Sakset/Fra hofta

Bildet: Amnesty-demonstrasjon for flyktninger utenfor Parlamentet i London 17. september 2016. Foto: Peter Nicholls/Reuters/Scanpix.

Amnesty har hatt eit godt rykte som forkjempar for menneskerettar og politiske fangar i alle land. Men i takt med at den norske avdelinga har arbeidd stadig meir for å få fleire ‘flyktningar’ til Noreg, har iallfall mi begeistring kjølna ein god del.

Måndag, 21. mars, inviterte lokalavdelingane i nabokommunane Ulstein og Hareid til eit ope møte, der m.a. styreleiar i Amnesty Norge, Kjetil Haanes, skulle ta del. Han vart konstituert i stillinga i 2015 og fast tilsett i fjor. Med allsidig erfaring, m.a. som styreleiar i Norsk Presseforbund, nestleiar i Norsk Journalistlag og styremedlem i Orkla, er han utan tvil godt kvalifisert for jobben. Haanes er frå Gjerdsvika i Sande kommune på Sunnmøre og starta sin journalistiske karriere i «Vestlandsnytt» her i Fosnavåg. No er han komen attende som lærar på asylmottaket for mindreårige og redaktør for næringslivsportalen NETT NO. Etter at lokalavisa intervjua meg om asyl og innvandring, skreiv han eit motinnlegg som eg svara på. Eg fór derfor på møtet for å høyre meir om korleis Amnesty såg på «situasjonen for flyktningar internasjonalt, nasjonalt og lokalt», slik temaet var formulert.

Med 130.000 medlemmer i Noreg og 7 millionar i alt, er Amnesty ein stor aktør i kampen for menneskerettar og no spesielt for dei 65 millionar personane som er på flukt. Haanes fortalde at han både som journalist og lærar hadde vore engasjert i hjelpearbeid for flyktningar heilt frå då tamilane og seinare kosovoalbanarane kom til landet. Han hadde også arbeidd for NOAS med utgjeving av bok om dei papirlause immigrantane. Dei mindreårige asylsøkjarane han no underviser, hadde vore svært motiverte og lærevillige til dei miste håpet om å få bli verande i Noreg då asylpolitikken vart innskjerpa og somme frå andre mottak vart sende attende til Afghanistan. Sidan i haust har ti av førti stukke av frå mottaket, og lærarane fungerer no meir som krisearbeidarar. Amnesty er difor svært kritisk til både prosedyren, kostnaden og tryggleiken ved alderstesting. Haanes har heller ikkje tillit til forsikringar om at det er trygt i Afghanistan. Det same sa dåverande justisminister Faremo om Kosovo på 1990-talet, og det var ikkje sant. Kosovoalbanarane fekk ikkje individuell oppfølging som dei vart lovd, og nokre av dei heimsende vart offer for krigen. «Også Faremo har blod på hendene», sa han.

Amnesty kritiserer også avtalen EU har gjort med Tyrkia. Den norske avdelinga foreslår no at vi i staden skal ta i mot ti tusen av dei flyktningane som er stranda i Hellas og Italia og behandle asylsøknaden deira her til lands, og i tillegg ta i mot fem hundre ekstra kvoteflyktningar. Dette bør vi gjere både i solidaritet med flyktningane sjølve og med dei landa som ber tyngste børa. I dag tek ti fattige land i mot 50% av alle flyktningane i verda. Vi bør derfor ikkje ha Europas strengaste flyktningpolitikk, men heller vere ein føregangsland.

Haanes viste også til Amnesty International Annual Report 2016/17, som tek for seg hatretorikk og vi/dei-haldningar. Ikkje sidan 1930-talet har slikt lydd like høgt, og vi veit kva det då førte til.

