image

Foto: Anders Beer Wilse fotograferte det gamle Norge. Blir dette Norge noe vi bare ser på bilder i fremtiden? Vil den nostalgi vi leser inn i Wilses bilder om få år blir noe vi leser inn i våre egne liv?

I juni kom SSB med ei ny framskriving av befolkninga. Opplysningar om kven og kor mange som kjem til å bu i Noreg fram mot neste hundreårsskifte burde vore hovudoppslag i alle medium og grundig drøfta, for dette er avgjerande for utviklinga på dei fleste samfunnsområde. I staden gir fjernsyn og aviser oss detaljar om drapssaker og andre døgnflugenyheiter, samt ein overdose av sport og lettbeint underhaldning.

På Document.no har derimot Christian Skaug skrive mange innsiktsfulle artiklar om dei demografiske endringane, m.a. i 2012 om det utanlandske innslaget i Noregs befolkning, i april 2016 om størrelsen og veksten av dei forskjellige innvandrargruppene, og kommentaren «Norges vei mot den tredje verden» då SSB la fram sine siste prognosar 21. juni.

ANNONSE

Også Rita Karlsen på HRS har skrive godt og grundig om rapporten frå SSB, først 22. juni under overskrifta «Vi bytter ut befolkningen i raskt tempo» og så 1.07. i artikkelen «SSB gir HRS rett, men ..».  Aftenposten hadde rett nok ein omtale 30. juni av dei nye framskrivingane til SSB, men journalisten ser ut til å tru det er likegyldig korleis befolkninga er samansett. Han stiller i alle fall Rita Karlsen dette spørsmålet: «Hvorfor er dere så opptatt av hvor mange som i fremtiden vil ha innvandringsbakgrunn i dette landet?»

Som det går fram av overskrifta, er målet mitt med denne artikkelen er å gi eit sannsynleg tidspunkt for når vi nordmenn blir ein minoritet i vårt eige land, viss SSB sine prognosar stemmer. For alt tyder på at politikarane vil velje seg eit nytt folk viss vi ikkje kjem dei i forkjøpet og vel oss nye politikarar.

 

Mellom 3,3 og 9,3 millionar fleire enn i dag, men 1 million færre nordmenn

Statistikarane meiner at Noreg mest sannsynleg vil ha 8,5 millionar innbyggjarar i år 2100. Dette er m.a. basert på ei nettoinnvandring på 26000, medan ho siste ti åra faktisk har vore på over 40000 i året, sjå figur 1 her. I ei alternativ framskriving har difor SSB rekna med at nettoinnvandringa først vil gå ned til 35000, men frå 2020 auke gradvis til eit nivå på 90000 per år i 2100. I så fall vert folketalet heile 14,5 millionar ved hundreårsskiftet. Det er verdt å merke seg at innvandrarane frå Aust-Europa uansett vil bli færre enn i dag, og at mest all ny innvandring vil kome frå ikkje-vestlege land. SSB seier derimot ikkje kor mange av desse 8,5 – 14,5 millionane som vil vere etterkomarar av dagens nordmenn, men gitt det vi veit om størrelsen på tidlegare årskull og noverande fertilitet, kan vi slå fast at dei iallfall vil bli éin million færre enn vi er i dag.

 

Kor mange nordmenn er vi no?

Ved siste årsskiftet var befolkninga i Noreg på 5,2 millionar, og 0,85 millionar var innvandrarar eller barn av to innvandrarforeldre. 3,9 millionar har ingen utanlandsfødde besteforeldre, og 0,45 millionar har berre ein viss innvandringsbakgrunn, t.d. at éin av foreldra er fødd utanlands. Er den andre forelderen etnisk norsk, blir også barna deira det. Dei aller fleste av desse 0,45 millionane må difor reknast som norske, slik at samla norsk befolkning per i dag er på 3,9 + 0,4 = 4,3 millionar.

 

Nær 600000 færre nordmenn på 30 år

Frå 1944 t.o.m. 1973 (30 årskull) vart det fødd 1926000 barn i Noreg, dvs 64200 i gjennomsnitt per år; sjå SSB Statistikkbanken, befolkning, fødde, Tabell 05803. Denne tidsperioden er spesielt interessant, fordi han inkluderer baby-boomen etter 2VK og optimismen på 1950- og -60-talet, med relativt store årskull fram til abortlovgjevinga vart liberalisert (delvis forskottert) på 1970-talet. Gitt ein levealder på 82 år, vil om lag ei like stor, norsk befolkningsgruppe døy i 30-årsperioden 2026-2055. Men desse blir ikkje erstatta fullt ut av barn fødde av to norske foreldre eller av éin norsk og éin utanlandskfødd forelder. Samla fekk desse to gruppene i fjor berre 44984 barn.

