Nytt

Portugal har en av de mest åpne grensene i den vestlige verden og ligger bare noen kilometer fra Afrika. Det er også et sikkert land for mennesker som oppfyller kravene til asylopphold. Så hvorfor er det nesten ingen asylsøkere som drar dit?, spør Jon Hustad i Dag og Tid.

I 2007 ga Portugal opphold på humanitært grunnlag til 25 personer og innvilget asyl til to, mens Norge nå nærmer seg 20.000 asylsøkere i året. Hva skyldes dette?

Førre veka strama Arbeidarpartiet til: 20.000 asylsøkjarar per år vert for mange. Men fyrst eit sitat frå den årlege rapporten til utanriksdepartementet i USA om korleis menneskerettane vert handheva i ulike land. Dette skriv dei om innvandringspraksisen til Portugal i 2007, og The State Department er som vi ser, grunnleggjande sett positive til det portugisarane held på med:

«Flyktningsystemet i landet var aktivt og ope. I tillegg til flyktningar og asylsøkjarar gav også landet mellombels vern til einskildindivid som ikkje var kvalifiserte flyktningar under 1951-konvensjonen og den tilhøyrande 1967-protokollen.»

Hustad viser til avdøde Atle Bakke, som ble drept i august i det såkalte «Tøyendrapet». Bakke hadde oppholdstillatelse i Norge, men fikk en varig utvisningsdom etter å ha blitt dømt for drap og ble tvangsreturnert til Somalia i 2005. Allerede i 2006 var han tilbake og søkte om asyl på nytt. Det tok for øvrig norske myndigheter 2,5 år å avslå asylsøknad nummer to fra den varig utviste, drapsdømte Bakke som oppholdt seg ulovlig i Norge alt ved ankomsten i 2006, og da han ble drept i august 2009 var klagesaken enda ikke ferdigbehandlet.

Drapsetterforskningen viste at Bakke hadde hele fire forskjellige identiteter, som alle utløste offentlige stønadsordninger:

Bakke var truleg fødd i Somalia og hevda då han fekk opphald i Noreg at han heitte Mahmed Ahmed Abdinur. Bakke hadde sjølv ein drapsdom på seg og vart send attende til Somalia i 2005. Kort tid etter kom han attende til Noreg, endå han hadde ein utvisingsdom mot seg, men den hadde politiet vanskar med å få effektuert – dei sleit med å finna mannen. Kvifor?

Politietterforskinga synte at Bakke hadde fire personnummer og fire identitetar: To norske og to somaliske, og desse ulike identitetane hadde ulike bustader og utløyste velferdsstønader til fire i staden for éin. I ein byråkratisk forstand vart altså fire ulike individ drepne på Tøyen i byrjinga av august.

GJEV EG VAR I EIT VARMARE LAND
Kvifor drog ikkje Bakke til Portugal, eit varmt og venleg land? Kvifor drog han i staden til Noreg?
Eg har sjølvsagt ikkje noko sikkert svar, men eg har i den siste tida spurt ein del politimenn og sosialarbeidarar om kva dei trur, og om det somaliske miljøet i Noreg generelt. Svaret dei gjev, er enkelt: Somaliarane har knekt den norske velferdskoden. Gjennom ein periode på under tjue år har talet på somaliarar i Noreg auka frå vel 200 til godt over 20.000. Arbeidsdeltakinga er på 36 prosent (mellom etnisk norske er den same deltakinga om lag 75 prosent). No er tala over arbeidsdeltaking mellom ein del innvandrargrupper nokså upålitelege, men vi kan nok trygt gå ut frå at ein god del av dei som er i det offisielle arbeidslivet, tener løna si gjennom å vera morsmålslærarar og ressurspersonar for andre somaliarar. Men slikt arbeid spesielt, og arbeid i den norske omsorgssektoren eller i den private servicesektoren generelt, er ofte ikkje særleg godt lønt. Uføretrygd, sosial-hjelp og bustønad er for mange meir lønsamt, og om ein i tillegg maktar å manipulera eit velferdssystem som er bygt på tillit, som det norske er, så vert det ekstra lønsamt å stå utanfor arbeidslivet – noko Atle Bakke altså ser ut til å ha funne ut av.