På møtet fekk også ein tamil fortelje om si reise frå Sri Lanka til Noreg for tretti år sidan, arrangert av ein ‘agent’. Ungdommen ‘Ali’ frå Afghanistan snakka så om si flyktningreise. Han var som foreldrelaust barn først hos ein streng onkel i heimlandet, men rømde så til Iran der han i fem år heldt seg så vidt i live ved eige arbeid, før same onkelen fann han att og finansierte reisa vidare til Noreg, viss eg forstod han rett. No hadde han igjen vore på rømmen, frå Hareid, men vart fange opp alt i Ålesund og overtalt til å kome attende av si ‘mor’ på mottaket. Etter fjorten månader i landet hadde han blitt kjend berre med to norske gutar og éi norsk jente.

Varaordførar Steinar Torvik (KrF) i Ulstein og ordførar Anders Riise (H) i Hareid hadde også ordet om «politiske og praktiske utfordringar» med mottak av flyktningar. Torvik la mest vekt på «vår plikt til å hjelpe folk som flykta frå krig og undertrykking». Han meinte også at det var viktig å «førebygge framandfrykt og motsetningar ved informasjon». Derfor bør media «unngå negative oppslag» og heller vise kva «gagn og glede» vi har av innvandrarane. Når vi sjølve har vakse opp i eit fredeleg demokrati, er det rimeleg å vere rause og hjelpsame mot dei som ikkje hadde vore like heldige. Han takka difor dei som alt var komne for å ha bidrege til eit ‘fargerikt fellesskap’.

Høgreordføraren frå Hareid var ikkje stort snauare: Vi måtte setje pris på ulikskap. Det er ein suksessfaktor, som lærer oss toleranse og gjer at lokalsamfunna trekkjer til seg kunnskapsrike personar. Medan mottak av flyktningar hadde ført til einskilde «stygge reaksjonar» tidlegare, fanst det no ingen kritiske røyster i kommunestyret, berre konkrete spørsmål om skulen og helsetenesta hadde god nok kapasitet for oppgåva. Hareid hadde gjort eit prinsippvedtak om heile tida å ha 50 personar i introduksjonsprogrammet; men har no auka talet til 65. Mottak av flyktningar meinte han var ein ‘dugnad’ folk og kommunen måtte stille opp på. Men han stilte også spørsmål om kor lenge ‘dugnaden’ ville vare, ikkje minst fordi arbeidsløysa i kommunen var på veg oppover. Likevel likte han å bli invitert til samkomer med spennande mat, og han meinte innvandrarane var ein ‘berikelse’ for bygdene våre, for ein trong dei både i samfunnet og arbeidslivet.

Leiarane for vaksenopplæringa i dei to kommunane, Lars Erling Hovlid og Trine Pilskog, la fram ein del fakta: Ulstein busette i fjor 47 flyktningar og har siste fem åra teke i mot 143, siste ti åra 250. Dei har i tillegg eit statleg mottak på 190 og eit mottak for EMA på 30, men det siste skal nedleggast. Samla sett er det nesten 1400 med utanlandsk bakgrunn busett i kommunen, som ved siste årsskifte hadde knapt 8500 innbyggjarar. Hovlid meinte at «slik endring i ‘DNA’ (‘arvestoffet’) opna for fantastiske muligheiter». Pilskog, som har budd fem år i USA og fem i Italia, syntest ho var heldig som fekk jobbe med desse menneska, som kom med eit tankesett og så mykje livsvisdom at det var fantastisk. I Hareid kommune hadde dei siste tida busett 40 personar, i hovudsak frå Syria og Eritrea.

Iselin Aske ved mottaket for EMA på Hareid sa ho likte jobben sin, men no var ho trøytt og lei fordi ho følte si profesjonelle rolle undervurdert av politikarar og UDI. Ho meinte aldersvurderingane dei gjorde ved mottaket, vart behandla som søppel og overstyrte av medisinske testar med feilmargin på 4-6 år. Ho var lei av å snakke, protestere, bli motarbeidd og ikkje teken omsyn til. Og ikkje minst var ho lei av at slike mottak blir framstilt som ein leirskule.

Inger Anne Dimmen frå Frivilligsentralen i Ulsteinvik snakka om kva ein ønskte av bygdefolket: At dei ville vise interesse for flyktningane, ‘sjå’ dei, prate med dei, hjelpe dei og lære dei korleis ting fungerer i Noreg.