Reknestykket er slik: I 2015 vart det fødd 59058 barn, men av desse var det 149657135583 (norskfødde barn med to innvandrarforeldre, høvesvis per 01.01.2016 og 01.01.2015) = 14074 som hadde to utanlandsfødde foreldre. Differansen mellom alle fødde og dei med to utanlandsfødde foreldre vert då for året 2015: 59058 – 14074 = 44984. Rett nok vart det fødd fire-fem tusen færre barn enn dette med to utanlandsfødde foreldre i åra 2012-2014, og om lag tilsvarande fleire barn med minst éin norsk forelder, men utviklinga er likevel eintydig.

Får nordmenn like få barn per år i 30-årsperioden 2026-2055 som dei gjorde i 2015, vil den norske befolkninga minke med 19200 (64200 – 45000) per år og 0,576 millionar på knapt éin generasjon. Med noverande fertilitet vil ho også gå litt ned fram til 2026, og dermed vil dei etnisk norske neppe telje fleire enn 3,7 millionar i 2055.

 

Talet på kvinner i fertil alder

Ein kan også bruke talet på norske kvinner i fertil alder på gitte tidspunkt til å vurdere om nordmenn vil få fleire eller færre barn i framtida. SSB gjev ikkje opplysningar om dette direkte, men basert på data om heile befolkninga og om innvandrarar pluss deira barn, kan vi finne kor mange norske kvinner det var i fertil alder, t.d. per 1. januar i 2001 og 2016. I SSB sin statistikkbank fortel Tabell 05810, Folkemengd etter kjønn og alder, at det no er 986417 kvinner i alderen 16-44 her til lands, mot ca 893550 i 2001. Denne gruppa hadde såleis auka med 92860 på 15 år. Under emnet innvandrarar viser Tabell 07111, Innvandrarar og norskfødde etter kjønn, alder og landbakgrunn, kor mange kvinner i same aldersgruppe det var mellom innvandrarar, og barn av to innvandrarar, i høvesvis 2001 og 2016, nemleg 78295 i 2001 og 222961 i dag. Det er nær ei tredobling på berre femten år. Talet på norske kvinner i same kategori har såleis gått ned frå 815255 (i 2001; sjå over: 893550 – 78295) til 763456 (i 2016; sjå over: 986417 – 222961), dvs med 6,4%, og prosentdelen hadde minka frå 91% til 77%. Tilsvarande hadde prosentdelen av kvinner i fertil alder med utanlands bakgrunn auka frå 9% til 23%. Når talet på norske kvinner i fertil alder hadde minka med nær 50000 frå 2001 til 2016, kjem det likevel av at dei relativt store årskulla frå 1957 til 1972 er inkluderte i gruppa per 1.01.2001. Oppsett i ein tabell er tala meir oversiktlege:

 

Kvinner 16-44 år i alt Med utanlandsk bakgrunn Norske
2001 893550   78295 815255
2016 986417 222961 763456

 

 

For integreringa kan det vere ei trøyst at per 2016 har 48% (47% i 2001) av dei utanlandske kvinnene i fertil alder bakgrunn frå Europa eller Nord-Amerika, men desse treng ikkje stå for ein tilsvarande del av fødslane. I 2001 er dei registrerte med 1294 barn under 1 år, som er 28% av det samla tal på denne aldersgruppa, mot 72% for barn i same alder med foreldre frå andre kontinent. Med utvidinga av Schengen-området fekk vi fleire unge arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa, og per 2016 speglar fordelinga av barn langt betre talet på kvinner i fertil alder i dei respektive innvandrargruppene. Men dei siste framskrivingane frå SSB viser at det ikkje blir austeuropearar, men afrikanarar og asiatar som vil dominere innvandrarbefolkninga utover i dette hundreåret.

 

Norske kvinner har låg fertilitet

Også fakta om tidlegare og noverande fertilitet kan brukast til å estimere framtidig norsk befolkning, både i absolutte tal og relativt til totalbefolkninga. Fertilitet måler vi som summen av barnefødslar per kvinne gjennom heile livet. Vi snakkar om «Samla fruktbarheitstall», SFT. Det engelske uttrykket er «Total Fertility Rate» med forkortinga TFR. Skal befolkninga halde seg på same nivå over tid (Replacement Rate Fertility), må kvinner i industrialiserte land få mellom 2,06 og 2,08 barn i gjennomsnitt. Ved å følgje hyperkoplinga ser ein at både mortaliteten blant barn og unge, samt mors gjennomsnittlege alder når ho får barn, spelar ei rolle i utrekninga. Frå 2009, då talet for Noreg var 2,06, til i dag har neppe mortaliteten endra seg stort, men norske fødande har blitt eldre.

