Det var så greitt med asylsøkjarane då eg voks opp i 1950-åra. Det var folk som hadde våga å hoppe av frå kommuniststatane i Aust-Europa og søkte fridomen gjennom «politisk asyl». Avhopparane var ikkje fleire enn at dei her i vest fekk individuell avisomtale og sto fram som heltar i den kalde krigen.

Sidan 1975 har asyl i aukande grad blitt til industri og næringsveg. Det høyrest fælt å seia det slik. Men det er diverre sant.

No er det tale om mange hundretusentals menneske som vil ha seg plass i Europa kvart år. Får dei ikkje asyl, er det andre lempelege, humane ordningar å få. Svært mange av søkjarane blir verande i alle fall.

Dei store tala kjem ikkje frå dei medieomtalte asylbarna, men frå foreldre, slektningar, arrangørar og bakmenn under vignetten familiegjenforeining, – ei ordning som EF/EU gjekk med på overfor arabiske oljeproduserande land etter embargoen i 1973. OIC (Organization of Islamic Conference) samordna presset: Europa skulle få olje for framtida, mot ei lang rekkje krav, til dømes avtalar om tilretteleggjing for islamsk religion, innvandring og opning for prinsippet om familiegjenforeining.

ANNONSE

Som Per Steinar Runde skriv på document.no 11. april: «Samanlikna med tidlegare har asylinnvandringa til Vesten auka frå nokre få snøfnugg til eit veritabelt snøskred.» Den lange artikkelen er både perspektivrik og pedagogisk, og bør spreiast.

Ut frå våre kristne og humanitære ideal vil me gjerne gje opphald til dei som er reelt utsette for forfølgjing, eller som treng vern av andre grunnar. Styresmaktene prøver difor å vurdere behovet til kvar einskild.

Problemet er at dette er ei umogleg oppgåve å klarleggje.

Sett frå Afrika og Midtausten er Noreg og Europa framleis å sjå til som eit himmelsk paradis. Moderne kommunikasjonar gjer det langt lettare enn før å reise. Dei som har råd til det, bryt opp og dreg mot honningkrukkene i nord og vest, medan dei fattigaste og mest elendige sit att i sine mislykka og vanstyrte samfunn.

Liv blir sett på spel. Dei villaste soger blir produserte for å sleppe inn.

Migrants sit in a boat off the coast of Sicily during a mission by the Italian navy as part of its M

Foto: Folk flest har medfølelse med mennesker som forlater sine hjemland og gjennomgår store prøvelser. Men det de ser gjør dem samtidig urolige: Det er flest menn i 20-30-årsalderen, enslige, som kommer. De er ufaglærte og kommer til et kontinent hvor det ikke finnes ufaglærte jobber. Den som tar imot har et ansvar. Likevel sa Ap-leder Jonas Gahr Støre i dag at Norge må ta kontakt med Italia og hjelpe til å redde mennesker i nød. – Middelhavet er ikke langt unna Norge, sa Støre. Virkelig?

Noreg fører den mest liberale asylpolitikken i Europa nest etter Sverige. I høve til folketalet tek me inn fire-fem gonger fleire enn land som Danmark og Nederland, fem gonger så mange som Tyskland, Frankrike og Storbritannia, og opptil femti gonger fleire enn ein del andre land.

Frå lobby-adelen høyrer ein likevel dagstøtt at politikken vår er altfor stram og striks: Verdens beste og rikaste land burde ta imot fleire!

Sant nok: Media rører oss i det inste når me ser stillferdige småungar pratar norsk og har lyst til å halde fram på skulen i lag med venene sine, «men Norge vil ikke ha meg…»

I Noreg har det i fleire år utvikla seg ein kappestrid, ein offentleg betalt auksjon, om å vera mest mogleg liberal, snill og raus, – og å overby andre i humanitet og prektigheit. Det gjeld både politiske parti, kyrkjebyråkratiet, og ei lang rekkje organisasjonar som gjennom asyl- og innvandringsområdet har funne seg eit beite til sikrare drift, betre løn til generalsekretærane og dei mange hundretals info- og kommunikasjonskonsulentar, – dei fleste av dei med statsfinansierte midlar for å motarbeide statens eigen politikk.

Ved å bla litt i avisene dei siste vekene, ser me dei på karusellen, alle i hop, talsmenn som har til felles lobbyverksemd som sitt levebrød:

NOAS, Amnesty, Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp, Redd Barna, Mellomkyrkjeleg Råd, Plan Norge, LNU, Norsk Senter for Menneskerettar, Kirkens Bymisjon, Flyktningehjelpen, – for å nemne nokre av dei ivrigaste. Ungdomsorganisasjonane går endå lenger i krav, og trur no som før at statskassa er botnlaus og fyller seg automatisk.

Dei fleste avisene, og ikkje minst TV2 og NRK, med reportasjar på grensa til sosialpornografi, piskar opp emosjonar og utløyser nye overbod i mange fora, både i asyl- og flyktningepolitikken. Samtidig, konsekvent, går dei lobbykorrekte laus på dei andre som meiner at den samla innvandringspolitikken ikkje er berekraftig i lengda. Ikkje minst er det kjeft å få for dei folkevalde som prøver å få til innstramming, om det så er den minste fartsreduksjon på karusellen, – eller for å bruke bilspråket, kritikk mot alle som prøver å få ned farten frå fjerdegir til tredjegir.

Ser ein økonomisk på det, var dei direkte kostnadene med innvandring og integrering 6.7 mrd. kroner i 2007. Dei var dobla til 13.7 mrd. kroner i 2011. Dei indirekte kostnadene (bustader, rettsvesen, helse, omsorg, undervisning, transport, sjukepengar, uførepensjon mm.) er mange gonger større. Berre på dei siste fire åra har samfunnet i tillegg teke på seg framtidige kostnader ved ikkje-vestleg innvandring på over 260 milliardar kroner. Dette er stort sett asylinnvandring, då svært få frå desse landa no kjem som arbeidsinnvandrarar.

Arbeidsinnvandring kan, i visse tilfelle, når det er arbeidskraft med kompetanse som kjem, vera til vinn – vinn. Asylinnvandring, derimot, skapar langt større arbeidskraftbehov enn det dei dekkjer sjølve, særleg når det gjeld analfabetar som er med på lasset frå ikkje-vestlege land og kulturar.

Eg meiner at media og folkevalde burde kunne drøfte desse spørsmåla meir ope, fordomsfritt og framtidsretta. Det tek til å haste, dersom Noreg ikkje skal bli ugjenkjenneleg. Men det er kanskje det som er målet?

Demografi og ideologi er avgjerande for nasjonens profil, ressursbruk og virkemåte.

I mange land blir det triste tider for demokratiet, vår vestlege kultur og leveform når den akselererande masseinnvandringa stadig blir kamuflert og pynta med ordelag og nemningar ingen kan seia imot.

 

 

Hallgrim Berg

 

Artikkelen står i avisen Dagen

 

 

 

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629