Einslege mindreårige migrantar på veg ombord i eit fly til fastlandet etter brannen i Moria-leiren. Foto: Elias Marcou / Reuters / NTB scanpix

Kostnadane ved mottak av flyktningar i kommunane burde bli tatt av kommunane sjølve – då trur eg ordførarane ville tenkt seg om. Brochmann-utvalet (2012) rekna ut at kvar ikkje-vestleg innvandrar kostar staten 8 millionar gjennom livet. Talet er truleg høgare no. Sidan 2012 har vi tatt inn om lag 165.000. Dette blir ein livsløpskostnad på 1.300 milliardar kroner. I 2017 gjekk 56 prosent av sosialhjelpsutbetalingane i Noreg til innvandrarar, i hovudsak frå Afrika og Asia (SSB). Halvparten av kvinnene blir trygdemottakarar (Aftenposten.). Etter 5–10 år i landet går yrkesdeltakinga ned, og ikkje opp, slik ein hadde håpa (Frischsenteret 2017).

Migrasjonskrisa kan ikkje løysast på denne måten. Desse pengane kunne kanskje heller blitt brukt til å bygge opp att Moria-leiren for alle dei 13.000, og til mykje anna.

Asylinstituttet var aldri meint for dette. Dei fleste i Moria, til dømes, er migrantar frå Afghanistan. Der har folketalet auka frå 8 millionar i 1950 til 37 millionar i dag, og veksten held fram. Folketalet er venta å bli 64 millionar i 2050. Ein liknande vekst skjer i Afrika sør for Sahara.

Dette er godt nytt for organisert kriminalitet. Menneskesmuglarar tente mellom 40–50 milliardar kroner i 2015 (Frontex). Berre å krysse havet frå Tyrkia til Hellas kostar rundt kroner 10.000. Dette er difor ikkje dei fattigaste, langt i frå. Dette er business. Sjølv BBC kallar dei migrantar, og ikkje flyktningar.

Integreringa i Norge av innvandrarar spesielt frå Afrika og Asia fungerer dessutan ikkje godt. Berre ein prosent av dei spurde (IMDI) meiner integreringa går «meget bra», og berre 19% meiner det går «ganske bra». I 2019 var det 47% som meinte det gjekk ganske dårleg eller «meget dårlig» – ein 10% auke sidan 2005.

«Integrering» betyr at innvandrarar har det om lag som vertsbefolkninga: Dei er om lag like mykje i arbeid, tener om lag det same, fullfører utdanning på liknande måte, snakkar og skriv godt norsk, gifter seg gjerne på tvers av etniske grupper, les og ser om lag dei same TV-programma og avisene, og ikkje minst at dei er rimeleg lojale mot vår konstitusjon og våre verdiar, som til dømes toleranse, likestilling og ytringsfridom (har kan du google Paul Collier og Ruud Koopmans).

Det hjelper lite at det finst mange strålande døme på velfungerande integrerte innvandrarar når det er store grupper som lever i parallelle samfunn og der klanmentalitet og mafiøse nettverk veks.

Eit blikk på Sverige burde får det til å gå kaldt nedover ryggen på oss.

Det er paradoksalt at partia på venstresida som ønskjer seg meir velferd og meir omfordeling, også ønskjer seg stadig meir kostbar innvandring. Ikkje berre går vi tom for pengar, men folks vilje til å bidra med skatt og avgifter blir truleg svekka.

Dette er populisme, eit kortsiktig spel med kjensler.

Immigrasjonspolitikken i Europa er i djup krise. Vi må sjølvsagt ha eit moralsk fundament for politikken vår, men dette treng ikkje bety at vi skal hente inn migrantar slik vi har gjort. Eit moralsk fundament må være breiare: Vi har ansvar for å forvalte vårt eige land, vi har ansvar for vore eigne born og etterkomarar. Så har vi ein moralsk plikt til å hjelpe, men vi har ingen slik moralsk plikt for økonomiske migrantar. Og dei andre, dei som flyktar frå krig og naud, bør ein hjelpe mest mogleg rasjonelt, noko som ofte betyr å gjere dette der dei bur, eller så nær som mogleg.

Det er ironisk, for innan velstand, helse og økonomi ser vi radikal framgang over heile verda (FN 2015). I utviklingsland levde om lag halvparten i ekstrem fattigdom i 1990. I 2015 var det 14%. Innan 2030 meiner mange ekstrem fattigdom blir utrydda. Talet på menneske som no er del av middelklassa, er om lag tredobla i same perioden. Analfabetisme er nesten utrydda. Barnedødelegheit har gått kraftig tilbake. Slik kan ein halde fram. Eitt område utviklinga går feil veg, er innan befolkningsveksten. Denne vil flate ut, men om 80 år.

Medan utviklingslanda difor blir meir og meir bærekraftige på stadig fleire område – går det andre vegen for dei fleste europeiske land, og innvandringa er ei sentral årsak.

 

Bestill Douglas Murrays bok “Europas underlige død” fra Document Forlag her!

Kjøp Alexander Graus “Hypermoral” fra Document Forlag her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.