Det seiest at kring tre prosent av innbyggjarane i gamle Noreg trur at det finst ein himmel å vinna og eit helvete å flyga vekk frå. Såleis kan ein slå fast at vårt land ikkje er ein kristen nasjon lenger. Kristendommen har meir eller mindre vorte fjerna frå barnehage og skule. Me veit kva Lebesbymannen meinte: Sosialisme er gudsfornektari. Mange er korkje døypte eller konfirmerte og har såleis ikkje fått vita kva som står i Skrifta. Humanetikarane apar etter kyrkja og driv sjølve med konfirmasjon. Så langt eg veit så tyder konfirmasjon: Stadfesting av trua. Kva føregår under ein borgarleg konfirmasjon? Stadfesting av ikkje-tru?

Sovjetunionen under Stalin kom med forbod mot kristendom. Då kjem kontrollsamfunnet inn med overvaking og spionar blant innbyggjarane. Fekk ein mistanke om ein utru nabo: Så vart vedkomande sendt sporenstreks til straffeleir i Sibir. Hundretusenvis av Sovjetborgarar hamna der og kom aldri levande att derifrå. Det same ser me no i nordlege Vietnam. Der er det straffbart å verta kristen og det skal ikkje mykje til før regimet syter for avretting av slike.

I kristendommen er grunnprinsippet fridom. Tenk at vår himmelske far har gjeve oss fritt val om me vil tru på Han eller la vera. Eller å tru på hans son, Yeshua, eller la vera. Som alt anna i denne verda; så får våre avgjerder konsekvensar: I denne samanheng uhyggelege konsekvensar. Me hugsar desse orda frå Frelsaren: «Får jeg frigjort Eder; så blir I virkelig fri».

Vårt kjære fedreland er i ferd med å verta meir og meir eit kontrollsamfunn. Alt me skriv av e-postar skal lagrast slik at styresmaktene kan kontrollera oss. Alle våre innkjøp av varer skal også liste- lagrast. Kontantar er som pesten: Slikt skal me ikkje ha. For fem år sidan gjekk den elektriske straumen her i kommunen den 23. desember – og denne var borte i to døgn. Folk stod på kjøpesenteret for å handla inn til jul. Det vart bråstopp då betalingsterminalane kollapsa – dei treng elektrisk straum: Berre dei med kontantar fekk kjøpa inn til denne høgtida.

Me har ein farleg fiende i aust. Om russarane finn det høvande å gjera livet vanskeleg for oss nordmenn: Så har dei ulike verkemiddel. Ein pensjonert general nær president Putin kunne fortelja kva russarane vil gjera i samband med eit åtak: Slå ut den elektriske straumen samt skyta ned kommunikasjonssatellittar. Har du ikkje kontantar i lommeboka di då: Så kan du ikkje handla noko. Her eg bur kan me ta ut kontantar i daglegvare-butikken. Men grensa er på 10.000 kroner i månaden og maksimum 50.000 kroner i året. Ein kan då spørja: Er det eg som eig pengane som står på min private konto eller er det andre? Kven er så dei andre?

Denne meiningsytraren er 81 år gamal og kan hugsa fleire glimt frå 2. verdskrig. Såleis har eg opplevd den enorme entusiasmen etter krigen og oppbygginga av landet vårt med friskt pågangsmot og iver. Den situasjonen som våre politikarar no har ført Noreg ut i: Vil truleg resultera i full kollaps og katastrofe. Me har eit kongerike utan ror – meiner eg. Roren er kristendommen.

Ture Andersen – er Krigsskole-utdanna og har vore yrkesoffiser – seinare tilsett i sivile stillingar

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.