Nytt

Det er på tide at vi legger ned de politiske kommissærene og vi bør begynne med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), skriver Jon Hustad i Dag og Tid.

Paradoksalt nok var det under Margaret Thatcher, den mest engelske av britiske statsministrar, at bruleggjinga av vegen mot den ideologisk forblinda multikulturalismen byrja. Etter raseopptøyar i London, Birmingham, Oldham og Liverpool vart direktorat etter direktorat, ombod etter ombod og etat etter etat skipa. Storbritannia skulle verta eit jamstelt land, og rasediskrimineringa – som openbert var eit stort problem – skulle bort. Men ein eller annan gong på vegen gjekk det gale, så gale at Tory-partiet no går til val på å fjerna det dei kallar politiske kommissærar. For alle desse hovuda som har ansvar for å overvaka offentlege etatar, medium og private verksemder, dei finn, og dei finn – Storbritannia vert visstnok berre eit meir og meir rasistisk land.

Etter The Race Relations Ammendment Act (Tillegg til rasetilhøvelova) av 2000 er britiske lærarar forplikta til å dokumentera kvar einaste rasistisk handling og kvart einaste rasistisk utbrot på britiske skular. Sidan lova vart innførd, er det registrert 250.000 slike hending­­ar, og byråkratane, eller dei politiske kommissærane, hevdar at dette berre er toppen av isfjellet. No har Adrian Hart, ein dokumentarfilmskapar, skrive ei bok om fenomenet. I The Myth of Racist Kids. Anti-Racist Policy and the Regulation of School Life hevdar han at «oppfatninga om rasistiske born er i hovudsak ein myte».

Hart kom til denne konklusjonen mens han på oppdrag fra den britiske regjeringen laget en film om rasistiske skolebarn. For kartet Hart hadde fått stemte ikke med terrenget.

«Eg vart merksam på eit merkeleg og urovekkjande fenomen: I det moderne og kosmopolitiske Storbritannia, ein stad der rase vert mindre og mindre relevant, og der born ofte har vener frå mange ulike etniske grupper, er den dominerande rasismepåverknaden på borna nettopp antirasismepolitikken. For det er antirasismepolitikken til staten som held rasismen i live i ei tid då mange – særleg born – lever i eit stadig meir fargeblindt samfunn.»

Mekanismene er enkle, skriver Hustad. Ombudet for raselikhet – det enorme Equality and Human Rights Commission (tidligere Commission for Racial Equality) som har over 400 ansatte og et årlig budsjett på 700 millioner kroner – vil ha flere rapporter om rasisme, og da får de flere rapporter. Hvert år siden rapporteringsplikten ble innført har omfanget av rapportert rasisme gått opp. De siste tallene viser at hele 29 prosent flere elever ble utvist pga rasisme i 2009 enn i året før.

Kallar ein unge ein annan «feit» eller «dum», skjer lite, men tek borna i bruk ord som «pakkis» eller «guling», er responsen enorm. Og når uregjerlege born oppdagar at éin type skjellsord har mykje større effekt enn ein annan type skjellsord, så nyttar dei innlysande nok desse, og i prosessen vert dei òg mykje meir merksame på ytre etniske kjenneteikn. Lærarane på si side er sjølvsagt livredde for å verta skulda for ikkje å taka rasisme på alvor, så dimed ser dei rasisme overalt. Resultatet gjev seg sjølv: Lærarane vert redde, og redde lærarar er dårlege lærarar. Dei fornuftige elevane på si side vil ikkje verta skulda for rasisme og held seg meir og meir saman med elevar med same etniske bakgrunn som dei sjølve. Skulane vert ikkje mindre rasedelte, men meir rasedelte, hevdar Hart. Staten har skapt det problemet han ville verta kvitt.

Fenomenet med politiske kommissærer begynner å bli omfattende i Norge også, fortsetter Hustad. Utgangspunktet var Sivilombudsmannen, en instans hvor personer som mente seg utsatt for overgrep av staten kunne henvende seg. Denne ordningen ble en så stor suksess at den førte til krav om flere ombud:

Stortinget svara på krava og umyndiggjorde dimed seg sjølv. Politikarane laga ombod for born, helse, sosialstønad, kjønn og etnisitet, ombod som i sin tur – som alle andre byråkrati – rapporterer om stadig fleire avvik som har gjeve grunnlag for stadig større løyvingar og stadig fleire tilsette og stadig fleire rapportar. Konsekvensen er at stadig fleire nordmenn kjenner seg stempla som kvinnehatarar og rasistar.

