Det høver seg slik at denne skrivaren slett ikkje er meir synsk enn folk flest. Likevel trur eg at det kan seiast noko vetugt om krig skulle råka vårt kjære fedreland påny. Dei av oss som finn det interessant å lesa i Skrifta, veit at der står det mykje om dei siste dagar.

Der kan me lesa om personen Gog som utvilsomt er leiar i Russland. Det er han som saman med Tyrkia, Iran, Libya og Etiopia skal gå til åtak på Israel. Det kom melding for nokre veker sidan at Russland no er i ferd med å byggja ein marinebase nettopp i Libya. Grunnen til dette åtaket på Israel er at desse landa er ute etter rikdomane i jødestaten, fortél profeten Esekiel. Me veit at det dei siste åra er funne store mengder gass og olje i havet utanfor Israel. Slikt vil nok desse aggressive landa slå kloa i. Då får me nok det store panserslaget på den svære Harmageddon-sletta. Det går ille med jødane i denne striden: To tredjedelar av dei vil døy. Då kjem Frelsaren attende til Oljeberget i Jerusalem – der han fór opp for kring 2000 år sidan. Han vil så styra jorda i 1000 år. I denne tida vil det vera fred.

Ut av dette kan me trekkja nokre konklusjonar. Dei landa som er nemnd ovanfor er ikkje slått ut av ein tidlegare atomkrig – dei er i alle høve intakt militært sett. Kva som har skjedd med dei andre landa i verda på dette tidspunkt, veit me lite om. Men Frelsaren – Yeshua – kan fortelja oss om hendingane som skal koma i dei siste dagar: Krig og rykter om krig, pest (covid-19), jordskjelv både her og der samt hungersnaud. Vidare kan me lesa i Skrifta at ein fjerdedel av menneska på jorda vil døy som følgje av dette. I dag er det åtte milliardar menneske på vår planet: Såleis vil to milliardar menneske mista livet i slutten av endetida.

Då kan me trekkja ein ny konklusjon: Ein stor atomkrig har utvilsomt herja på jord før Harmageddon-slaget. Men mange har nok døydd av svolt samt pest også. Ein omfattande A-krig vil føra til at det legg seg eit svart skydekke over himmelen som hindrar sola å sleppa gjennom. Slikt vil sjølvsagt gå ut over avlingane.

No kjem eg til kva overskrifta seier. Eg trur at gamle Noreg også kjem med i krigen: Den tredje verdskrig. Fiendane vert nok Russland og gjerne Kina. Ein pensjonert russisk general, som står president Putin mykje nær, kunne fortelja kva som skjer om Russland går til åtak på eit anna land. Dei vil først slå ut den elektriske straumen og skyta ned vestlege kommunikasjons-satellittar. Dei mange russiske spionane (meir enn 15) har reist rundt i landet vårt i ei rekkje år og kartlagt alt som trengst for å finna knutepunkt der det er høvande å sprengja kraftforsyninga vår. Til overmål har våre styresmakter lagt ut på nettet detaljerte kart over heile straumnettet vårt. Så då slepp russarane å leita etter slikt. Det er berre å finna høvande stad å plassera sprengstoffet og mengda som trengst. Kan henda vil president Putin sine nettroll i St. Petersburg også hjelpa til med å slå ut norsk infrastruktur herunder vassforsyninga vår.

Denne komande krigsnatta går nok hurtigrutene langs vår lange kyst som vanleg. Brått forsvinn alle GPS-signal som trengst for moderne navigasjon. Russarane har skóte ned dei amerikanske satellittane som gjev oss slike signal. Kartmaskinene syner ikkje lenger kor skipet er – det same med AIS-en. Ja, eg ser føre meg styrmennene som må bakka opp skipa og glåma etter fyrlyktene og freista finna fram i leia. Russarane har konstruert eit missil for nettopp å skyta ned satellittar og dette missilet har dei alt testa ved å skyta ned ein av sine eigne.

Det naive Norge har også gjort noko heilt utruleg: Lært opp over 100 russiske maritime navigatørar på navigasjon i norske fjordar. Desse har såleis fått «Farledbevis» av den norske staten og kan ferdast utan los innaskjers hjå oss. Dei er sertifiserte til slikt.

Kjære lesar: Du tenkjer nok når vil alt dette skje? Den dag og den time kjenner ingen, seier Skrifta. Men denne skrivaren har nok tankar om slikt også. Det er profeten Daniel som har kodane for dei siste dagar. Yeshua vart spurt om dette: Då viste Han nettopp til profeten Daniel. Denne Daniel vart førd frå Israel til Babylon og fekk oppleva mykje fælsleg der – han vart mellom anna kasta i løvehóla, men overlevde også dette. Den som greier å «dekoda» når dei 1290 dagar/netter startar som profeten skriv om: Har ei peiling på tida når slaget på Harmageddon-sletta vil finna stad.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.