Nytt

Berlin: I ein massiv operasjon torsdag, utførte påtalemakta og politiet i Berlin razzia fleire stader. Målet for ransakinga var å avsløre såkalla «Autoschiebern» (biltjuvar som stel bilar for så å selje dei utanlands). Dette skriv Berliner Morgenpost torsdag ettermiddag.

Frå klokka seks om morgonen, undersøkte heile 300 politimenn, inkludert spesialstyrkar, fleire bygningar i byen. Fire mistenkte vart pågripne, nokre av desse skal ha nær kontakt med klanmiljøa i Berlin.

Pinleg for politiet
Ein politimann vart pågripen allereie onsdag; mistenkt for å stå i ledtog med tre av dei arresterte. Han er anklaga for å ha gjeve dei kriminelle førehandsopplysningar om planlagte politiaksjonar. Politimannen har lenge vore mistenkt for korrupsjon, og vart suspendert frå jobben allereie i vår. No sit myndigheitene på sikre prov, og mannen vart onsdag varetektsfengsla. Kjelder har til Berliner Morgenpost avslørt at den mistenkte er den 46 år gamle Jørg L., ein høgre tenestemann med 21 år fartstid i politiet. Offisielt ynskjer Berlin-politiet fengslinga av mannen velkomen. På Twitter melder politiet at dei slår resolutt og konsekvent ned på «svarte får» i eigne rekkjer.

Raid også i Brandenburg og Niedersachsen
Parallelt med razziaen i Berlin, vart det også (i regi av Berlinpolitiet) foreteke husundersøkjingar i to andre føderale statar – Brandenburg og Niedersachsen. Her vart det også utført arrestasjonar og gjort beslag. Talsmann for påtalemyndigheita, Martin Steltner, fortel at aksjonen vart utført i nært samarbeid med Europol, og at forbryterligaen har forgreiningar til fleire land – Frankrike, Belgia, Sverige, Nederland, Italia, Østerrike, Polen, Litauen og Algerie. Totalt vart det slått til mot 18 ulike adresser, i tillegg til at leiligheitene til nokre av dei mistenkte også vart undersøkte.

23 mistenkte pågripne
Politiet si presseteneste opplyser vidare at torsdagens aksjon var nøye planlagt, og basert på sikker førehandsinformasjon. I alt 23 mistenkte av ulike nasjonalitetar vart arresterte – anklaga for fleire forhold: Biltjuveri, dokumentfalsk, brot på våpenlova, bestikking, svindel og tjuveri av andre varer. Åtte bilar, ein motorsykkel, fleire bærbare datamaskiner, spesialverktøy for biltjuveri, samt kontantar og narkotika vart beslaglagde.

At tre føderale statar, i tillegg til Europol, samarbeider i ein slik aksjon, er eit direkte resultat av dei tyske myndigheitene sin nye strategi i kampen mot klanane.

jungefreiheit.de

Kjøp Alexander Graus “Hypermoral” fra Document Forlag her!