Kort

Jon Hustad var på FrPs valgvake og gir råd om hva FrP må kreve i forhandlingene: strengere innvandring og veger.
Dag og Tid
 
Ellers vil velgerne aldri tilgi partiet.

Sidan journalistar ikkje likar Frp, og eg ikkje likar journalistar, fann eg ut at den beste valvaka måtte vera Frps på baren Ballroom. Det starta i grunnen nokså dårleg, ikkje for journalistane, men for Frparane. Straks etter valdagsmålingane klokka ni spurde ein ung innvandrartilsett meg nervøst: «Vert alt endra no?» «Nei», svara eg, «dei må ha stønad frå KrF, du kan slappa av.»

Eg har framleis litt dårleg samvit for det svaret, for Frp treng ikkje KrF, og med det er posisjonen til Frp styrkt og KrFs svekt, og det same kor mykje Trine Skei Grande insisterer på at KrF skal med. Frp har vore det evige toget i natta, no er dei endeleg inne på stasjonen. Spelar dei korta rett, kan dei verta ei kraft for eit betre Noreg.

To krav gjekk att hjå Frp-arane eg tala med måndagskvelden: mindre innvandring og meir veg. Båe krava er vituge, og båe krava bør dei lett få gjennomslag for. Dei andre sentrale elementa i politikken til Frp, meir til helse, lovfest eldreomsorg og mindre skatt, rekna dei med at partiet i alle høve ville få gjennomslag for sidan dei andre borgarlege partia, med unnatak av KrF i skattespørsmålet, har liknande krav og ynske.

Men, var det òg brei semje om, Frp må vera det siste partiet som går inn i regjering. «Vi må vera dei tøffaste forhandlarane og gje veljarane våre eit klårt inntrykk av at vi står på krava», som ein sentral politikarar sa det. Så lat meg freista å tenkja som ein Frp-ar og gå gjennom kravlista.

Frp har vore det einaste partiet som har vore ærleg på innvandringsfeltet, og veljarane vil aldri tilgje partiet om dei ikkje no får gjennomført det dei har lova. Berre i august kom det 1616 asylsøkjarar til Noreg, som er det høgste talet på fire år. Med dagens politikk vil 70 til 80 prosent av dei få opphald, og svært mange av desse som kjem, kan ikkje eingong lesa eller skriva.

Gje amnesti til asylborna

Frp krev lukka asylmottak, dei bør stå på det kravet for asylsøkjarar frå land vi i alle høve ikkje gjev asyl til. Frp krev at ein må ha ei årsinntekt på 429.000 kroner for å henta ektefelle til Noreg frå land utanfor EØS. Og Frp vil ikkje lenger gje opphald på humanitært grunnlag, altså til menneske som ikkje er politisk forfylgde. Alle desse krava bør vera absolutte. Dei må rett nok gje noko i byte til mellompartia. Eitt område peikar seg ut: asylborna. Dagens regjering har late denne verkebyllen veksa og veksa; ikkje har dei fått opphald, og ikkje har dei vorte transporterte ut. Frp bør akseptera eit amnesti for dei familiane med born som har vore her lenger enn tre år. Frp bør òg enkelt og greitt krevja å få posten som justisminister og nytta posisjonen til ein heilt naudsynt gjennomgang av innvandringsfeltet og for den del kriminalitetsfeltet.