No har motreaksjonane, som i Storbritannia, byrja å koma her heime òg. Og som vanleg når noko har vorte innlysande ufornuftig, er det Framstegspartiet som fyrst seier ifrå. Dei går inn for å leggja ned ei rekkje av omboda og direktorata. Om ikkje anna har dei mi fulle støtte.

Problemet er språket
Førre veke la Integrerings- og mangfaldsdirektoratatet (IMDI) fram ein så tåpeleg rapport om norske avisers skildring av innvandrarar at til og med den alltid politisk korrekte Aftenposten fann å måtta taka avstand frå direktoratet på leiarplass. Eit sovjetisk sanningsministerium kunne vanskeleg ha gjort det betre enn IMDI. Berre tittelen, «Medieskapt islamfrykt og usynlige hverdagsliv», varslar om at hypotesen ikkje nett er open. Jan Arild Snoen har elles ein drepande gjennomgang på www.minerva.as for dei som vil ha utdjuping.

I forordet på den omstridte rapporten skriver IMDis direktør Osmund Kaldheim: «Muslimer og personer fra Afrika opplever mest diskriminering i Norge. Det er også disse gruppene som får mest negativ omtale i media, og som befolkningen er mest skeptisk til.» Konklusjonen gir seg selv, mener Hustad:

Konklusjonen gjev seg sjølv, det er media som er problemet, ikkje innvandrarane, noko som vert stadfest av ingen ringare enn dei venstreradikale medieforskarane Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen, som har vorte hyrte inn for å skriva delar av rapporten: «Som en av de sist ankomne gruppene til Norge har somaliere vært utsatt for en gjennomgående mistenkeliggjøring, som ‘de som ligger dårligst an på alle stati­stikker’ når det gjelder tilpasning til det norske samfunnet. De har blitt rapportert om som gruppen med høyest arbeidsledighet, størst forbruk av sosial trygd, dårlige resultater på skolen, høy grad av kriminalitet og blitt knyttet til fenomener som tvangsekteskap, omskjæring, khatrøyking og vold.»

Kva skal ein svara til slikt? Snoen gjer det vel så bra som nokon annan: «Men dette er jo fakta! Skulle pressen la være å fortelle om negative forhold knyttet til en gruppe, fordi dette er ‘mistenkeliggjøring’?» Og fakta er at berre 25 prosent av somaliske kvinner er i arbeid og godt under halvparten av mennene, noko som syner att på lønsstatistikken. Ein gjennomsnittleg somalisk familie hadde i 2007 ei yrkesinntekt på 150.000 kroner og betalte 42.000 i skatt; dei tilsvarande tala for etnisk norske var 635.000 og 205.000 kroner. Lista kan gjerast mykje lengre, men alle som kan rekna, skjønar at den norske velferdsstaten og den norske velstanden ikkje kan byggjast på slike tal som somaliarane representerer, og likevel gjer Eide og Simonsen sitt beste for å halda somaliarane fast i offerrolla.

Demokrati for demokratar
Aha! seier den oppvakte og kritiske lesaren no. Her kjem endå ein journalist som vil lata pressa tura på og skriva det mest rasistiske vrøvl. Nei, eg vil ikkje det. Min påstand er at norske medium i all hovudsak er edruelege når dei skriv om innvandrarfeltet generelt og somaliarar spesielt. Men jau då, det kan vera at eg tek feil. Likevel: Same kor vi snur og vender på det, ligg det eit problem i at det er byråkratiet som kjem med slike påstandar. Eide og Simonsen kan for min del få skriva nett det dei vil, både som forskarar og privatpersonar, gong på gong skal dei i fred frå meg fritt få hevda at det er i språket problema ligg, og at journalistar både er rasistiske og bigotte. Men det er og vert noko heilt anna når det er eit offentleg direktorat, sjølve staten, som kjem med slike påstandar. For ein slik rapport fortel svært mange norske veljarar at staten vil skoddeleggja reelle problem, at byråkratiet er innsausa i kulturrelativisme og mulitkulturalitet, og at vi ikkje lenger kan lita på at byråkratar er objektive og nøytrale.

Eitt kan eg garantera etter denne rapporten: I motsetnad til det IMDI ynskjer, kjem norske journalistar ikkje til å skriva mindre om problema innvandringa fører med seg, men meir. Det er framleis mange nok journalistar att som ikkje toler overformynderi. Den politiske debatten skal vi overlata til det sivile samfunnet og politikarane. Eller som samfunnsforskaren Cathrine Holst konkluderte med etter å ha sett nærare på likestillings- og diskrimineringsombodet i ein artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift og funne eit meiningsombod: «Den politiske diskusjonen skal først og fremst foregå mellom borgerne, de folkevalgte, og demokratiske organisasjoner.»

Dag og Tid: Eit politisert byråkrati av Jon Hustad