Kommentar

Tre av bærebjelkene i Stoltenberg-regjeringens asylinnstramninger er blitt borte i løpet av èn uke, konstaterer journalist Jon Hustad i Dag og Tid.

Retur av asylsøkere til det europeiske landet hvor de først søkte om asyl i hht Dublin-avtalen (5000 personer i 2009), retur av asylsøkere med avslag på opphold og ventemottaksordningen for asylsøkere med endelig avslag, var alle sentrale tiltak i den stramme asylpolitikken innførte før stortingsvalget.
Men i løpet av èn uke har Utlendingsnemda (UNE) etterkommet Den europeiske menneskerettsdomstolens krav om å stanse retur til Hellas, samtidig som utreiseplikten for somaliere – som tradisjonelt har utgjort en av de største gruppene av asylsøkere til Norge – med endelig avslag på asylsøknad ble stanset og ventemottakene, en ordning som ble opprettet for å få personer med endelig avslag til å returnere til hjemlandet, ble vedtatt nedlagt av Justisdepartementet og Utlendingsdirektoratet (UDI).

De aktuelle innstramningene ble lagt frem i forbindelse med rekordåret 2008, da det ankom 17.226 asylsøkere til Norge, noe som bla gjorde det nødvendig å opprette ett nytt asylmottak i uken.

Oppsummert: Gjennom ei kort veke forsvann tre av stolpane i den norske innstraminga i asylpolitikken: retur til Hellas, retur til Somalia og harde ventemottak. Og det får kanskje konsekvensar. For som den førre statssekretæren i Justisdepartementet med ansvar for asylhandsaming og innvandring, Libe Rieber-Mohn, sa til Stavanger Aftenblad i oktober 2008: «Nesten alle asylsøkere i dag har hjelp av menneskesmuglere. Disse spekulerer i de ulike lands praksis i asylsaker. Hvis de oppfatter at norsk politikk er mer åpen enn andres, vil de styre asylsøkere hit.»

Før de tre vedtakene la regjeringen frem et statsbudsjett med milliardinnsparinger i asylbudsjettet og varslet dramatiske nedskjæringer i UDI. Nå har Justisdepartementet varslet ekstrabevilgninger.

Asylpolitikken ligger likevel fast, mener statssekretær i Justisdepartementet Pål K. Lønseth. Lønseth, som har særlig ansvar for regjeringens asyl- og innvandringspolitikken, forteller at mens Norge brukte 750 millioner kroner på hele det humanitære engasjementet i Afghanistan i 2009, ble det samme år brukt 950 millioner på to tusen unge afghanske asylsøkere i Norge. Han finner det vanskelig å svare på Hustads spørsmål om hvorfor norsk asylpolitikk belønner ressurssterke flyktninger som har råd til å bli smuglet til Norge:

– No har mykje av det Storberget var redd skulle henda, hendt. Er Justisdepartementet like redd?

– Nei, vi er ikkje så redde. I sumar var det eit einsidig press for at Noreg skulle suspendera returen til Hellas. No har fleire land gjort dette; Irland, Storbritannia, Nederland og Danmark har fullstendig stogg i returen, andre har delvise stogg.

– Men sidan Middelhavet no er så godt som stengt grunna av­­talar med nordafrikanske land, kjem langt fleire asylsøkjarar via Hellas. Vedtaket må då medføra auka tilstrøyming til Noreg?
– Vi kan ikkje utelukka at det kjem nokre fleire, vedtaket kan ha ein tiltrekkjingseffekt, men denne vert altså mindre sidan vi ikkje er åleine om å stogga returane.

– På den eine sida seier de auka retur, på den andre sida stoggar de returen av ei av dei største asylsøkjargruppene, somaliarane.
– Ja, dei fleste somaliarane kan no ikkje verta returnerte, men søknadene skal framleis vurderast. Vedtaket er ikkje særskilt dramatisk for oss. Vi kjem no på line med praksisen i andre land.

– Men vi har ein relativt større del somaliarar enn andre land, då får vi vel òg relativt fleire søkjarar?
– Eg er ikkje så sikker på det. Vi vurderer framleis såkalla internflukt i Somalia, så det er framleis mogeleg å senda folk til landet. Men samstundes har Høgkommissæren for flyktning­ar, som UNE har teke omsyn til, rådt oss frå å senda folk attende til Somalia. Det er hovudbiletet no.

– Det er eit ukjent tal menneske der ute som har råd til å verta smugla til Noreg og som ikkje kan eller bør returnerast; samstundes er det langt fleire som ikkje har råd til å verta smugla hit og som truleg lever under endå verre tilhøve. Kvifor løner vi dei flyktningane som har best råd med pengar?
– Dette er eit viktig spørsmål for regjeringa. Vi har som mål å auka talet på kvoteflyktningar frå tolv til femten hundre om talet på asylsøkjarar held seg stabilt og relativt lågt.

– Jau, men det er likevel langt fleire som har slektningar i Noreg eller relativ rikdom i heimlandet som difor har råd til å verta smugla til Noreg. Igjen: Kvifor skal det løna seg å verta smugla hit?
– Mange i den tredje verda opplever sjølvsagt dette som urettvist, men vi kan ikkje byrja å betala folk for at dei skal kunna kjøpa seg til Noreg. Men dei som kjem hit, må få ei ansvarleg handsaming av søknaden. Vi lever ikkje i ei ideell verd.

– Greitt, men ser du ikkje det underlege i at folk får verta i Noreg berre av di dei kjem seg til Noreg?
– Vi returnerer ikkje til Mogadishu av di det er ei krigssone. Eg forstår sant å seia ikkje kvar du vil.

– Eg prøver igjen: I Mogadishu er det hundretusenvis, kanskje millionar, som lever med denne krigstilstanden. Kvifor får dei som har råd til å koma seg til Noreg, verta her medan dei andre, alle dei fattige, må halda fram med å leva der. Om det er så gale, burde vi vel henta alle?
– Ja, slik verda er i dag, får dei som har råd til å verta smugla noko som dei andre ikkje får – diverre. Men vi har ikkje den logikken at av di mange andre lid, må du og lida og difor må vi senda deg heim.

– Kvifor ikkje?
– Jau, det går an å tenkja seg at vi om vi stengde grensene, så hadde pengane som i dag vert nytta på asylsøkjarar kome betre til nytte – og for langt fleire. I fjor kom det to tusen frå Afghani­stan som søkte asyl som einslege mindreårige. På desse to tusen nytta vi 950 millionar. På heile vårt humanitære engasjement i Afghanistan nytta vi 750 millionar i fjor. Det er noko hårreisande gale ved desse tala. Nett difor prøver vi å returnera dei som ikkje har rett til opphald for slik å nytta pengane betre andre stader. Vi stengjer likevel ikkje landegrensene. Men ja, dette er eit dilemma. Eg forstår at du reiser spørsmålet.

Når det gjeld nedleggjinga av ventemottak, seier Lønseth at halvparten av bråkmakarane på Lier alt er sende ut, og at regjeringa òg kjem til å senda ut resten.

Dag og Tid: No vert dei verande