Eit famntak uttrykkjer støtte, kjærleik og omsorg, men kan også fungere som ei tvangstrøye og hindre fri rørsle, eller tankens frie flukt når ordet blir brukt i overført tyding, slik Anfindsen gjer i tittelen på den nye boka si. Han vart sjølv opplært i ei bokstaveleg, fundamentalistisk forståing av Bibelen som lenge hindra han i å gripe og godta vitskaplege fakta. Då han innsåg dette på 1990-talet, kom han i ei truskrise.
I boka «Fundamentalistiske favntak» brukar han punkt 3 i Wikipedia-definisjonen av fundamentalisme til å analysere einspora eller ytterleggåande ideologiar, m.a. «islamofobi, islamisme og andre typer religiøs og sekulær fundamentalisme», som det står i undertittelen på boka. Eg er likevel skeptisk til om dette er eit eigna omgrep til å karakterisere så pass ulike tankar og grupper, men Anfindsen gjer det nok fordi han tek utgangspunkt i sitt opphavlege miljø, der han sjølv var blant dei skråsikre med skylappar. Å vere audmjuk nok til å vedgå eigne feil, jamvel dei du har lagt bak deg, kan gjere det lettare å få ein motpart i tale. Det er eit sympatisk trekk, typisk for Anfindsen, som alltid har vist seg som ein sakleg, høfleg og vennleg debattant. Ved namnet på internettsida HonestThinking.org har han også profilert seg som ærleg og sanningssøkjande. På begge desse linkane kan ein finne fleire opplysningar om boka.

Tiltrekt av islam

I samband med boklanseringa har han i fleire intervju fortalt kor nær han i 2013 var til å konvertere til islam og at han no kallar seg muslimsk kristen. Dét var svært overraskande etter at han i meir enn ti år har markert seg i offentleg debatt som ein sterk innvandringskritikar. Innvandringa frå nettopp muslimske land har då unekteleg vore den mest kontroversielle. Også innleiingskapitlet i boka handlar om hans «åndelege reise», som er det eg sjølv finn mest uforståeleg. Tilnærminga til islam starta alt sommaren 2005 under ein samtale med forstandar Basim Ghozlan i Rabita-moskéen:

«Og så, ut av det store intet – uten at Basim sa noe oppsiktsvekkende eller spesielt – kom ett av disse øyeblikkene som er av en slik karakter at man bare vet med seg selv at livet aldri kommer til å være det samme etterpå. Det var som jeg ble truffet av et aldri så lite lyn. Jeg ble både skamfull og begeistret på samme tid, for plutselig slo det meg at muslimen som satt rett foran meg var fylt av det Bibelen sier skal prege «de som hører Kristus til», nemlig en personlighetsforvandling bevirket av Den Hellige Ånd»

Det bør likevel leggjast til at Anfindsen på dette tidspunktet var på leiting etter eit ankerfeste i livet, etter at han hadde forkasta både bokstavtruande kristendom og åndsfattig ateisme, og i tillegg ikkje fann læra om treeinigheita å kunne samsvare med trua på éin sann Gud. I motsetning til kristendom som dogmatikk understrekar C.S. Lewis i boka «Mirakler» at evangeliet, den glade bodskapen, gjaldt Kristi oppstode og samlivet med den oppstadne Jesus Kristus, noko tidsvitna, apostlane, opplevde som ei sanning og eit faktum dei frimodig kunne gå liv og død i møte på. All kristen tru byggjer på deira overtyding og overlevering, uavhengig av seinare forsøk på å setje trua på formel eller presisere trusgrunnlaget med ord. Kristus er sjølvsagt grunnlaget for kristendommen, slik Muhammed er grunnleggjande for islam. Valet mellom dei to bør etter mitt syn ikkje vere særleg vanskeleg.

ANNONSE

Sjølv om Anfindsen i føreordet rettar personleg takk til ei rekkje muslimar og skriv utførleg om sitt personlege vennskap med Farrukh Chaudhry og sin nære konktakt med Abdul Aziz Ahmed, var det ting hos andre muslimar og ved islam han reagerte negativt på: Ingen sans for Bibelen, ei «lovisk» haldning (forbod og påbod), likesæle eller vanakt for kultur, intoleranse for andre truande, antiintellektuelle haldningar og ein ideologi som også skaper så mange ekstremistar. Og Jesus Kristus let seg ikkje forstå som eit vanleg menneske. Det vart difor ikkje noko av den planlagde konverteringa.