Bjørg Vartdal Hareide har tilsvarande stilling i Hareid. Dei hadde der prøvd å slå følgje på «tjukkastur» og med strikkekafé mm. Men dei hadde erfart at medan flyktningar var interesserte i kontakt, var ikkje nordmenn like interesserte. For dei fleste nye i kommunen hadde det vore ein god dag viss dei hadde møtt éin nordmann som sa meir enn hei.

Til slutt las forfattar og tidlegare SV-politikar, Marie Lovise Widnes, sitt sterke maktkritiske antikrigsdikt, som kan lesast her.

Referatet er så pass omstendeleg fordi eg ville yte deltakarane rettferd og ikkje minst gje lesarane eit godt bilde av kva synspunkt som kom fram og kva synsvinklar som mangla. Ein ting som slo meg undervegs var at både Widnes og ordførar Riise skildra ei utvikling mot meir aksept av flyktningar og andre framandfolk siste tretti åra, medan interessa for kontakt med dei ser ut til å minke, i følgje det andre fortalde. Den første nyfikne og begeistring, alternativt sinne og motstand, kan såleis vere avløyst av generell likesæle eller frykt for å seie si meining.

Det er muleg at dei to politikarane ordla seg så einsidig positivt, og knapt nemnde mulege problem, fordi dei tilpassa innlegga sine til publikum. Amnesty sine kjernetroppar ser ut til å vere vaksne kvinner med rikeleg omsorgsevne i behald. På det personlege plan er det flott at kvinner jamt over har ei mjukare side enn menn, men hos ein del ser dette ut til å overstyre evna til å tenkje prinsipielt og langsiktig på samfunnsnivå. I flyktning- og innvandringsspørsmål fører det iallfall til at mange ikkje ser skogen for berre tre.

Ordførar Riise var likevel den einaste som tillet seg å tenkje aldri så lite framover, då han spurde kor lenge ‘dugnaden’ skal vare og viste til aukande arbeidsløyse. For som Collier har vist, så vil ein del innvandring frå eit land eller område berre skape endå meir i neste omgang, fordi dei første går opp stien og skaper ein diaspora, dvs eit bruhovud for andre. Det har vi sett m.a. for pakistanarar og somaliarar i vårt land. Og no gjentek det seg for folk frå Irak, Afghanistan, Syria, Eritrea og stendig fleire afrikanske land. Alt snakk om ‘dugnad’ tener difor berre til å kaste blår i auga på folk. Den underliggande befolkningseksplosjonen er det få som tør nemne, for ikkje å snakke om integrasjonsproblema knytt til innvandring frå muslimske land. Dessutan blir det teke for gitt at alle asylsøkjarar flyktar frå krig og undertrykking, dvs frå forhold diktet til Widnes beskriv. Det veit vi slett ikkje er tilfelle. Sjølv ein firedel av dei 21 millionar flyktningar UNHCR har ansvar for, er ikkje flyktningar, men palestinarar fødde og busette i Libanon og Jordan.

På dette ‘vekkelsesmøtet’ valde eg klokeleg å halde munn, men i lokalavisa svara eg følgjande på kritikken Haanes kom med der til synspunkta eg fremja i intervjuet:

Om ‘angrep’, den norske modellen og ‘universelle’ menneskerettar

Kjetil Haanes skuldar meg for «angrep på innvandrarar og for å setje svake grupper opp mot kvarandre». Dessutan meiner han «vi og dei-mentaliteten til trumpistar og listhaugianarar bidreg til å undergrave legitimiteten til dei universelle menneskerettane, kanskje det viktigaste og flottaste dokumentet som verdssamfunnet har vorte samd om».

