Kommentar

«Det hende aldri at nokon fiskeskipper var så galen at han tok inn meir fisk enn båten bar!» Ragnar Ulstein. Foto: Kåre Kivijärvi/youtube.com

 

Kritisk masse er den minste masse med spaltbart materiale som skal til for å starte ein kjernefysisk kjedereaksjon. Det inneber at når ein nærmar seg kritisk nivå, vil tilførsel av litt ekstra masse gje ein atomeksplosjon. Også på andre område kan ein snakke om kritisk nivå eller mengde, der dropen får begeret til å renne over eller der siste stauren gjer at lasset ikkje let seg rikke, som for kjerringa i folkeeventyret.

For meir samansette strukturar, enten det gjeld samfunnslivet eller heile jordkloden, er det ikkje like lett å sjå kvar grensa går for det berekraftige, for konsekvensane av eit katastrofalt vedtak eller ei skadeleg utvikling melder seg som regel ikkje med éin gong, men kjem gradvis. I boka «Grenser for vekst» (1972) spådde Jørgen Randers med fleire ei ressurskrise frå 2030, viss ikkje økonomien vart lagt om. Og i dag går debatten om kva langvarig og stort forbruk av kol, olje og gass fører til, kven som skal redusere bruken av slik fossil energi og korleis kraftbehovet kan dekkjast frå andre kjelder. Men desse globale utfordringane er heilt utanfor Noregs og nordmenns kontroll. Likevel blir temaet diskutert på ramme alvor som om klodens framtid står og fell med vedtak i Stortinget, for ikkje å seie oppslutninga om MDG.

Noko som både står på spel og som vi sjølve kan gjere noko for å sikre, er framtida for vårt eige land. Når verken historia eller samtida har eksempel på fredelege og velfungerande statar med innbyrdes splitta befolkning, er det ikkje berre dumt, men også overmotig å tru at vi skal lykkast med det same. I fleire tiår har dette faktum vore neglisjert av styresmaktene. I boka «Det internasjonale gjennombruddet» skriv Terje Tvedt at Jens Stoltenberg i sin sjølvbiografi ikkje nemner med eitt ord det mest skilsetjande frå si tid som statsminister, nemleg innvandring av hundre tusen muslimar. Men heller ikkje statsministrane før eller etter han har vist betre forstand på dette området.

Ein mann med meir erfaring, også frå turbulente tider, er krigshelten og historikaren Ragnar Ulstein. I ein artikkel på Document på 70-årsdagen for 9. april brukte han eit bilde frå fiskefeltet for å illustrere sitt poeng:

«Det hende aldri at nokon fiskeskipper var så galen at han tok inn meir fisk enn båten bar!»

Som kontrast til denne ansvarlege og realistiske haldninga skildra han kor mykje og mange styresmaktene har valt å «take inn»:

«Ja, framandfolk langvegs frå sig innover landet. Oslo blir ein muslimskdominert by i vår tid…. Norge er eit av dei aller minste skip i verda, omgitt av verdas folkestim. Oslo ein liten hovudstad. Byen har alt teke inn meir enn båten kan bere! Kva følgjer får det for alle?»

No, ni år seinare, er iallfall somme konsekvensar lette å sjå: Press og plassmangel i storbyane, innvandrargrupper som er fleire gonger meir kriminelle enn nordmenn, barrikadar for å redusere skadenivået ved terroraksjonar, grotesk ukultur, parallell- eller klansamfunn med lovløyse eller eigne «lover», fattige barnefamiliar, fråfall i vidaregåande skule, kort yrkeskarriere, stort forbruk av sosiale ytingar, innførsel av tuberkulose, HIV og resistente bakteriar. Befolkninga har i tillegg blitt meir splitta, også den opphavlege, med steile frontar mellom dei som ser og dei som neglisjerer eller bagatelliserer dette gradvis aukande samfunnssamanbrotet. I tillegg har ytringsfridomen blitt innsnevra av styresmakter, media og den statsfinansierte lobbyen som synest å tru at problemet ikkje er innvandring og kulturskilnader, men kritikken av og motstanden mot dette.

Så lenge innvandrarane var få, var naturleg nok også problema med innvandring til å bere. Men til større del av befolkninga dei ikkje-vestlege, særskilt dei med muslimsk kulturbakgrunn, representerer, til meir tyngjande blir også problema, både økonomisk og sosialt.

Likevel har innvandring knapt vore tema i valkampen vi har bak oss. Det har m.a. NRK, TV2 og dei store avisene effektivt hindra. Men om ikkje før, så kjem saka på dagsorden når krubba er tom, gassfelta stengde, oljefondet oppbrukt og nordmenn har blitt ein minoritet i sitt eige land. Då er det dessverre for seint.

 

Kjøp Roger Scrutons bok “Konservatismen” fra Document Forlag her!