Kommentar

Otto van Veen Batavians, Defeating Romans on the Rhine (1613)

Debatten om innvandring er sterkt moraliserande, men også svært einsidig, fordi den stort sett handlar om asylsøkjarar og i liten grad om konsekvensane for menneska i dei landa migrantane flytter frå eller kjem til. Etter å ha følgd og deltatt i samfunnsdebatten om asyl- og innvandringspolitikk siste tjue åra, er eg ikkje det minste i tvil om at dette er ein rett observasjon.

Debatten på NRK1 13. september var ikkje noko unntak, sjølv om Fredrik Solvang er mellom dei meir saklege programleiarane i NRK. Regien i slike og liknande program er alltid at dei innvandringskritiske må stå skulerett for kvar ‘flyktning’ sin lagnad, enten det gjeld risiko på reisa hit eller levekåra etter eventuell retur til heimlandet. Eg har knapt sett eksempel på det motsette, dvs. at dei innvandringsliberale må stå til ansvar for konsekvensane av sine politiske prioriteringar, m.a. dei mange tildelingane av asyl «på humanitært grunnlag», som det heitte før. Fleire prosent av dei som i neste omgang då blir freista til å bryte opp, endar med å tørste i hel i Sahara eller drukne i Middelhavet. Kor humant er dét?

Politikarane er først og fremst valde for å ta vare på vårt eige land og folk. I dei fleste saker er det då også dette dei må svare for i media, men mest aldri når temaet er innvandring. Etter valet i Sverige konstaterte Ketil Raknes, forfattar av Høyrepopulismens hemmeligheter, at veljarane der meinte både helsevesen, utdanning, likestilling, sosial velferd, samt lov og orden var viktigare enn flyktningar og innvandring, og at det var derfor Sverigedemokraterna ikkje gjorde det endå betre.

Her, som ofte elles når det gjeld opinionsmålingar, passar ordtaket «som du ropar i skogen, får du svar». For om ikkje innvandring er alle politiske problems mor, slik den tyske CSU-leiaren Horst Seehofer nyst sa, så har dagens folkevandring likevel svært mykje å seie for både tryggleik, kriminalitet, likestilling, sysselsetjing og samfunnsøkonomi, og med det også for framtidig velferdsnivå i vestlege land. Det forstår mange av veljarane, men endå fleire ville gjort det om media oppfylte informasjonsplikta si.

På sjølve 9/11, dvs. sist torsdag, vart Paul Collier presentert som «bekymringsideolog» i avisa Vårt Land. Det interessante er at økonomen Collier meiner dei sosiale konsekvensane av innvandring er viktigare enn dei økonomiske:

«Det er de sosiale normene; tillit, solidaritet og vilje til samarbeid, som har skapt det norske samfunnet.. Det ville være en tragedie dersom vi lot denne sosiale kulturen forfalle. Men den største risikoen for at det vil kunne skje er at vi ikke engang innser at vi har organisert hele samfunnet vårt rundt dem, og hvor sjeldent det er å finne samfunn som har lyktes med det samme.»

Dette siste er heilt i tråd med hovudpoenget til Douglas Murrey, slik eg oppfattar han etter å ha lese boka Europas underlige død og lytta på nett til foredraget hans i Oslo Militære Samfund. Vårt fredelege tillitssamfunn med jamn velstand er ein sjeldan fugl, så kvifor endre det drastisk ved innvandring. If it ain’t broke, don’t fix it, som det heiter på folkeleg engelsk. Kvifor avskaffe det gode samfunnet vi har hatt og bestemme oss for å gjere det om til noko anna og ukjent? Eller kanskje ikkje så heilt ukjent, for TV-bilda gjev oss ofte eit hint om korleis framtida kan bli også hos oss. For to år sidan sa eg det slik i lokalavisa Vestlandsnytt:

«Kva vinn vi ved å skifte ut fredelege nordmenn med folk frå dei mest mislykka og valdelege statane på jorda, byte ut kristendom med islam, rettsstat med klankultur, ytringsfridom med ytringsfrykt, fornuftbaserte lover med sharia, velferdsstat med armod, og gå frå eit tillitssamfunn til eitt med korrupsjon, kriminalitet og i verste fall borgarkrigsliknande tilstandar?»

Det er dette spørsmålet vi bør stille til alle innvandringsliberale politikarar; frå R, MDG, SV, V, KrF på eine sida, til verbalt litt meir moderate Sp, Ap og H på den andre. For ingen av desse partia er villige til å stanse utviklinga mot innvandrarfleirtal i Noreg i våre barns og barnebarns levetid. Og dette innvandrarfleirtalet vil ikkje bestå hovudsakleg av europearar, men av afrikanarar og asiatar med annan kultur og i stor grad annan religion.

Kor lenge må vi vente på journalistar som stiller politikarane frå desse åtte partia til ansvar for det dei har gjort og framleis gjer med folk og framtid? Både politikarane og media har mykje å svare for. Terje Tvedt skriv i boka «Det internasjonale gjennombruddet» at Norsk Journalistlag i 1997 gav ut brosjyren «Mangfold eller enfold? Veiviser for journalistisk arbeid i det flerkulturelle Norge»,der dei gjekk inn for at

journalistikken ikke først og fremst skulle være opptatt av hva som var sant, men av hva som var positivt for nordmenns syn på integrering.

Ja, då så. Det forklarar mykje, men orsakar ingen. Sverminga for såkalla mangfald er etter mitt syn tvert om eit einfald av det mest tanketomme og historielause slaget.