Nytt

Rektor Astrid Sabine Busse jobbar frenetisk for eit tettare samarbeid mellom skular, politi og Jugendamt (ungdsomsvern-kontoret). 

Skulen i Köllnische Heide på Hänselstraße i Neukölln har enorme migrasjonsproblem. 96 prosent av elevane har migrasjonsbakgrunn, 77 prosent er arabiske/arabiskspråklege. Neukölln er ein av dei tre mest ghettofiserte bydelane i Berlin. 80 prosent av befolkninga kan knapt nok meir enn ti-tolv tyske ord.

Sonnenalle (ei gate som før Muren fall skilde aust frå vest, og som er skildra i utallege filmar og bøker) er berre nokre få meter unna. Den kjende Al-Nur-moskeen ligg i umiddelbar nærleik til skulen, og er oppsamlingspunkt/ indoktrineringsanstalt for elevane både før og etter skuletid.

Mange av skuleborna kjem frå kjende – og rivaliserande – klanar. «Vi har andreklassingar som kan forklare oss korleis ei boltesaks skal nyttast», fortel Busse.

Rektor Busse, ei uredd og frittalande kvinne, har 36 års erfaring innan skuleverket. Lærar sidan 1982, og rektor sidan 1992. Når samtalen kjem inn på klansystematikken, vert sekstiåringen ekstra engasjert: «Problematikken har oppteke meg i årevis», seier ho i eit forum der også distriktsordførar Martin Hikel (SPD), innanriksekspert Tom Schreiber (også SPD), journalisten Ralph Ghadban og etterforskar/formidlar Thomas Spaniel frå GdP (Gewerkschaft der Polizei) er deltakarar.

Salen er fylt til siste sete. Blant publikum sit lærarar, sosialarbeidarar, politifolk, advokatar. Når Busse fortel om sin kvardag, er stillheita i salen total. Ingen lyd er å høyre, alle lyttar.

«Vi har born frå dei største klanane, til dei mektigaste klanleiarane, blant elevane våre», seier ho.

Ho vil likevel ikkje «svartmale», men fortel ærleg og ope at problema virkar uoverstigelege.

Busse fortel også at mange av elevane aktivt søkjer kroppskontakt, gjerne vil klemme og bli haldne rundt; dei får ikkje den hengivenheit heime som dei i denne alderen treng. Og det ho kallar «pseudo-religiøsitet»; jenter som går med hijab i sommarvarmen, og gutar som fortel at noko er «haram» – utan at verken jentene eller gutane eigentleg forstår kva som foregår, kva meininga er. Rein indoktrinering, altså.

Busse ynskjer seg eit nærare samarbeid mellom skulen, politiet og Jugendamt, for å saman kunne «ta grep» tidleg for å unngå uynskte utviklingar. Her får ho massiv støtte frå det øvrige panelet; Martin Hikel argumenterer for eit betre og meir koordinert nettverk i heile Tyskland for å kome klankriminaliteten og «utanforskapen» til livs. Ein gong for alle.

Nøkkelen til framgang, den einaste moglege løysinga, er, ifølgje Hikel, at ungane i klanmiljøa – i «utanformiljøa» får høve og moglegheit til å utdanne seg, for utan språk og utdanning er integrasjon umogleg.

«Vi må gjere dei lovlege måtane attraktive», seier han.

I Neukölln er det åtte kjende arabiske klanar – som kvar har fleire hundre medlemer. Samtlege er sterkt involverte i kriminell verksemd. Hikel proklamerer «nulltoleransepolitikk» mot dette uvesenet.

Prioriterte oppgåver må vere oppsyn i såkalla vannpipebarar, sikkerheitsvakter framfor skulane, advokatar/juristar og politi med myndigheit og juridisk løyve til øyeblikkeleg straff/handling, og ein spesialkommisjon for saker som opplagt er kriminelle. Som at ein ungdom som nettopp har tatt sertifikat sit bak rattet på ein bil verd 120 tusen euro.

Rektor Busse fortel om fedre (familier) som får sosialhjelp, og m.a. hevdar at dei ikkje ein gong har råd til å gi borna sine pengar til buss til skulen, men likevel hentar borna sine med luksusbilar. Ho har gjentatte gongar kontakta sosial- og jobbesenteret om dette, men svar har ho aldri fått.

Siste ord i debatten fekk journalist og islamekspert Ralph Ghadban, som har fulgt utviklinga sidan 70-talet.

«Denne parallelle verda – der separate patriarkalske strukturar møter eit liberalt samfunn – vart for lenge sidan ignorert av politikarane – og slik er det utruleg nok framleis», seier han – til stor applaus frå den fullsatte salen.

Filmtips – ei historie frå Neukölln om ei uredd kvinne (jurist) som freista gjere noko med denne klanproblematikken.

Ingen andre turde ta i saka – berøringsangsten var total. Til slutt vart ho myrda.

https://de.wikipedia.org/wiki/Kirsten_Heisig

https://www.imdb.com/title/tt3720672/?ref_=nm_flmg_act_12