I Portugal er det imidlertid annerledes, skriver Hustad. Landet tilbyr gratis helsetjenester, fri skolegang og alderspensjon, men utover dette er velferdssystemet langt fra like omfattende som i land som blant andre Norge:

Som i dei andre søreuropeiske og katolske landa er det meste av velferda og omsorga lagt til familien; uføretrygd, sosialhjelp eller for den del morsmålsopplæring er nokså ukjende storleikar i Portugal. Kort sagt: I staden for å stogga i Portugal er det meir føremålstenleg for somaliarar og andre å lata seg smugla gjennom heile Europa og til Noreg.

Det er dette Jens Stoltenberg og Ap no vil freista å demma opp for: «Vi skal taka vår del av ansvaret for dei som treng vern», sa Stoltenberg då Soria Moria II vart lagt fram. «Men vi kan ikkje taka mykje meir ansvar enn andre», la han til, og med god grunn: Er det vern mot politisk forfylgjing det er tale om, er Portugal like godt eigna som Noreg. Det tragiske, etter mitt syn, er at denne innsikta kjem så seint.

Knut Røed ved Frisch-senteret på Blindern har i en årrekke forsket på arbeidsdeltagelsen og trygdeforbruket for innvandrere. Uføreutvalget kommenterer tallene fra NOU 2007:4 slik:

«Innvandrere fra Nord-Afrika og Midtøsten skiller seg ut med en meget høy [uføre]sannsynlighet. Mens nordmenn har en uføresannsynlighet på om lag 12 prosent, anslås uføresannsynligheten for disse gruppene til å være henholdsvis 35 og 27 prosentpoeng høyere, alt annet likt.» Alt anna likt tyder at dei har justert tala for alder, utdaning, klasse og type arbeid. Frisch-senteret fann elles at vietnamesarar, kinesarar og tamilar hadde ein lægre uførerisko enn etnisk norske.

Arbeidsdeltagelsen viser det samme mønsteret: I rapporten fra Fordelingsutvalget (NOU 2009:10 – side 388) finnes en figur over arbeidsdeltagelsen til innvandrere fra den tredje verden, og den viser at Norge er det landet i Europa som har størst sysselsettingsgap mellom majoritetsbefolkningen og innvandrere. Bryter man ned tallene finner man at hovedårsaken til dette er den lave arbeidsdeltagelsen til innvandrere fra Nord-Afrika og Midtøsten, opplyser Hustad.

Det vi såg i førre veke, var etter mitt syn eitt av dei store skifta i nyare norsk historie. Langt færre skal få opphald på humanitært grunnlag, langt fleire skal internerast, langt fleire skal tvangsreturnerast, DNA-testar og biometrikk skal verta vanleg, og sist, men ikkje minst: Om du ikkje arbeider eller tek utdaning i minst fire år, får du ikkje henta ektefelle frå heimlandet.

FLEIRE KVOTEFLYKTNINGAR
Anten må innvandringa frå ein del område av verda reduserast dramatisk, eller så må velferdsstaten verta dramatisk redusert, er den underliggjande bodskapen som Ap no har sendt ut. Og jamvel om den nye politikken er strengare enn den Framstegspartiet gjekk inn for så seint som i år 2000, kan vi likevel vera trygge på at om tiltaka ikkje har ein klår effekt, kjem det til å koma fleire, mange fleire. For når Ap-maskina fyrst kjem i gang, køyrer ho over det meste.

Ein tanke til slutt: I interneringsleirar på Sri Lanka sit det no 750.000 tamilar som ikkje har råd eller høve til å verta smugla til Noreg, som ber sin del av ansvaret for situasjonen gjennom Erik Solheim og UDs mislukka deltaking i den såkalla fredsprosessen. Mange av desse bør få opphald i Noreg gjennom kvoteflyktningsordninga. Menneskesmuglarane har tent meir enn nok på den norske innvandringspolitikken.

Dag og Tid: Ein truverdig politikk