Gjesteskribent

Med dagens utsegner av Najumuddin Faraj Ahmad bør det vere slutt på tolmodet med han. Det er best både for nordmenn og norske muslimar.

Lei av Ahmad og Allah

Eg er lei av å lese, høyre og skrive om islam og ser fram til ei dagsnyttsending utan innslag der truslar og vald er tema, og ‘ekspertar’ og muslimar skal forklare at dette ikkje har noko med islam å gjere. Og eg trur også det store fleirtalet av norske muslimar deler dette ønsket. Spesielt trur eg dei fleste her til lands er dritleie av å høyre om Krekar, sidan spørsmålet om kva ein skal gjere med han har vore ein følgjetong i nyheitssendingar i årevis. Saka har avslørt ei maktesløyse på politisk hald som ber preg av tragikomedie. Og kva kostnader og belastning alle rettssakene har gitt for domstolane våre, vågar eg knapt tenkje på.

Beskytta pga sine ugjerningar

Eg har tidlegare ikkje skrive eit ord om mullaen, for det synest eg ikkje han fortener. Han kom seg inn i landet på falske premissar og har vore attende i Irak, landet han «flykta» frå, fleire gonger, og det ikkje for å vitje slekt og venner, men for å organisere si eiga opprørsgruppe i den kurdiske delen av Irak. Og denne gruppa, Ansar al-Islam, skal vere ansvarleg for terroråtak der. Paradoksalt nok har desse ugjerningane gitt han ekstra vern i Noreg. Dei er einaste grunn til at han ikkje forlengst har blitt sendt attende til Irak, fordi det er uklart kva som då blir lagnaden hans.

Har Krekar noko med islam å gjere?

Men med dagens utsegner er det iallfall heilt slutt på mitt tolmod. Ein person som vil knesetje islamismens straffemetodar i Europa og ønskjer død over alle som han synest fornærmar islam, fortener meir å bli dømt etter lovene i sitt eige heimland enn å bli beskytta av våre liberale. Eg trur likevel ikkje norske styresmakter vil bry seg det spor om kva eg og andre nordmenn meiner. Det gjer dei i liten grad på innvandringsfeltet generelt og når det gjeld islam spesielt. Men her forstod sjølv NRK at Krekar hadde gått over ei grense og kalla difor inn ‘stjernelaget’ av muslimske apologetar for å ta brodden av det han hadde sagt. For det var viktig for dei å unngå at folk oppfatta dette som islam. Derfor møtte både Bushra Ishaq, Mohammad Usman Rana og Hadia Tajik opp i Dagsrevyen, i tillegg til statsminister Erna Solberg, som sjølv har vore trua av Krekar, men likevel har sagt at terror utført av sjølverklærte muslimar ikkje har noko med islam å gjere.

Negativ PR for muslimar kan gje Krekar reisepass

Men det spørs om dette er nok. Eg vil tru at andre enn eg vert uhyre provosert av slik openlys frekkheit som Najumuddin Faraj Ahmad her står for. Han krev av oss at vi skal respektere islam, ja, bøye oss eller direkte underkaste oss hans reglar, medan han ikkje viser det minste teikn til å respektere oss, som har fødd han og familien i snart tjuefem år og gitt barna hans statsborgarskap og gratis universitetsutdanning. Men våre styresmakter har ikkje sjølvrespekt nok til å forstå kor ille dette misforholdet er. Dei tillet å la seg spytte på for sin eigen del. Men minoritetar vil dei verne. Og kanskje går det endeleg opp for dei at eller ingen gjev norske muslimar dårlegare PR enn nettopp Krekar. I så fall skal han ha takk for sine provoserande ord, for då kan vi ha eit lite håp om å bli kvitt han her til lands. Så får kurdarane/irakarane sjølve vurdere kva dom han fortener.

 

 

Også postet på Verdidebatt.no

Les også

-
-
-
-
-