kittelsen-opplevelser-paa-blaafarveverket

Bildet: Th. Kittelsen Opplevelser ved Blaafarveverket. 1873
I Herøy har vi hatt eit mottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan. Nokre EMA med slik bakgrunn har nyleg fått avslag på søknaden sin. Dette har ført til lokale protestaksjonar fleire stader i landet. I kommunen vår vart initiativet tatt av ei sytten år gammal jente, som har venner på mottaket. For ei veke sidan vart det arrangert eit fakkeltog der 150 demonstrerte, i følgje denne reportasjen i Sunnmørsposten. Somme har spurt kvifor så få gjekk i tog, når dei unge asylsøkjarane så sjølvsagt fortener vår medkjensle. Ikkje berre vart dei sende ut på ei lang og farleg reise, men dei er også komne til eit framandt land med ukjende skikkar, uendeleg langt bort frå sine nære og kjære; mor, far og sysken. Situasjonen for dei blir ikkje betre ved avslag og retur, for sannsynlegvis vil dei oppleve dette som eit nederlag og eit personleg svik mot familien, som kan ha investert meir enn ti årslønner på reisa deira.

Problemet med denne framstillinga åleine er at synsvinkelen er for smal og tidshorisonten for kort. Det same og litt til kan seiast om synspunkta til Høgre-ordføraren i Herøy, som har skrive ei vise der han seier at asylavslag inneber at dei «som ikkje er norske, ikkje er verdig vår jord». I ei meiningsmåling, referert i Aftenposten for to år sidan, meinte 75% av dei spurde at andre synsmåtar («komplekse perspektiv») går tapt når media legg vekt på individuelle historier. Berre ni prosent var ueinige. Omtalen i avisene av den aktuelle saka viser til gagns at slik er det. Folk flest vende derimot tommelen ned også for akuttmottak i kommunen. På Herøynytt si meiningsmåling i fjor gjekk to av tre i mot, men sjølvsagt tok ingen omsyn til det.

Ser vi på konsekvensar lenger fram i tid, er det ikkje rart at folk er skeptiske. Kva vinn vi ved å skifte ut fredelege nordmenn med folk frå dei mest mislykka og valdelege statane på jorda, byte ut kristendom med islam, rettsstat med klankultur, ytringsfridom med ytringsfrykt, fornuftbaserte lover med sharia, velferdsstat med armod, og gå frå eit tillitssamfunn til eitt med korrupsjon, kriminalitet og fare for borgarkrig?

ANNONSE

Er dette grunnlause bekymringar? Nei, slett ikkje. Ein treng ikkje dra lenger enn til Sverige for å sjå kva veg det ber. I Malmö seier førstestatsadvokat Sjöstrand at politiet held på å misse kontrollen. Det er fleire mord og meir grov kriminalitet enn dei maktar å etterforske. Også i Stockholm og Göteborg finst det forstader der politi, brannvesen og ambulansar regelmessig blir møtt med steinkasting. Frankrike åleine har nesten seks hundre slike bydelar. Sjefen for den franske sikkerheitstenesta, Patrick Calvar, har to gonger i år sagt at landet står på randen av borgarkrig. I Vest-Europa vert terrorgrupper avslørte kvar månad. Sist veke fekk vi høyre at framtidige pensjonar i Noreg er underfinansierte med 1200 mrd. Tidlegare forskar ved NUPI, Helge Lurås, meiner innvandrargrupper kan bli brukte til å destabilisere landet vårt (Forposten 18.10.16).

Kva har så dette med tenåringar frå Afghanistan eller med den einskilde innvandrar frå muslimske land å gjere? Jau, om lag like mykje eller lite som kvar enkelt staur har med eit heilt staurlass å gjere. Eg tenkjer på historia om kjerringa som skulle lesse staur og sa til merra: «Dreg du den, så dreg du den, òg». Til slutt var ikkje lasset til å rikke. Det er summen av innvandrarar på lang sikt som tel! SSB fortel at denne summen kan bli på over elleve millionar ved hundreårsskiftet, av dei minst halvparten muslimar.

Svenske Moderaterna har snudd innvandringspolitikken sin 180 grader etter at Reinfeldt gjekk av som partileiar og statsminister. Britane har valt brexit, amerikanarane Trump, og i Frankrike vil slaget stå mellom konservative Fillon og populistiske Le Pen, dei to kandidatane med strengast innvandringspolitikk. Alt er ein reaksjon på eksport av arbeidsplassar, import av personar og ein politikk som har neglisjert nasjonal identitet og framtida for dei innfødde innbyggjarane. På grunn av oljeinntektene har vi nordmenn til no vore for sløve og tenkt for kort til å finne dei rette trekka. Vi forstår enno ikkje at sjølve sivilsamfunnet kan bryte saman pga dagens folkevandring.

 

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629