Framleis innvandringsmotstandar

Når Anfindsen i kapittel to definerer det han ser som ulike typar fundamentalisme, skriv han berre to sider om høvesvis kristen, islamsk og islamofobisk fundamentalisme, men heile tretten om «humanistisk» fundamentalisme. Det gjev ein peikepinn om vektlegginga. Sjølvsagt er det ikkje grunnleggjande menneskerettar han har noko i mot, men ein humanisme som ikkje set grenser for innvandring eller stiller krav til innvandrarar om å tilpasse seg kultur og normer i landet dei har kome til. Men mest kritisk er han til dei som nektar for fakta, og politikarar og media som hindrar informasjon om og rettkomen kritikk av ugjerningar gjort av innvandrarar. Og særleg er han skeptisk til antirasistiske organisasjonar som berre ser trakassering retta mot innvandrarar og ikkje rasismen retta mot andre innvandrargrupper eller mot nordmenn.

I kapittel tre skriv Anfindsen om dei utfordringane vi står overfor som samfunn. Og det handlar sjølvsagt ikkje om kristen fundamentalisme, men om den muslimske og mangelen på sann og ærleg omtale av denne. Når Obama seier at «ISIL ikkje er islamsk» og Cameron kallar islam «ein fredens religion», er det rett og slett ikkje sant, iallfall ikkje i ei beskrivande tyding, skriv Anfindsen:

«Og dessverre er det ikke slik at ekstremistene utgjør en forsvinnende liten minoritet av muslimene (noe en del journalister og politikere stadig forsøker å trøste seg/oss med). Sannheten er at ekstremistene utgjør en stor minoritet; stor nok i massevis til å kunne påføre resten av verden enorme mengder død, lidelse og problemer. Og med et skremmende potensial for økt oppslutning i årene som kommer…. Det er på tide å snakke sant om de utfordringene fundamentalistisk islam stiller oss overfor. Det motsatte er ikke bare et svik mot storsamfunnet – det er også et svik mot våre muslimske brødre og søstre, som man i så fall gjør en bjørnetjeneste.»

For ytringsfridom og mot multikultur

Nesten like skarp er Anfindsen mot dei som vil innskrenke ytringsfridom og demokrati. Han nemner konkret kronikken «Uakseptable ytringer» av Vetlesen, Ishaq, Bangstad og Hylland Eriksen i Aftenposten frå august 2011, samt politikarar og antirasistar som prøver å kneble folk ved å karakterisere legitime synspunkt som hatefulle og som påstår at sjølv grunngitt kritikk skriv seg frå hat mot dei den er retta mot. Blant sanningar han meiner må fram i lyset for å oppnå forsoning «etter at den multikulturelle revolusjonen har blitt trumfet igjennom på en måte som har skapt dype sår», som han uttrykkjer det, er m.a. desse:
• Det norske folk har ikkje blitt spurt om det vil bli redusert til ein minoritet i sitt eige land
• Dersom du ikkje ser nordmenn som aktuelle ekteskapskandidatar, så er du ikkje sjølv nordmann
• Media har svikta si rolle ved ikkje å legge til rette for debatt om problematiske sider ved innvandring
• Seriøse skeptikarar har systematisk blitt møtt med moralisering og hersketeknikk
• Norske styresmakter har tillatt ei innvandring som har ført til drap, valdtekt og ran av ikkje så få nordmenn
• Segregeringa har gått så langt at det er fare for parallellsamfunn

Mest bekymra er han fordi den norske eliten berre bagatelliserer alt dette.

Koranens Allah = Bibelens Gud !?

I fjerde kapittel med overskrifta «Vårt alles ansvar», skriv Anfindsen om kva kristne, muslimar og alle andre bør gjere for å kunne leve saman i fred. Han oppmodar der kristne av alle konfesjonar til å vere meir audmjuke og ikkje tru dei åleine sit med fasiten på alt. Og han meiner vi må vise større forståing for at muslimar ikkje kan godta treeinigheitslæra. Hans underliggande premiss er truleg at Koranens Allah er identisk med Bibelens Gud, noko verken underskrivne eller kristne flest finn rimeleg.

Reformasjon, sekularisme, humanisme, kulturrelativisme

Når Anfindsen med grunnlag i katolske Brad Gregorys bok, «The Unintended Reformation – how a religious revolution secularized society» påstår at reformasjonen la grunnlaget for sekularisme, har han eit poeng. Det gode ved reformasjon vil eg seie var at fornuft fekk større plass innan samfunnsstyring og tolking av den sanselege verda. Det negative var snusfornufta som avviser mysteriet eller krev Gud på ein forståeleg formel. Dermed vart grunnlaget lagt for sekulære, antikristelege og inhumane, politiske rørsler og i neste omgang for kulturrelativismen, som manglar diskriminerande evne. Her er eg heilt på linje med Anfindsen, som skriv:

«Jeg ser det slik at det nettopp er avkristningen av Europa som – både direkte og indirekte – har banet vei for den innvandrings- og integreringspolitikken som har vært ført i store deler av etterkrigstiden. Humanismen er blitt vårt religionssubstitutt, og nok en gang har vi gått i den fundamentalistiske grøften.»

