De grunn­leggende behovene som må dekkes de første tre døgnene av en krise, er varme, drikke, mat, lege­midler, hygiene og informasjon. Foto: Terje Bendiksby / NTB.

Styresmaktene våre har ved fleire høve gått ut til folket og bede oss førebu heimen på krise og krig. Jamvel har dei sendt ut skriv til alle hus­standar i Noreg om slike tiltak. Denne skrivaren har i yngre år vore yrkes­offiser i Hæren. Såleis har eg gått og traska ei heil veke utan mat i lendet nær svenske­grensa – som kadett ved Krigs­skolen. Men vatn var å finna der.

Vatn er viktigast

Ja, vatn er det aller viktigaste å lagra i heimen om krigen skulle koma hit. Våre vass­kjelder er opne: Ved radio­aktivt nedfall vert desse kjeldene forureina. Då bør ein ha reint drikke­vatn lagra heime. Det trengst minst tre liter vatn til kvar person kvar dag. Eg har lagra vatn i 20-liter plast­dunkar kjøpte hjå Biltema. Kvart halvår skifter eg nytt vatn i dunkane mine.

Først gjekk styres­maktene ut og bad oss ha mat og vatn lagra i heimen for tre dagar. Seinare endra dei dette til ei veke. Men eg vil tilrå å ha nok vatn og mat for 14 dagar. Grunnen til dette er følgjande: Skulle eit atom­kraft­verk eller ei atom­bombe gå av i Europa, så kan vér og vind føra radio­aktivt nedfall hit til oss. Då får me såkalt sekundær­stråling frå terrenget (hugs kva som skjedde her ved Tsjernobyl-ulukka: Saue­bøndene våre måtte fóra dyra med eit spesielt stoff eit heilt år før dei kunne slaktast).

Våre styres­makter følgjer nøye med om det kjem radio­aktivt nedfall til vårt område. Såleis får me melding om dette i media eller på mobil­telefonane våre. Om det kjem mykje slikt nedfall, så vil eg halda meg inne i heimen i 14 dagar og stengja ventilane i huset. Då er sekundær­strålinga frå terrenget redusert til kring 3 prosent, seier dei kunnige. Om du må gå ut tidlegare, så ha på regntøy og støvlar, og tak dette av deg før du går innatt i huset.

Maridalsvannet i Oslo som er vannkilde til byen. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB.

Korleis overleva utan straum?

Elektrisk straum er luksus som brått kan forsvinna i krise og krig. Tenk gjennom korleis du skal overleva utan slikt. Somme har aggregat til rådvelde – dei fleste har ikkje det. Då bør ein ha grovt salt lagra heime slik at innhaldet i fryse­boksen kan saltast ned. Såleis må ein også ha plastkar til varene. Har du vedomn i huset og ved på lager, så er dette ein stor føremun. Elles får ein kjøpt gass­brennarar til opp­varming og andre slike til koking.

Det er lurt å kjøpa brød, putta desse i ein plastpose og leggja dei i frysaren. Knekke­brød står seg også lenge i huset. Havre­gryn kan metta ein svolten mage. Elles bør ein ha bokse­mat på lager til middags­mat og gjerne pålegg.

Hugs også å ha stearin­lys, fyrstikker og lomme­lykt i heimen. Batteri­radio trengst for å lytta på meldingar frå styres­maktene – hugs reserve­batteri. Eit åtak på Noreg kjem heilt brått og uventa: Hyllene i dagleg­vare­butikkane er tømde på eitt døgn når panikken har spreidd seg. Sjå berre kva som hende då covid-19 råka landet vårt. Mange hamstra smikk­fulle handle­vogner. Til og med vart det skort på dopapir.

Sambandet fell ut

Mobilsambandet er vekke etter kring fire timar med straum­brót. Grunnen til dette er batteri­kapasiteten til mobil­sendarane. Har du fiber­kabel i heimen, så fell sambandet ut straks den elektriske straumen er vekke. Styres­maktene kan senda ut åtvaring til inn­byggjar­ane på mobil­telefon: Dette har vorte testa to gongar.

Men har den elektriske straumen vore vekke meir enn fire timar, så fungerar ikkje denne varslinga. Ligg det eit fartøy i nær­leiken der du bur, så har slike VHF-sendarar om bord som kjem inn på det maritime naud­nettet.

Matvareberedskapen ligg nede

Landet vårt var langt betre rusta til krig og krise den 9. april 1940 enn stoda er i dag – i alle høve kva gjeld mat­vare­bered­skap. Då var det småbruk over heile landet som avla poteter og folk dreiv jakt og fiske som matauk. Fiskar­bøndene visste korleis ein kunne overleva i tronge tider.

Me veit også at byfolka sende borna sine ut på landet til slekta si under krigen. Der fekk dei eta seg mette. Eg er så gamal at eg hugsar at bergensarar kom på døra til oss og tigga mor mi etter mat rett etter siste verds­krigen. Men ho hadde lite å gje vekk: Me sjølve hadde berre sukker som pålegg på brød­skivene.

Tidlegare hadde Noreg lager av korn til eitt års forbruk. Men i 2003 fann Bondevik-regjeringa ut – i sin visdom – at alle desse lagra skulle leggjast ned. Korn­siloane er no omgjort til husvære og andre føremål. I dag har me berre det kornet som ligg ved møllene våre å tæra på. Såleis må me importera korn kvart einaste år.

Kva om det vert krig? Då har me ingen garanti for at det vert brød i butikk­hyllene. Sitjande regjering har visstnok som mål å byggja opp korn­lager som dekkjer forbruket i tre månader. Men dei skal bruka seks år på dette arbeidet.

Om russarane går til åtak

Om russarane skulle finna på å gå til åtak på gamle Noreg, så trur eg at det vil skje med konven­sjon­elle strids­midlar – ikkje bruk av A-våpen. Grunnen til dette er at fienden er ute etter olje- og gass­rik­domane våre, herunder land­anlegga. Dei vil ikkje utsetja sine eigne soldatar for radio­aktiv stråling. Det seier seg sjølv.

Til slutt vil eg nemna kva Lebesby­mannen (Anton Johansen) såg i eit syn ei november­natt i 1907: Russarane går til åtak på landet vårt, men vert stoppa i Nordland. Samstundes invaderer russarane også Sverige. Vidare såg denne synske personen at franske fly var i luftkamp med russiske fly over sørlege delar av Noreg og Sverige.

Om Donald Trump vert vald til president påny i USA, så er det slett ikkje sikkert at dette landet vil hjelpa oss i ein krig mot Russland. Men Frankrike er også medlem i NATO – såleis rimer dette godt med stoda me kan koma i.

 

Kjøp boken av Alf R. Jacobsen! Kjøp eboken her.

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.