Nytt

Nok ein gong har Berlinpolitiet utført ein stor razzia retta mot klanmiljøet i Neukölln. I går kveld (torsdag) var målet å avsløre at klandrivne kafear og «Shisha-barar» (vasspipekafear) driv ulovleg og utan løyve, i tillegg til å vere sentralar for narkotikadistribusjon og kvitvasking av pengar.

«Kvifor kontrollerar du alltid oss?»
Borgarmeistaren i Neukölln, Martin Hikel, var til stades for å legitimere razziaen, og kom raskt i trøbbel. Fleire unge klanmedlemer samla seg rundt han og oppførte seg truande. «Kvifor kontrollerar du alltid oss?,» spurde ein. «Ikkje gløym kven som valde deg», seier ein annan.
Hikel heldt dog fana høgt, og responderte sakleg og venleg: «Det er ei årsak til at vi kontrollerar dykk så ofte. Mykje av det som foregår her, er kriminelt.»

Speleautomatar og kontantar konfiskerte
I fleire månadar har Berlinpolitiet skjerpa og auka innsatsen mot den organiserte kriminaliteten som klanane i hovudsak er ansvarlege for. I går vart ein kafé stengt for godt; i to andre kafear vart speleautomatar og kontantar inndregne. Totalt registrerte politiet 25 kriminelle forhold. Hikel er nøgd med resultatet. «Sjølv dei minste lovbrot vil verte straffa,» uttalar han.

«Kvifor undersøkjer du ikkje tyske restaurantar?»
Mange er misnøgde med det dei meiner er «rasistisk» motivert justis. Ein 56-åring, som vil vere anonym, fortel at han kom til Neukölln for 47 år sidan, og at det framleis er som det var då – problemfritt. «I denne kafeen har eg vanka frå første dag; eg kjenner eigaren, og alt er i orden,» hevdar han.

Hikel tar mannen på ordet, og fortel at kafeen mellom anna skuldar fleire titusen euro i skatt; i tillegg fann politiet eit hemmeleg rom med slotmaskiner, og våpen (rett nok berre ein kniv…).
Hikel fortel til 56-åringen: «For meg er du primært ein «Neuköllner», men politiet må slå til mot kriminalitet same kvar det er. Og etter eit kvarters samtale, tek mannen Hikel i handa: «Du er MIN ordførar.» Altså ein tilsynelatande happy end…

Fraksjonssjef Burkhard Dregger (CDU) deltek på sin første razzia
I motsetnad til Hikel, kjem fraksjonssjefen (og praktikant!) Burkard Dregger utstyrt både med politieskorte og skotsikker vest. Han fortel at raidet har vore planlagt i lang tid. Dregger har imidlertid vore sterkt kritisk til tidlegare anslag mot klankriminaliteten – og kalt det heile «show for media» og skraping på overflata. No var tonen ein annan; han sa seg imponert over politiet sin innsats og ber om vidare kraftig innsats.

Luksusbilar vert kontrollerte
«Som vanleg», vart også luksusbilar stoppa for undersøkjing. Og i dei fleste tilfella sat «Harz IV» (arbeidslause på lågste sats) bak rattet. Også «som vanleg», hadde dei berre lånt bilen av ein slektning eller kjenning. Det stusselege resultatet til Berlinpolitiet var: Fire bilar utan forsikring, ein sjåfør utan førarkort, to bilar vart kondemnerte. Likevel vart 450 trafikkbrot registrerte, dei langt fleste av mindre (kriminell) verdi

Neukölln er tapt terreng
Politi og justis kjemper mot vindmøller (sic), mot spøkelser, mot eigne (politisk styrte) seindrektige tiltak og ditto antikvariske lovsystem. Den organiserte kriminaliteten klanane styrer, har tentaklar over heile Europa. Også i Noreg.

Burkhard Dregger har sjølvsagt rett. Alt politiet og rettsinstansane i Berlin (og elles i Vesteuropa) får til, er «skraping på overflata».

Her er ein link til ein (av mange) youtubefilmar, der klanmafiaen skryt av seg sjølv. Som usårlege. Som uimotståelege. Som sigerherrar og vinnarar.

Forhåndsbestill Oriana Fallacis bok her