Sakset/Fra hofta

Kven har ansvaret for muslimsk radikalisering i Noreg?

Den mest omtalte saka i norsk politikk siste veka starta med ei melding Carl I. Hagen la ut på Facebook-sida si måndag kveld. Der tok han opp det paradoksale i at alle, no i kjølvatnet av terroren i Paris og København, sluttar opp om ytringsfridomen, men ikkje stiller opp for Max Hermansen, som er trua frå jobben sin nettopp pga det han har skrive. Hagen spør retorisk: «Må Max Hermansen bli drept før befolkningen våkner når det gjelder snikislamifiseringen og den voksende ettergivenhet for press fra ulike islamske pressgrupper i skole, høyskoler, universiteter og arbeidsliv?» VG slo opp dette tysdag, og Skei-Grande tok opp hansken i spørjetimen (54 min ut i opptaket) i Stortinget onsdag. I eit intervju Klassekampen hadde med Per Sandberg, publisert torsdag, kommenterte han Hagens oppslag slik: «Framelskinga av det multikulturelle samfunnet har slått feil. Dei andre partia vil vidareføre gårsdagens politikk, med dei resultata det medfører.» Men utbrotet hans om KrF i P2-programmet «Nyhetsmorgen» kl 0830 (1.02.40 ut i sendinga), kom etter at nestleiar i KrF, Dagrunn Eriksen, i Politisk kvarter tidlegare same morgon (7.40 ut i sendinga) la ansvaret for radikalisering blant muslimsk ungdom på FrP sin retorikk. Seinare på dagen kom så den verbale konfrontasjonen mellom Per Sandberg og leiar i KrF, Knut Arild Hareide, i Dagsnytt 18. NRK hadde såleis regien på dette oppgjeret.

Det var sjølvsagt urimeleg å påstå at KrF har ønskt seg ein tilstand der ungdom frå Noreg reiser ut av landet for å slutte seg til terrororganisasjonar, men akkurat denne utsegna bad då også Sandberg om orsaking for. Det gjorde han sikkert med lett hjarte, for sjølv kommentator i NRK, Magnus Takvam, meinte at orda slik dei fall, neppe var dekkjande for det Sandberg ville seie. Derimot heldt Sandberg fast ved at ikkje berre KrF, men alle partia utanom FrP har eit ansvar for følgjene av innvandring og sviktande integrering, sidan det er dei som har bestemt politikken på dette området fram til no.

Politisk ansvar for den demografiske utviklinga

Spørsmålet er difor ikkje om partia frå KrF til SV har eit ansvar for følgjene av vedtaka dei har vore med på for dette området, men kor langt dette ansvaret går og kva konsekvensar det var rimeleg å slutte seg til på ulike tidspunkt. Då nesten tusen pakistanarar kom til landet i 1971, var det knapt nokon politikar som trudde dette var ei varig innvandring. Sjølv då politikarane fire år seinare, via unntaksreglane i innvandringsstoppen, gav framandarbeidarane lov til å hente familien hit, var det neppe nokon av dei som kunne tenkje seg at dette skulle gje ei tidobling av den pakistanske innvandrarbefolkninga på få år. Men då somaliarane byrja å kome som asylsøkjarar tjue år seinare, burde politikarane absolutt ha vore klar over kva omfang slik familieinnvandring kunne få og faktisk fekk. Dei politikarane som har vedteke lovene og forskriftene som gjeld for innvandring, har difor i minst tjue år halde fast ved eit innvandringsregime som dei i like lang tid burde ha visst ville gjere nordmenn til ein minoritet og dermed ‘husmenn’ i sitt eige land. Dei restriksjonane som Stoltenberg-regjeringa innførte i 2008 på asylinnvandring, og seinare endra vilkår for familieinnvandring, rokkar ikkje ved dette. Både KrF, Venstre og SV har dessutan protestert eller dissentert på dei fleste av desse innstrammingane, og har difor størst ansvar for denne demografiske katastrofen.

