Sakset/Fra hofta

Trygve Hegnar regnet ut at Helge Simonnes hadde brent av én milliard – 1.000 millioner kroner – på de 28 årene han hadde vært sjefredaktør for Vårt Land. Man kan si at Simonnes brukte pengene til å avkristne Norge.

Vi hadde abonnert på Vårt Land i førti år då vi sa opp avisa for eit par år sidan. Men støtt og stadig får vi telefon frå avisa med spørsmål om kvifor vi gjorde dette og om ikke vi i det minste vil teikne eit prøveabonnement. Til slutt sende eg eit innlegg til Vårt Lands Verdidebatt slik at både redaksjonen og andre interesserte kunne få vite kva eg synest er gale med avisa. Eg var budd på at moderator (sensor) kunne kome til å stryke somme avsnitt, men vart overraska då eg såg han hadde fjerna heile artikkelen frå sida mi utan tilbakemelding. Som eit eksempel på kor lågt lista for ytringar no blir lagt, vel eg å sende innlegget uforandra til Document:

 

Eg ventar av ei dagsavis at ho informerer korrekt om samfunnet. Artiklane må difor byggje på fakta så langt slike finst. I saker det er usemje om, bør begge sider få kome til orde. Avisa kan grunngje sitt eige syn på leiarplass, medan andre artiklar først og fremst bør vere balanserte, saklege og opplysande.

Vårt Land har gått bort frå slike ideal og fører på somme felt ein rein kampanjejournalistikk. Svært stor plass får også eigne kommentatorar og faste spaltistar, som ofte er meir styrte av ideologiar enn av realitetar. Avisa har kanskje som mål å «vere sanninga tru i kjærleik», men skjuler stundom sanninga om dei ho vil verne og held seg ikkje for god til å skrive usant om dei ho vil råke. 

Ein slik praksis synest eg er i strid med både sanning og kjærleik. Eg har skrive på Verdidebatt gjennom ti år, sjå http://www.verdidebatt.no/psr, og ei rekkje gonger kritisert avisa for falsk og uetisk journalistikk. Frå dei siste fem åra vil eg nemne tolv artiklar der dette har vore temaet.

1. Gjer narr av kristne, fordømer jødar, men unnskylder og respekterer muslimar.

August 2014: ISILs erobring i Irak, krigen i Gaza og terrortruslane mot Noreg har  dominert nyheitene siste vekene. Felles årsak er islamismen, dvs islam i  opphavleg, bokstaveleg og valdeleg versjon.

2. Det avisene ikkje fortel om overgrepsskandalen i England.

August 2014: Leiaren i VL i dag handlar om at tusenvis av engelske barn har blitt  valdtekne, 1600 berre i byen Rotherham (120 000). Men kven overgriparane er, får vi ikkje vite.

3. Multikultur – på dagsorden først no?

September 2014: VL skriv at Jahn Otto Johansen har sett eit viktig tema på dagsorden på  ein måte som engasjerer mange. Men kva er eigentleg nytt?

4. Er muslimane dagens ‘jødar’?

Oktober 2014: Samfunnsredaktør i Vårt Land, Berit Aalborg, skriv at Marte Michelets  bok om den norske Holocausthistorien viser kva konspirasjonsteorier om  jødane kunne føre til, og at Eurabia-teorien difor gjev ubehag. Men er eit folkemord på muslimar sannsynleg?

5. Quo vadis, Vårt land?

Mars 2015: Tiltru må ein gjere seg fortent til. Det gjeld ikkje minst for aviser.

6. Kan vi stole på journalistar?

Mai 2015: Mediemakta er ikkje berre stor, men skremmande, fordi påverknadskrafta er uavhengig av kvaliteten og sanningsinnhaldet i det som blir  publisert.

7. Gjev Vårt Land og media oss innsikt eller ideologi?

September 2015: Ei annonse for abonnement i Jubileumsavisa til Vårt Land lovar oss  innsikt i dagens samfunn. Ser ein på innhaldet, kan ein med god grunn spørje om dette stemmer. Men i så måte er avisa i ‘godt’ selskap.

8. Vårt Lands omtale av Hege Storhaug og boka hennar om islam.

Desember 2015: VL spør i dag: «Hva er det med Hege?» Over fem sider let avisa fleire av hennar kritikarar gje oss svaret. Då spør eg sjølv: Kva er det med  pressa og Vårt Land?

9. Vårt Land og Jagland går i mot fakta, fornuft og folkestyre.

Mars 2016: Leiarskribenten i dagens Vårt Land kallar Jagland ein representant for  Europas samvit, og meiner, som han, at Noreg og Europa kunne og burde ta  i mot langt fleire asylsøkjarar. Men held argumenta deira?

10. Nordmenn i minoritet før 2060?

September 2016: Kven og kor mange som kjem til å bu i Noreg fram mot neste hundreårsskifte bestemmer utviklinga på mest alle samfunnsområde.

11. Statsstøtte berre for ‘rette’ meiningar?

Oktober 2017: I saker om asyl, innvandring og islam er den ‘differensierte’ pressa nokså samkøyrd. Betre blir det ikkje når dei vil kneble nettstader med andre synspunkt.

12. Den politiske linje til avisa Vårt Land.

Oktober 2018: Sjefredaktør i Vårt Land, Alf Gjøsund, meiner avisa, politisk sett, står  for det same i dag som ved starten i 1945. Er dette rett?

Så vil kanskje mange seie at alternative nettstader som Document, HRS/rights, Resett og Gjenstridig er endå meir einsynte og einsidige enn både Vårt Land og media elles. Det er sjølvsagt sant. Og bortsett frå knapt to usikre millionar i statsstøtte til HRS har dei ikkje anna økonomisk grunnlag enn gåveinntekter frå sympatisørar. Det er ingenting mot 5-6 mrd i tvungen kontingent til NRK og statsstøtte på mange hundre millionar til vanlege aviser.

Sjølv ser eg dessutan NRK Dagsrevyen kvar dag og er innom nettversjonen av ei rekkje ‘vanlege’ aviser like ofte. Periodevis har eg også lese Morgenbladet og Klassekampen (og Aftenposten, Vårt Land, Sunnmørsposten m.fl.), som vart brukt som personmarkør (i motsetning til dei som les Document og Resett !) i undersøkinga som FAFO nyleg gjorde om Holdninger til diskriminering, likestilling og hatprat i Norge. Dessutan abonnerer eg på Dag og Tid, som presenterer seg som motstraums. Det gjeld nok for kommentatorane Kaj Skagen og delvis for Jon Hustad, men knapt som ein generell karakteristikk. Eg syntest også godt om Therese Sollien, som no skriv for Aftenposten. Eit par einslege svaler gjer faktisk ein sommar for meg. Men først og fremst finst det faktaorienterte forfattarar som har gitt oss bøker med kunnskap og alternative perspektiv på område der vanlege media kjem til kort. Det gjeld ikkje minst Sigurd Skirbekk, men også Terje Tvedt og fleire andre nemnt under pkt 3 ovanfor.

Kjøp bokpakken med bestselgerne fra Document Forlag her!