Haanes seier ikkje kva i intervjuet med meg som var eit slikt ‘angrep’, men det er mest nærliggande å tru at det gjaldt at eg viste til kriminalstatistikken frå SSB og drosjejukset i Oslo. Eg meiner begge sakene seier noko om risikoen for at tilliten vi til no har nytt godt av, skal forvitre og bli erstatta med kontroll og overvaking. Dette har truleg vore problemstillinga også for forskarane i SSB og for journalistane Haakaas og Sæter i Aftenposten, som kollegaene til Haanes honorerte med SKUP-diplom i 2007. I staden for å ta seg dette ad notam, vel Haanes å rette skytset mot meg som bodberar. Med alt snakk om falske nyheiter, må eg få spørje om det er betre å sjå bort frå slike fakta enn å leggje dei til grunn for sine slutningar.

Tilsvarande er det med påstanden om «setje svake grupper opp mot kvarandre». Det var faktisk regjeringa Stoltenberg som i 2009 oppnemnde utvalet som skulle sjå på «Velferd og migrasjon. Den norske modellens framtid». Den såkalla ‘norske modellen’ inneber høg sysselsetjing, store skatteinntekter og rause velferdsordningar. Men den Ap-dominerte regjeringa var klar over at låg deltaking i arbeidslivet for fleire innvandrargrupper var eit aukande problem for finansieringa av velferdsstaten. Oppdaterte funn gjort av økonomane ved Frischsenteret, og refererte i ovannemnde rapport, var høgst uroande. For 48 år gamle menn var skilnaden i sysselsetjing mellom nordmenn og innvandrarar som kom frå 1975 til 2000, heile 31 prosentpoeng, for kvinner formidable 58 prosentpoeng. Sjeføkonom Jakobsen i NHO skreiv i 2006 (Horisont og Aftenposten) at eit fall i allmenn sysselsetjing på sju prosentpoeng tilsvarar verdien av oljefondet. Her er det i snitt snakk om seks gonger så mykje for ein aukande del av befolkninga.

Når det gjeld individuelle menneskerettar, har medvitet om dei gradvis vakse fram i vestlege land frå reformasjonen for fem hundre år sidan til 1948, då FNs verdserklæring om menneskerettar vart vedteken. Men ingen av dei 30 artiklane i erklæringa gjev folk rett til å flytte til det landet dei vil og krevje statsborgarskap der. Poenget med erklæringa var først og fremst å formulere dei sivile rettane alle menneske bør ha i sine respektive heimland, inkludert vern mot overgrep frå eigne styresmakter. Sjølv om alle medlemslanda i FN har skrive under på erklæringa, manglar det mykje på at menneskerettane blir handheva i mange av dei. I 1990 vedtok Organisasjonen for islamske statar (57 land) Kairo-erklæringa, der artiklane 24 og 25 slår fast at sharia-lovene (basert på muslimsk tradisjon) skal vere overordna alt som står i erklæringa frå FN. Verken Kina eller dei fleste afrikanske land er rettssamfunn etter vår standard. Både i den tidlegare Menneskerettskommisjonen til FN og i det noverande Menneskerettsrådet har mange av dei mest undertrykkjande regima i verda hatt sete og såleis skjemt ut både FN og sjølve saka. Ein kan difor ikkje seie at individuelle menneskerettar er allment godtekne.

Det er likevel ikkje fromme erklæringar som sikrar borgarane menneskerettar, men folkevalde styresmakter i land med ein moralsk og historisk tradisjon som rettsstatar. Tek individualismen vår derimot overhand, vil vestlege, liberale land tape i møte med kollektive kulturar. Det som i dag trugar stabiliteten i vår del av verda er difor ikkje at folk på nytt forstår verdien av nasjonalstaten, men tvert om draumen om ei grenselaus verd og manglande evne til å skilje mellom eigne landsmenn og utlendingar. Kor naivt dette er, såg vi for eitt år sidan. Straks dei ytre grensene for Schengen-området braut saman, innførde styresmaktene i eine landet etter det andre grensekontroll, og det gjaldt sjølv dei ekstremt innvandringsliberale regjeringane i Sverige og Tyskland. Det er grenser som definerer ein stat, og om nødvendig må dei tryggjast med politi, soldatar og fysiske stengsel.

 

 

 

 

Mest lest