Vårt Land feira mandag at avisa er 70 år ved å gje ut eit jubileumsnummer med same format og fontar som ho hadde ved starten i 1945. I ein annonse for abonnement på framsida blir lesaren lovd «innsikt i de mest samfunnsaktuelle debattene». Ved å sjå på leiarartikkelen og nokre av hovudoppslaga kan ein finne ut om avisa held løftet om større innsikt eller om det faktisk er noko heilt anna ho byr på. For innhaldet skil seg ikkje det spor frå den redaksjonelle linja Vårt Land har følgd siste åra.

Leiaren er både ei lovprising og ei uhyre sterk fordøming. Lovprisinga gjeld Shoaib Sultan, tidlegare generalsekretær i Islamsk Råd Norge, som blir omtalt som «en respektert miljøpolitikar og antirasist» og karakterisert som «saklig og beundringsverdig sindig». Fordøminga gjeld «det uregjerlige sjiktet av mobbere på sosiale medier», som visstnok driv med «perverterte utspill» og «lever av å hate». Bakgrunnen er at Sultan både i papiravisa og på Verdidebatt har fått hovudoppslag for ei personleg ytring om han no vil stengje FB-sida si for «nettroll», og der han får presentere seg som ein tvers gjennom kulturliberal ordførarkandidat i Oslo for MDG. Det ser likevel ikkje ut til at han har fått verre kommentarar på FB enn det samfunnsredaktør Berit Aalborg i same nummer seier blir profilerte kvinnelege politikarar til del. Både Kjell Skartveit og Kent Andersen har gitt Sultan og Vårt Land ein nødvendig leksjon i kva det vil seie å skrive sakleg og ikkje personfiksert. Difor vil eg berre legge til at for Hege Storhaug, ein framståande, kunnskapsrik og modig debattant som faktisk må bu på hemmeleg adresse, har det ikkje vore tilsvarande støtte å hente på leiarplass i Vårt Land, men tvert om hetsing og oppslag der avisa spelar på lag med dei verste «antirasistane» i landet.

Heller ikkje intervjua på framsida gjev anna innsikt enn i synspunkta til framståande opinionsdannarar. President Sven Mollekleiv i Norges Røde Kors proklamerer at vi må få slutt på krigen, hjelpe flyktningar i Syria og nabolanda, og hjelpe dei som no flyktar til Europa og Noreg. Problemet er berre at det første er utanfor vår kontroll, det andre er det brei semje om og kva som ligg i det tredje, er høgst uklart. Mollekleiv minner om Balkan-krigen, då 13.000 bosniarar fekk opphald på kollektivt grunnlag. Tanken var at dei skulle returnere når krigen var over, men alt etter tre år vart tilbakereisa gjort frivillig. Berre eit fåtal eldre tok i mot sine femten tusenlappar og fór. Men på eitt punkt har Mollekleiv rett: Den tilstrøyminga av flyktningar og migrantar som vi no ser, er berre starten.

ANNONSE

Sturla Stålsett, som m.a. er styreleiar i Frivillighet Norge, er ikkje mindre snau på vegne av nordmenn: Vi må ta i mot dei som kjem. Med utsegna «på lang sikt er integrering det viktigste» opnar han for varig opphald for alle. Generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen hevdar at «Europa har mer enn nok ressursar«, og at Noreg «som et rikt land som anser seg som en humanitær stormakt, har både råd og en moralsk forpliktelse til en tredobling av hjelpen til Syria-flyktningene». Det er helst Egeland og likesinna som trår etter slik stormaktsstatus for Noreg, og som «gløymer» at Europa er nedtyngd av gjeld og arbeidsløyse etter eksport av arbeidsplassar til Asia.

Inne i Jubileumsnummeret har Per Midteide, tidlegare generalsekretær i Baptistsamfunnet og i Kirkens Nødhjelp, fått ordet. Han legg ikkje skjul på kva vi kan vente oss:

«Vi er vitne til en folkevandring som er i ferd med å endre Europa..Det kan utvilsomt ha konsekvenser for vår økonomi og etniske sammensetning.. Våre nære slektninger som levde før 2. verdenskrig, ville neppe kjenne seg igjen i Oslos gater i dag (Min kommentar: Det gjer heller ikkje eg, som var student på 1970-talet).. Hvordan vil kommende slekter bedømme oss dersom vi ikke tar vår del av ansvaret for flyktningstrømmen?»

Også eg har tenkt på kva etterkomarane våre vil tru om oss. Min konklusjon er at dei vil døme dagens multikulturelle ideologi som rein galskap, like blåøygd og livsfjern som sverminga for massemordarane Mao og Pol Pot på 70-talet, men uhyre meir øydeleggande sidan mange godt vaksne folk i sentrale maktposisjonar no vil ofre sivilisasjonen og etterslekta vår for ein utopisk ide, som Midteide formulerer slik:

«Hva om vi dropper engstelsen for omveltningen i Europa? Hva om vi satte inn energi og studier på hvordan vi kan skape et nytt og spennende Europa – et Norge som er i endring, forskjellig fra det vi kjenner i dag. La oss se på nye grupper av mennesker, et annerledes samfunn, som en utfordring, men også som en mulighet for nytenking og nyskaping.»

Ved sidan av leiaren om Sultan og hans ‘brødre», utlagt som andre muslimsk truande, har det også blitt plass til eit intervju med sjefredaktør Simonnes på side 3. Der spør Kjell Kvamme om det er pga spenningar i samfunnet at Vårt Land skriv så mykje om muslimar. Simonnes sitt svar går på religionsfridom og respekt for folk si tru og klesdrakt, men poenget mitt her er at han godtek det spørjaren impliserer om VL og muslimar. Sjefredaktøren i ei avis som hardnakka har nekta for at det skjer ei islamisering av samfunnet, vedgår såleis at stoff om islam har fått setje eit stadig sterkare preg på hans eiga avis. Det er difor ikkje det minste rart at Faten Mahdi Al-Hussaini og leiar av Minotenk, konvertitten Linda Noor, gjev Vårt Land slik positiv attest. Det same gjer sjølvsagt også NOAS-leiar Ann-Magrit Austenå og politikarane Abid Raja, Mani Hussaini og Prableen Kaur. Også eit spekter av politikarar med norsk bakgrunn, frå SV til FrP, er høflege og velvillige overfor jubilanten. Men utan tvil er Christian Tybring-Gjedde nærast sanninga når han seier:

«Den (avisa Vårt Land) fremmer et politisk korrekt kristensosialistisk budskap og er dessverre ikke lenger en alternativ stemme. Ønsket om å verne om Norges kristenkulturelle identitet drukner i barmhjertighetsideologiens åpne grenser. Vårt Land bør leses av dem som ønsker å styrke sin overbevisning om at verdens elendighet i bunn og grunn skyldes Vestens manglende sjenerøsitet og bistand».

Vårt Land ønskjer seg ikkje berre ti tusen eller fleire immigrantar frå det muslimske Midtausten, men i følgje Simonnes også like mange nye fulltids abonnentar. Då har eg eit godt råd til redaksjonen: Gje lesarane først fakta, så tek dei med glede i mot fakturaen også! Propaganda for utopiske ideologiar vil stadig færre vere villige til å betale for. Å halde seg til sanninga er også eit sentralt bibelsk bodskap. Apostelen Paulus held rett nok fram kjærleik som det største, men ein politikk som gjev samanbrot for vår eigen sivilisasjon, er korkje kjærleg eller kristeleg.

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629