Politisk ansvar for framtidig samanbrot av velferdsstaten

Dei økonomiske konsekvensane av innvandringa var lenge mindre openberre. Men i 2003 kom Frischsenteret med rapporten «Sysselsetting blant innvandrere over livsløpet», som viste at 40% av innvandrarane var på trygd når dei passerte femti år, mot berre 8% av nordmenn. Seinare har vi fått ei rekkje studiar, sist innstillinga frå Brochmann-utvalet med tillegg av berekningar frå SSB, som viser at sjølv med perfekt integrering av barn og seinare generasjonar, vil innvandringa koste oss så mykje at dagens velferdsordningar vil mangle finansiering i framtida. Stortinget har behandla Brochmann-utvalet si innstilling, «NOU 2011: 7   Velferd og migrasjon – den norske modellens framtid. Velferd og migrasjon — Den norske modellens framtid», og politikarane har difor plikt til å kjenne til dette. Då skulle ein tru at dei i det minste av omtanke for sine eigne barn og barnebarn ville prøve å redusere innvandringa til eit minimum, for slik å ta vare på det gode som velferdsstaten representerer. Men det politikarane i Venstre, KrF, SV og ein god del i Ap og H synest å vere opptekne av, er faktisk det stikk motsette, enten at fleire asylsøkjarar får opphald eller fleire arbeidssøkjarar får kome hit.

Kor lenge har vi visst om islamsk, valdeleg ekstremisme?

Framveksten av militant islamisme har heller ikkje skjedd over natta. Det er 35 år sidan Den iranske revolusjonen, då Khomeini kom til makta. Seinare har vi fått deira allierte i Hizbollah (Allahs parti) i Libanon, og variantar av Det muslimske brorskap i fleire land, m.a. Hamas i Gaza. Al Qaida har vore kjent sidan 2001, Al-Shabaab i Somalia iallfall frå 2006, og i over ti år har Noreg vore i væpna konflikt med Taliban i Afghanistan. Mange titals planlagde terroråtak har blitt hindra i Europa i løpet av desse åra takka vere godt politiarbeid. Det er difor grunnlag for å påstå at politikarane våre iallfall frå 2005 burde ha teke omsyn til denne faren når dei vedtek programmet for innvandringspolitikken. Kvifor ta i mot endå fleire innvandrarar frå muslimske land, når somme av desse eller etterkomarane deira ser ut til å velje verdiar og handlingsmønster så langt frå våre som det er muleg å kome, ja, beint fram representerer ein dødeleg fare for landet vårt? Men heller ikkje dette vil dei innvandringsliberale ta omsyn til. At dei ikkje gjorde det for ti år sidan, får vi tilgje dei. Men at dei ikkje vil gjere det i dag, er utilgjeveleg.

Politikarar og parti må framfor andre dømast etter konsekvensane av politikken dei står for

Av og til tek eg fram gamle bøker frå bokhylla. Somt av det eg les, må eg smile av, andre ting nikkar eg godkjennande til. Slik var det òg då eg nyst tok fram ei Pax-bok frå 1969, «Deilig er jorden», og las kapitlet «Om å forstå og å gjøre det gode» av Svein Haugsgjerd. Men her skal eg berre ta med to sitat. Det første er av kommunisten, professoren og forfattaren Georg Johannesen: «Det finnes bare en form for godhet; det å vite. Ondskap det er å ikke vite.» Det er ikkje nok å ha dei beste intensjonar, å gjere ting i «god tro». Det er i så fall ikkje i god, men i vond tru, i følgje Sartre. Og Haugsgjerd understrekar at i samfunnsspørsmål strekkjer ikkje sinnelagsetikken til. Der må vi døme på grunnlag av konsekvensane vegvala og lovene våre får. Og for eigen del vil eg leggje til at dette gjeld framfor alt for politikarane, som vedtek lovene og pliktar å setje seg inn i kva følgjer dei kan gje.