sylo.taraku

Sylo Taraku har opplevd norsk asylpolitikk frå fleire sider enn dei aller fleste. Han er sjølv flyktning frå Kosovo og var engasjert i NOAS frå 2003-11, siste året som konstituert generalsekretær. Taraku er statsvitar og arbeidde som underdirektør i UDI i to år med ansvar for Dublin-saker, før han tok til som generalsekretær i LIM. Han har skrive for Minerva, men er no knytt til tankesmia Agenda. Politisk har han gått frå lokale leiarverv i SV til medlemskap i Arbeidarpartiet.

Sjølv om Sylo Taraku politisk sett står eit stykke frå document, er han ein fornuftig og sakleg person som vi trygt kan «gjere forretningar med», som Margaret Thatcher i si tid sa om Gorbatsjov. I eit intervju med Lars Akerhaug på minervanett i 2013 listar Taraku opp fleire ting som gjorde at han fekk eit meir realistisk syn på innvandring: Ufullstendig og misvisande medieomtale av asylsaker, Brochmann-rapporten om konsekvensane for velferdsstaten, striden om Muhammed-karikaturane, og erkjenning av at han sjeldan møtte dei asylsøkjarane som Flyktningkonvensjonen var skriven for.

I vår kom han ut med boka «Innvandringsrealisme. Politikkens muligheter i folkevandringens tid«, som har fått svært positiv omtale, m.a. i Aftenposten og Klassekampen. Det er fortent. Vi treng ikkje vere sure fordi våre kritikarar lyttar til han, medan dei ikkje vil høyre på oss når vi seier det same. Det viktigaste er at fleire får augo opp for det meiningslause, paradoksale og lite berekraftige i asylpolitikken som har blitt ført til no. Kritikk frå Vigdis Vevstad bør han ta som eit godt teikn. Eg er heilt samd med kommentator Bjørn Kvalsvik Nicolaysen i Dag og Tid, som spør kvifor boka ikkje er kjøpt inn til biblioteka, når t.d. tre einsidige, politiske pamflettar frå Manifest forlag har sleppt gjennom dette nålauget.

ANNONSE

Taraku har mange gonger fått positiv respons på document for sine utspel og kronikkar, m.a. fordi han snakkar så klart om at integreringa står og fell med innsatsen og viljen til den einskilde innvandrar. Her er han sjølv eit svært godt eksempel, men dei færraste som kjem har likevel hans intellektuelle og kulturelle føresetnader for å lykkast. Derfor er det vél så viktig at han understrekar kor avhengig god integrering er av eit moderat innvandringstempo. Aller best er han kanskje når han skriv om «det ekspansive flyktningbegrepet», som både regjeringa, EU og EMK/EMD har ytt sin skjerv til, og sist sjølve Stortinget ved å vedta ny Utlendingslov i 2010, som ikkje skil mellom flyktningstatus og opphald på humanitært grunnlag. Taraku er kritisk til UNHCR si rolle i norsk asylpolitikk. Når skandinaviske land er best i verda på rettstryggleik og mest rause med bidrag til og mottak av flyktningar, synest han det er absurd at Høgkommissæren kritiserer dei for bagatellar, og at dette blir slått stort opp i media.

Det tener Taraku til ære at han vedgår at han sjølv gjennom NOAS og ECRE (European Council on Refugees and Exiles) har vore med på å tvinge fram ein meir liberal asylpolitikk gjennom aktiv bruk av nasjonale domstolar og EMD. Men framfor alt synest eg han fortener honnør fordi han skriv ærleg og sant om dei reelle årsakene til dagens folkevandring og mislykka integrering og gjev eit uforfalska bilde av asylprosessen med alle urimelege utslag denne kan gje. Han nemner t.d. ateisten og bloggaren Ananta Bijoy Das frå Bangladesh, som søkte visum til Sverige for å halde tale på pressefridomens dag, men fekk avslag fordi styresmaktene frykta at han då skulle nytte høvet og søkje om asyl. I fjor tok Sverige i mot 160.000 andre med ukjend bakgrunn og som sikkert hadde vore i mindre livsfare, for bloggaren vart etter visumavslaget faktisk drepen med machete av militante islamistar. Om mordarane fanst blant desse 160.000 Sverige seinare tok i mot, og dei under asylintervjuet tilstod dette drapet, ville dei i kraft av asylinstituttet vere garantert opphald, for til liks med Krekar kunne dei risikere tortur og dødsstraff ved retur til heimlandet!

Ananta Bijoy

Taraku tyr ikkje til karakteristikkar, men held fram fakta som talar for seg sjølv. Det er ei lågmælt og sakleg debattform som eg synest er bra. I tråd med dette skriv han utan vidare kommentarar at Venstre, SV og MDG i partiprogramma for perioden 2014-18 gjekk inn for at dei som fekk «endeleg» avslag på asylsøknaden, likevel skulle få opphald om dei nekta å reise, men vart verande i til saman tre år, viss det gjaldt familiar med barn, og i fem år for alle andre.

Han set opp følgjande forslag og krav til ein betre asyl- og innvandringspolitikk:

  1. Masseflukt frå krig og naturkatastrofar må handterast regionalt med mål om trygg retur. Flyktningane kan ikkje få eit høgre velferdsnivå enn andre i regionen eller i heimlandet, om dei seinare skal bli motivert for retur. Rike land bør bruke ein del av det dei sparer på å ta i mot færre asylsøkjarar, til å gje hjelp lokalt.
  2. Asylsøkjarar må få vern i første trygge landet dei kjem til. Dei kan ikkje sjølve få velje kva land dei skal busetje seg i.
  3. Asylordninga må gje same rett til vern for fattige, kvinner og reelt trengande som til relativt rike, unge og friske menn.
  4. Migrasjonen til Vest-Europa må vere så kontrollert og avgrensa at folk kan få seg husrom og arbeid der dei kjem og europeiske land framleis har råd til velferd for innbyggjarane sine.
  5. Nasjonalstatar i Vesten bestemmer gjennom demokratiske prosessar kor mange kvoteflyktningar dei vil eller kan ta i mot per år frå FN-drivne leirar og frå andre land.

Taraku meiner vi har kapasitet til å ta i mot fem tusen slike flyktningar per år. Det er litt uklart om også påfølgjande familieinnvandring då er inkludert. Dette er iallfall vesentleg lågare enn statsminister Solbergs lettsindige «tretti tusen». Gitt at vi berre har hundre tusen arbeidsplassar som ikkje krev spesiell kompetanse og truleg får færre i framtida, og at dei fleste som kjem er ufaglærte, kan sjølv fem tusen vere for høgt sett, iallfall om målet er at flyktningane skal få seg arbeid og inntekt.

Sjølvsagt finst det nokre få faktafeil og oppfatningar som byggjer på mytar meir enn på realitetar, også i boka til Sylo Taraku. Ein kan t.d. spørje kor realistisk det er å få eit gjennomslag for ein ny asylpolitikk, ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt, for det krevst om programmet hans skal bli gjennomført. Men vi må leve i håpet, for dagens asylordning er verken moralsk eller god. Det synet håper eg han får gjennomslag for i «Brochmann 2-utvalet«, som han er oppnemnd til medlem av.

 

omslag.sylo.taraku

 

 

 

 

 

 

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629