Hyllinga i msm av «motkultur»-stemmer – muslimske rapparar, humoristar og forfattarar – utmerka skildra i Hanne Tolg sin artikkel «Lillebjørn Nilsen og deLillos’ Oslo er borte – nå er det innvandrernes «motkultur» som gjelder»  – gir ny næring til uttrykket «svenske tilstandar».

Hjå våre grannar i aust har muslimske artistar i årevis blitt feira og heidra med prisar og koz-klemz-program i beste sendetid på statskanalen SVT. Særleg er rap-artistar i vinden. At fleire av desse har lange kriminelle rulleblad, spelar ingen rolle for prisdrysset; ein slik historikk virkar tvert imot å vere eit absolutt ufråvikeleg pre, om hyllesten skal vere ekte og rett.

At det til overmål er ein journalist (Nazneen Khan-Østrem, i Aftenposten –  tihøyrande same ideologi som presenterer skrytet – i eksorbitante vendingar – høyrer også «motkulturen» til.

Der nordmenn flest har lært seg (både frå Skrifta og elles) at sjølvskryt er av det vonde, bugnar tvert imot fremste læreboka til muslimane over av slike formaningar.
For å tjuvlåne ei gamal Freia-reklame: «Ingen over, ingen ved siden» – profeten har fastslått (i n’te potens) at muslimane er ufeilbarlege, uovervinnelege, uovertrufne.

«Sjølvros skal ein lytte til, for det kjem frå hjarta», hevda Schopenhauer.
Han var naturlegvis ein systemisk rasist.
At mora hans (Johanna) var dåtidas svar på «Margit Sandemo» og omgjekk Goethe og Schiller i «Weimar-krinsen», er ein anekdote verd å nemne – for sonen kan utmerka godt ha vore inspirert av nettopp dette då han formulerte aforisma. Ja, det er til og med sannsynleg.

For ein middelaldrande nordmann dukkar imidlertid fleire spørsmål opp.
Den som lite veit, undrar seg som kjent mykje.

Kvifor i all vide verda denne hyllesten?
Kva er årsaka?

Dei er jo ikkje uvitande om at medalja i høgste grad også har ei bakside, sjølv om denne aldri vert nemnt?
Så kva er drivkrafta – motivet?

Eg trur det er minst tre forklaringar.

Den eine er dei såkalla «lave forventningars rasisme».
Denne påstanden finn eg tryggast å illustrere ved å gjengi ein vits om sjølvaste Jesus Kristus. Eg tek ikkje sjansen på å direkte utfordre dei rundt rekna 1,7 milliardar agelastar vår vesle klode er tynga av.
Eg veit dessutan at Frelsaren vil tilgi meg.
Difor:
«Han budde heime til han var over tredve år, og kvar gong han gjorde noko, var det eit mirakel.»

De forstår sjølvsagt allegorien.

La meg her skyte inn, at eg er lukkeleg over å tru på ein Gud som kan tilgi ein sølle syndar.
Som er meir enn romsleg nok til å forstå at eg (og andre!) stadig trår feil, sjølv om intensjonen er aldri så god! Vi er i høgste grad feilbarlege, vi snålingane som labbar rundt her i vår snevre tilmålte tid.

Jesus veit dette. Far hans også.
Profeten veit det derimot ikkje.

Forklaring nr to, heng saman med det velkjende Stockholmsyndromet.
Berre vi gjer terroristen blid og glad, så går det nok bra.
Liv og død avhenger av dette.
Godt skildra i den gamle (og skumle) songleiken «Bjørnen sover» (framført i utallege norske barneselskap i prehistorisk tid).
Alle som har leika den leiken, veit at det er livsfarleg å vekkje bjørnen.
Provoser den for all del ikkje!

Forklaring nr tre har dog truleg meir for seg.

Alle som unisont og i fleire tiår har ynskt berikarane velkomne, utan snev av reservasjonar, utan ringaste evne til å utøve sjølvkritikk eller foreta konsekvensutreiingar – hevdar stadig – og i panegyriske vendingar, at migrasjonen er lønsam.
I alle fall på «litt sikt».

Truleg er det ingen av dei som lenger faktisk trur på dette.
Sjølv Stefan Löfven vakla eit lite minutt i trua, då han i eit kort anfall av utilregnelegheit i gjerningsaugeblikket (9. september 2020) hevda at det var «glasklart» at migrasjonen har skuld i den galopperande gjengkriminaliteten:

Men vi veit jo alle kor vanskeleg det er å innrømme feil.

Difor må narrativet «Muslimsk migrasjon er lønsam på alle vis!» haldast ved like.
Koste kva det koste vil.

Og det gjer det jo…

Eit par døme frå Sverige:

https://samnytt.se/svt-hyllade-gangkriminelle-yasin-nu-haktad-for-kidnappning/

https://samnytt.se/sr-hyllade-haval-misstanks-ha-fornedringsranat-rapparen-einar/

Kjøp «Et vaklende Europa» av Carl Schiøtz Wibye her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.