Kommentar

Bildet: Flyktningleiren Al Zaatari i Jordan på grensen til Syria, 20 januar 2016. Foto: Muhammad Hamed/Reuters/Scanpix

Media har gitt svært einsidig informasjon om dagens folkevandringar. Mest all merksemd og omtanke er gitt personar og grupper som er på veg til eller nyst har etablert seg i eit vestleg land. Verken journalistar eller forskarar har brydd seg særleg om kva følgjer migrasjonen får for landa folk reiser frå eller kjem til. Eit heiderleg unntak er Paul Collier, som i 2013 gav ut boka «Exodus». Christian Skaug skreiv om boka her på Document same året og tok oss hausten 2016 med på ein grundig gjennomgang av dei seks viktigaste kapitla: I, II, III, IV, VI og VI. Eitt av poenga til Collier var at betre økonomi i afrikanske land paradoksalt nok kan gje auka emigrasjon, fordi fleire då får råd til å reise.

I fjor kom Collier med ei ny bok, «Refuge. Rethinking Refugee Policy in a Changing World», som vart omtalt av Skaug under overskrifta Europa bør slutte å ta imot flyktninger. Andre tek boka til inntekt for stikk motsett syn. Årsaka til dette er kanskje at boka «Beskyttelse» handlar berre om flyktningar og at Collier har skrive ho saman med Alexander Betts, leiar for flyktningstudiar ved Universitetet i Oxford. Dei vart inviterte som rådgjevarar til Jordan under krisa i 2015, og arbeidde der tett på representanten for FNs høgkommissær for flyktningar. Boka byggjer såleis på erfaringane deira frå Jordan og ei felles forståing som dei har diskutert seg fram til. Målet deira er ikkje å foreslå idealistiske, men praktiske og realistiske løysingar. Men det er eit stort spørsmål om dei har lykkast på dette punktet.

Vi høyrer ofte om dei sytti millionar flyktningane i verda i dag, men forfattarane av denne boka avgrensar korrekt nok flyktningar til dei som har kryssa ei landegrense. Då blir talet brått ‘berre’ 21 millionar, sjølv om dei inkluderer fem millionar palestinarar, dvs andre, tredje og fjerde generasjons etterkomarane av sjudelen som rømde for sytti år sidan!

Collier og Betts understrekar sterkt at vi har eit moralsk ansvar for å hjelpe flyktningar. Dei samanliknar det med vår plikt til å redde eit barn som fell i ein dam der vi står. No kan det diskuterast om folk i nordeuropeiske land stod nærast til for å hjelpe folk frå Syria, men rimeleg nok er det først og fremst økonomisk hjelp forfattarane etterlyser frå vestlege land og frå dei rike gulfstatane. Mangel på slik hjelp i tide ser dei som hovudårsaka til flyktningstraumen frå Midtausten i 2015, som vart supplert av mest like mange mindre trengande emigrantar frå Afrika og Asia.

Hovudmålet for flyktningpolitikken dei foreslår er repatriering etter avslutning av krigen som folk rømde frå. Dei stiller likevel spørsmål om kor lenge flyktningar skal vente på at ein konflikt tek slutt, og antyder at etter 5-10 år bør folk få busetje seg ein stad for godt. Slik sett er dei strengare enn fleirtalet i vårt eige Storting, som i fjor gjekk mot framlegget frå regjeringa og bestemte at etter tre års lovleg opphald skal alle med asyl få varig opphaldsløyve, som før.

Forfattarane legg vekt på at flyktningar ikkje bør bli passiviserte i ein flyktningleir, men så langt råd er bli integrerte i arbeidslivet og økonomien i landa dei er komne til, slik det alt delvis skjer mange stader, men då illegalt. Alt anna er sløsing med tid, ressursar og arbeidskraft og i tillegg hindrar det at folk utviklar eller held ved like kunnskap og kompetanse som trengst så sårt ved retur til heimlandet etter ein krig. Slike løysingar krev likevel rikeleg med hjelp utanfrå og mykje velvilje frå vertslanda, noko som sit langt inne og derfor truleg er urealistisk.

Collier og Betts meiner vi gjer krigsråka land ei bjørneteneste ved å ta i mot unge, velutdanna og ressurssterke menn, som desse landa er heilt avhengige av når bygningar, samfunn og økonomi skal byggjast opp att etter ein konflikt. Basert på spørjeundersøkingar frå Tyskland skriv dei at flukt til Europa har tappa Syria for halvparten av den universitetsutdanna befolkninga. Overslaget er nok i høgste laget, men uansett vil kompetansen kome meir til sin rett i eit land der du er kjend med kulturen, meistrar språket og behova er store enn der du er framand, språklaus og få har bruk for deg.

Boka «Beskyttelse» inneheld såleis mange gode og rette tankar, men somme av dei er knapt mogleg å gjennomføre i praksis. Det finst ikkje noko ‘verdssamfunn’ som har makt og vilje til å tvinge dei gjennom. Også på eit anna punkt er boka svak. Forfattarane nemner fleire årsaker til at mange statar no er skjøre og i ferd med å bryte saman av indre konflikt, m.a. stammeidentitet i staden for nasjonalkjensle, sjølvfinansierande opprørsgrupper og islamistisk ekstremisme. Men dei utelet ei årsak som truleg er like viktig, nemleg enorm befolkningsauke i frå før fattige land. Og det kan iallfall ikkje folk utanfrå gjere noko med. Både i Sør- og Mellom-Amerika, i Afrika, Midtausten og Vest-Asia må innbyggjarane sjølve forstå at store barneflokkar ikkje er nødvendige når dei aller fleste barna lever opp. På motsett vis bør vi i Vesten forstå at vi må ta ansvar for reproduksjon av eiga befolkning skal kulturen og samfunna våre vere liv laga.

 

 
 

Kjøp Jean Raspails «De helliges leir» fra Document Forlag her.