Kommentar

Bilde: Erik Werenskiold: En bondebegravelse

Det daglege brød har ikkje for ofte vore tema på document, sjølv om det naturleg høyrer heime på eit innvandringskritisk forum. På grunn av innvandring har landet fått ein million ekstra innbyggjarar siste førti åra og vil med dagens politikk få ytterlegare eit par millionar munnar å mette før 2060. Dette gjer oss stadig meir sårbare for matmangel, ja, i verste fall for hungersnaud i framtida, for Noreg ligg langt mot nord og har alltid vore avhengig av kornimport.

Sjølv har eg skrive om mat og tryggleik for mat før, m.a. her, men utgangspunktet no er dokumentaren «Utan mat og drikke«, sendt på NRK2 måndag, 31. januar og i reprise søndag, 5. februar. Han er underhaldande, lærerik og pedagogisk; kort sagt framifrå på alle måtar. Så pass ros må eg gje, når programskaparen er frå heimkommunen Herøy, sjølv om Ida Kleppe no har gjort bergensar av seg.

Men bak bilda av kjekke barn og fin natur ligg også eit stort alvor: Har vi mat nok til å mette befolkninga i ein krisesituasjon? Dette spørsmålet blir sjeldan stilt blant folk som ikkje har opplevd hungersnaud i manns minne og i dag fråtsar i mat og alt anna. Men i realiteten er risikoen større enn før for at vi ikkje skal få tak i nok mjøl og andre livsnødvendige varer. Knappe førti prosent av maten vi et, er produsert i Noreg av norske råvarer, og vi vert stadig meir avhengige av import. Berre frå 2000 til 2013 vart utgiftene til import av landbruksvarer tredobla og nådde 47 milliardar kroner (Sunnmørsposten 25.0414).

Både krig og naturkatastrofar kan stanse denne handelen, og vi har heller ikkje i vår tid nokon garanti mot slikt. Men det vi veit vil kome, er klimaendringar og auka folketal. Berre fram til 2050 vil det bli ein tredel fleire menneske både i Noreg og på Jorda, med befolkning om vel tretti år på sju millionar i vårt land og ti milliardar i andre land. I dag er 14% av kornavlingane i verda til sals internasjonalt. I framtida er det ikkje gitt at nokon stat er villig til å selje maten sin, og heller ikkje at Noreg har økonomi eller makt til å få kjøpe det vi treng i konkurranse med Kina og oljerike statar i Midtausten. Fordi mat er det einaste vi treng kvar dag for å leve, vil han i framtida bokstaveleg talt bli prisa langt høgre enn no. Viss svenskehandel og EØS-avtalen gjer det umuleg å betale bøndene meir enn spottpris for egg, kjøt og mjølk, bør dei direkte tilskota alt i dag aukast vesentleg. Når ein gjennomsnittsfamilie i Noreg berre brukar 12% av inntektene sine på mat, og skarve 1,1% av statsbudsjettet går til landbruket, viser det at vi har god råd til å auke både prisar og tilskot.

Både i første og andre verdskrig var det knapt om mat i byane våre. Dette skjedde trass i at kvar fjerde person så seint som i 1940-åra arbeidde med jordbruk, og dei på kvar gard lagra poteter, grønsaker og kjøt for eitt års forbruk. Lettare lagring i vår tid ved fryseteknikk veg ikkje opp for slike forråd. No arbeider berre tidelen av dette, éin av førti, i landbrukssektoren, og talet på gardsbruk er redusert til ein firedel. Åtti prosent bur no i byar eller tettstader. Med færre bruk og nedbygging av dyrka mark i sentrale område, er fulldyrka jordbruksareal redusert med ti prosent berre siste generasjonen.

Målt i pengeverdi er Noreg likevel ein nettoeksportør av mat, pga fiskeri og havbruk. Men 70% av fôret til oppdrettslaksen kjem frå utlandet, og rein fisk inneheld ikkje karbohydrat som gjev lettast tilgjengelege kaloriar og energi.

Så skulle ein tru styresmaktene våre investerte i forsikringspremie mot akutt matmangel i form av kornlager og liknande. Ja, dét gjorde dei før. Statens Kornforretning, som importerte og lagra korn, vart oppretta i 1929 og eksisterte til 1995. Då vart forretningsdelen privatisert med namnet Statkorn, seinare kalla Unicorn, medan lagringa av korn tok slutt i 2003. Seinare har berre vår eiga årsavling blitt lagra, men ho dekkjer langt frå heile forbruket, og kveiten er heller ikkje brukbar som matkorn kvart år. I 2014 var det jamvel på tale å selje kornsiloen i Stavanger, den største i landet, for ombygging til bustader. Men det enda heldigvis med at Felleskjøpet Agri kjøpte ut den andre eigaren.

Som innbyggjarar og forbrukarar kan vi protestere, demonstrere eller skrive i avisene kva vi meiner om slik politikk. Fjerde kvart år kan vi også som veljarar ytre oss via røystesetelen. Men dét er ikkje alltid så lett. Dei partia som har størst syn for landbruket er i hovudsak dei same som har ansvaret for at landet vårt i 2060 vil ha minst tre millionar fleire munnar å mette enn vi ville hatt utan innvandring. Og MDG vil i tillegg ha fleire ulvar, slik at beiteressursane ikkje kan nyttast. Då er vi ikkje like langt, men endå verre komne. Fører ikkje det multietniske og -kulturelle ‘samfunnet’ til konfliktar før, vil det iallfall skje når eller viss vi får matmangel. Ikkje noko gjer folk så desperate og stammeorienterte som nettopp dét.

 

Mest lest