut då han i 2010 gav ut boka «Tyskland avskaffar seg sjølv»; noko som faktisk er sant. I 2016 las eg i Frankfurter Allgemeine Zeitung at sjølv før asylflaumen i 2015 hadde 60 % av barna i Frankfurt, Köln og München innvandrar­bakgrunn, og det same var tilfellet for 50 % av alle barna i delstatane Hessen og Baden-Württemberg. Berre ved total endring av innvandrings­politikken kan vi hindre at Vest-Europa blir slavebunde under islam.

I staden for å sverme for den splittande multi­kulturalismen, bør vi samle oss i Paris-erklæringa om «Eit Europa vi kan tru på», som ei rekkje konservative akademikarar og intellektuelle formulerte i 2017. Erklæringa handlar om samarbeid mellom sjølvstendige europeiske nasjonalstatar, som har (hatt) kristendommen felles.

Noreg var der representert ved professor Janne Haaland Matlary. Mannen hennar er frå Ungarn, som etter 2. verdskrigen vart pålagt eit kommunistisk diktatur og i 1956 igjen vart invadert då ungarske patriotar prøvde seg på ei viss liberalisering. Men då eg sjølv var i Ungarn i 2010, var det eit kollektivt medvit om det ottomansk-muslimske hardstyret i sein­middelalderen som slo meg. Forståeleg nok, sidan dette varte fire gonger så lenge som kommunismen og innebar m.a. plikt til å overgje småjenter til sultanens harem og smågutar til janitsjar­korpset, sultanens livvakt, ei elite­avdeling som så vart sett inn i kampen mot sine eigne folkeslag i Søraust-Europa.

Aust-Europa har lært av historia og ønskjer ingen ny invasjon. I vest er vi som vanleg nokså naive, og ingen er meir truskuldige og lettlurte enn vi blåøygde skandinavane.

 

 

Kjøp «Et vaklende Europa» av Carl Schiøtz Wibye her!

 

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.