Frå 1975 til i dag har ikkje SFT/TFR for Noreg eit einaste år vore over 2,0. I gjennomsnitt for førtiårsperioden 1976-2015 var SFT 1,82, og då er alle innvandrarkvinner inkluderte. I Statistikkbanken kan vi under befolkning Tabell: 05196: Folkemengde, etter kjønn, alder og statsborgarskap finne talet på personar i ulike kategoriar frå 1977 til 2015. Ved starten av perioden, i 1977, var det 644624 kvinner i alderen 16-40 år med norsk statsborgarskap, og midt i perioden, i 1996, 704919. Denne siste gruppa inneheld sjølvsagt også mange tusen innvandrarar som har fått norsk statsborgarskap, men også dei relativt store årsklassene av norske kvinner fødde frå 1956 til 1972.  Lat oss likevel seie at utvalet per 1996 er representativ for 25 årsklasser (16-40 år) norske kvinner i fertil alder i perioden 1976-2015. Då vil kvar årsklasse i gjennomsnitt telje 28200 personar. Dei vil gje opphav til ein ny generasjon årsklasser på 28200 x 1,82/2,06= 24900, dvs kvinner, som tel 3300 eller 11,7% færre enn dei føregåande.

 

For 2015 var SFT 1,73. Då SSB offentleggjorde siste framskrivingane, vart det opplyst at dette talet ville vore 0,04 lågare om ein såg bort frå innvandrarane. Dvs at for norske kvinner var SFT 1,69 i fjor. Dette er berre 82% av 2,06, fertiliteten som trengs for å sikre stabil befolkning. Viss dette held seg framover, vil talet på norske kvinner i fruktbar alder, og med det framtidig norsk befolkning, minke med heile 18% per generasjon. Når ei gjennomsnittsårsklasse av norske kvinner i fertil alder ved utgangen av 2015 minst er komen ned på 24900 personar (eigentleg litt før, fordi ein generasjon er mindre enn dei førti åra frå 1976 til i dag), vil neste generasjons årsklasser berre bli på 24900 x 0,82 = 20418 i snitt. Rundt rekna skulle dette tilseie at det i 80-årsperioden 1975 til 2055 i gjennomsnitt blir fødd 24900 + 20418 = 45318, dvs barn med norske foreldre per år. Det er nokså nær talet på norske barn som vi tidlegare rekna ut vart fødde i fjor, nemleg 44984. Med ein levealder på 82 år i snitt, vil 45320 x 82 gje ei norsk befolkning på 3716000 personar per 2057. Dette er nesten identisk med dei 3,7 millionar i 2055, som vi kom fram til på grunnlag av historiske fødselstal.

Går ein ut frå dagens fertilitet på 1,69, vil denne befolkninga minke med 3700000 x 0,18, dvs med 0,67 millionar i «påfølgjande generasjon», men med stort etterslep fordi levealderen er lenger enn éin generasjon. Før hundreårsskiftet vil kanskje reduksjonen bli på 0.67 mill x 43/82 = 0,35 millionar. I så fall vert det vi kan kalle den norske befolkninga redusert med nær ein tidel til, dvs frå 3700000 til 3350000 personar.

 

Når blir nordmenn ein minoritet i sitt eige land?

Gitt at den norske befolkninga minkar til 3,7 millionar per 2055, vil ho representere ein minoritet første året totalbefolkninga passerer om lag 7,2 millionar etter 2055 eller om lag 7,6 millionar i eit tidlegare år. Etter SSB si mest sannsynlege framskriving vil innbyggjartalet nå sju millionar i 2059; etter høgalternativet om lag 7,6 millionar ti år før. M.a.o. vert nordmenn ein minoritet i eige land mellom 2050 og 2064 med desse føresetnadane. Går vi ut i frå at etterkomarane etter dagens norske befolkning tel 3,35 millionar ved hundreårsskiftet, vil dei då representere ein minoritet på mellom 23 og 39 prosent av totalbefolkninga, avhengig av kva SSB-framskriving som stemmer best.

Alle desse tala og kalkulasjonane er sjølvsagt lite lesarvennlege. Eg har likevel teke dei med for at lesarane skal kunne kontrollere reknestykket mitt. SSB kunne gjort det mykje lettare for oss ved sjølv å gje prognosar for kor mange etterkomarar dagens norske befolkning vil få, men byrået vil ikkje eingong operere med ein slik kategori. Dei snakkar berre om «innvandrarar», «fødde i Noreg av innvandrarar» og «resten av befolkninga», der også alle seinare etterkomarar av folk frå fjerne land er inkluderte, jamvel dei såkalla to og ein halv generasjons innvandrarane.

Den tyske sosialdemokraten Thilo Sarrazin har sagt at Tyskland «avskaffar seg sjølv», men det gjer jammen også Noreg. Sidan vi nordmenn berre tel vel fire millionar, mot 75 millionar etniske tyskarar, vil elimineringa av norsk befolkning og kultur gå vesentleg raskare enn tilsvarande prosess i Tyskland. Sjølve avskaffinga har fleire årsaker, m.a. likestilling, prevensjon, sekularisering, abortlov og dagens reglar for fødselspengar, i motsetning til utskriftinga, som er politisk styrt. Det store fleirtalet av politikarane våre vil likevel halde fram på denne galeien, medan befolkninga i stor grad lever i ei boble av kunnskapsløyse og likesæle fordi media ikkje gjer jobben sin og synleggjer kva konsekvensar vidare innvandring vil få, m.a. for matforsyning, tillit, terror, overvaking, kriminalitet, samhald, helse, velferd og økonomi.

 

 

 

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629