Kapittel fire inneheld også eit råd om å gje ut fleire bøker på norsk av moderate muslimar, og ei oppmoding til muslimar om også å lese i NT for å lære meir om Jesus («Issa»). Gjensidig respekt bør vere eit ideal for alle. I dagens norske samfunn etterlyser han større sans for ekte konservatisme, som er noko kvalitativt anna enn liberal-høgre. Anfindsen støttar seg her til psykogen og forfattaren Jonathan Haidt, som seier at tradisjonar, institusjonar, verdiar og kulturell praksis som har utvikla seg gjennom generasjonar, er avgjerande for eit funksjonelt samfunn.

Er moderat islam redninga?

«Veien videre» er tittelen på femte og siste ordinære kapittel. Der står det m.a. slik:

«I øyeblikket ser det kun ut til å finnes én troverdig kandidat til å kunne stoppe utbredelsen av fundamentalistisk islam, og det er moderat islam; verken kristendom eller vestlig sekularisme ser ut til å kunne bidra med så veldig mye – ut over nettopp gjennom å påvirke muslimer til å orientere seg i moderat retning.»

Men Anfindsen prøver på ei dobbelgardering som verkar paradoksal:

«Verken fundamentalister av kristen eller ateistisk/sekulær støpning bør få lov å hindre oss andre i å bidra til at moderat islam kan blomstre og få rotfeste i Norge og andre vestlige samfunn.. Samtidig må vi ikke være naive. Dersom kritikerne får rett og det viser seg at moderate muslimer aldri lykkes i å overbevise sine fundamentalistiske trossøsken, da må vi ha innrettet oss på en slik måte at ikke utviklingen kommer ut av kontroll.»

Desse to sitata er blant det eg finn mest uklart og inkonsistent i boka. Eg meiner det er naivt å la islam i nokon form få blomstre og slå rot i Noreg i større grad enn det alt har gjort. For når det har skjedd, er det for seint å snu. Den einaste gruppa eg har full tillit til, er dei kulturelle muslimane i LIM-nettverket.

Ytterleggåande og urealistiske alternativ, men europearar går mot kollektivt sjølvmord
Fleire sider seinare skriv han så:

«Den (innvandrings-) politikken vi har ført, stiller oss tilsynelatende overfor to hovedalternativer; enten må vi kaste muslimene ut fra Europa, eller så må vi igjen bli religiøse. Jeg stemmer for det siste.»

Å lansere utdriving av muslimar frå Europa, sjølv berre som eit teoretisk alternativ, er tankelaust og useriøst. Det ligg heilt opp til Fjordmans formulering frå 2010. Men det må forståast ut frå det Anfindsen har skrive like før, nemleg at i det liberale Europa vil ikkje eller greier ikkje folk å få mange nok barn til å sikre eigen reproduksjon. Det har ikkje minst sosiologen Sigurd Skirbekk peika på i boka «Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre», frå 1999. Den engelskspråklege utgåva har fått tittelen «Dysfunctional Culture», som seier det meste. Så lenge europeiske styresmakter legg til rette for innvandring og ikkje for at våre eigne kvinner skal få mange nok barn til å halde folketalet oppe, meiner også eg at det går strake vegen mot Spenglers «Der Untergang des Abendslandes», og muslimar og islam vil ta over, sidan dei representerer den mest talrike og dominerande gruppa av innvandrarar.
Anfindsen åtvarar i tillegg mot utopismen til dei som trur vestlege land med raskt minkande eiga befolkning og sviktande økonomi skal kunne redde heile verda. Samtidig skriv han like etter noko som er like lite realistisk:

«La oss sette oss som mål at vi – i løpet av noen hundre år – skal befri den muslimske verden fra fundamentalismens forbannede favntak. Og la oss gjøre dette ved å promotere moderat islam i Vesten, ..»

Les boka og døm sjølv!

Eg las denne boka parallelt med Storhaugs bok om islam som den 11. landeplage. Begge forfattarane held fram at det finst mange gode muslimar, men Storhaug er sjølvsagt gjennomgåande meir skeptisk og negativ til hovudstraumen av islam, ikkje minst pga kvinnesynet og patriarkalske strukturar som herskar i innvandrarmiljøa. Når det gjeld islam, heller eg meir til hennar syn. Spesielt er eg kritisk til den synkretismen eg synest Anfindsen legg opp til, slik det går fram av denne kommentaren, som eg skreiv til første innlegget hans om «moderat islam» på Verdidebatt. Men det er mykje bra i sjølve boka. Sjølv om eg her har sitert og referert mykje frå ho, er det sjølvsagt berre eit lite utval og truleg ei overvekt av synspunkt der vi skil lag. Boka inneheld også 9 appendix, men mest om teologiske tema som ikkje er like relevante for lesarane på document.

 

omslag.anfindsen

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629