Nytt

Bushido(t.v) poserer med Arafat Abou-Chaker ved premieren på filmen «Tiden forandrer deg» i Berlin.

15 januar stod ein 42 år gamal mann for første gong for retten i Berlin. Fleire tiltalar mot han er henlagt; for den siste, og einaste teljande – eit angrep på ein vaktmeister – vert mannen idømt ti månadar fengsel, på prøve. Han kan altså gå heim som fri mann. Det er ein grå og alminneleg tysdag i Berlin.

Men så slår lynet ned. Politiet og ein statsadvokat åklagar 42-åringen for eit anna brotsverk. Det handlar om ei påstått planlagt bortføring av borna til rapparen Bushido.  Mannen vert umiddelbart overført til tre veker varetektsfengsling i fengselet Berlin-Moabit.

«Krigstyper» i avisene
For statsadvokat Petra Leister og politiet – ja, for tysk politi generelt – er dette ein sårt etterlengta triumfdag. Det som nettopp hende har i fleire tiår virka umogleg; å rette eit spektakulært slag mot den «tyske» klankriminaliteten. For byttet er ikkje kven som helst – den 42 år gamle delinkventen (Arafat Abou-Chaker) er nemleg rekna som sjølvaste sjefen i den arabiske (utvida) familieklanen Abou-Chaker.  «Utvida» er satt i parantes for å understreke at ikkje samtlege medlemer er rekna som kriminelle, men dei fleste er dømde for både eitt og fleire brot på lova.

Oppsiktsvekkjande vitnesbyrd
Hovudvitnet som gav påtalemakta dette gylne høvet, er ingen ringare enn den fråskilde kona til Arafat Abou-Chakar. Ho hadde overhøyrt kidnappingsplanane  i ein samtale mellom sin eksmann og bror hans, og tipsa politiet om saka. Også høgt posisjonerte klanmedlemer stadfesta ekskona si utsegn; og dette gjorde at statsadvokat Leister kunne krevje Abou-Chaker varetektsfengsla.

Så langt, alt vel
Rapparen Bushido, ein førti år gamal vellukka musikar med tunisisk bakgrunn, var i fleire år forretningspartner med Abou-Chaker. Så valde han imidlertid å bryte samarbeidet; han fann i staden ein «større og mektigare» klansjef å samarbeide med, og for dette ville Abou-Chaker hevne seg. At rapparen også gav ut ein song om brotet (som ikkje skildra A-C særleg smigrande), gjorde sjølvsagt ikkje ekssamarbeidspartneren mildare stemt.

Klanane har uforstyrra fått etablere utilnærmelege maktposisjonar
I fleire tiår har klanene utvida si makt i den tyske hovedstaden, utan innblanding frå hjelpelause myndigheiter. Dei har skapt ei parallell verd der menn med dyre klokker, gullkjeder, luksusbilar og tilsynelatande utømelege lommebøker, har tiltrukke seg og rekruttert stadig fleire tilhengarar og kriminelle aspirantar. Bydelane Neukölln, Wedding, Moabit og Kreuzberg er særleg utsette.

Myndigheitene erkjenner feil
Politikere, politi og rettsvesen har vedgått å ha gjort alvorlege feil. At silkehanskane dels har vore på, av di einkvar kritikk mot «innvandrar og asylantar» har vore rekna som tabu, og at integrasjonspolitikken måtte gå sin gang, utan at politi og justis blanda seg inn. Dermed fekk klanane høve til i ro og mak byggje opp sine maktimperier.

Hovudvekt av kurdisk-arabiske flyktningar
Mange kurdiske-arabiske flyktninger frå Libanon sleit med å finne arbeid i Tyskland. At dei fleste var analfabetar, gjorde saka sjølvsagt ikkje enklare. Dei havna difor automatisk på sosialhjelp. Ved sida av vart kriminalitet ei solid og (tilsynelatande) trygg inntektskjelde; tjuveri, narkotikahandel, utpressing og ulovleg gambling.

Ein for alle, alle for ein
Klanane sin struktur, der medlemene vanlegvis vert gifte med kvarandre, hindrar ikkje berre integrasjonen, det fører også til vanntette skott mot omverda. Som det kjende omgrepet Omertà («code of silence») har også klanane sitt æreskodeks – totalt og absolutt samhald internt. For, som islamspesialisten Mathias Rohe seier: «Klanen er alt, resten er ingenting».

Storfisken slit snøret
Men kor lenge var Adam i paradis? Brått vart alle vitna tyste som i grava – like brått hadde ikkje lenger statsadvokat Petra Leister ei sak – og vips – vart Arafat Abou-Chaker nok ein gong ein fri mann.
Tilbake står ein tomhendt statsadvokat, ein smilande og sjølvsikker klansjef og ein rappar under politiovervaking døgnet rundt.

Optimismen er nær nullpunktet
Fleire etterforskarar meiner toget har gått – at det er for seint å bryte klanstrukturane. Mellom 12 og 20 klaner med fleire tusen medlemer er aktive i Tyskland, forutan i Berlin, også i Ruhr-området, i Niedersachsen og i Bremen. Politiet nyttar berre etternamna (eller forbokstaven i etternamna): Remmo, Miri, Al-Zein eller Abou-Chaker. Hjå det føderale politiet i Wiesbaden, skal eit nytt kapittel i den såkalla situasjonsrapporten om organisert kriminalitet tilføyast – nemleg (hald dykk fast): «Kriminelle Mitglieder von Großfamilien ethnisch abgeschotteter Subkulturen» (Kriminelle medlemer av storfamilier med etnisk isolerte subukulturar»).

Resignasjon, resignasjon, resignasjon?
Petra Leister og hennar kollega Kamstra, fortel at klassiske etterforskingsmetodar ikkje nyttar i arbeidet mot klanane. Dei skiftar mobiltelefonar fortare enn vi rekk blunke, og treff kvarandre deretter i Shishabarar (= klassiske vasspipebarar). Ved bestikking eller ved hjelp av truslar, har dei full kontroll over eventuelle vitner, og å «smugle inn» spionar («undercover-agentar») er uråd i eit miljø der alle kjenner alle.

Ei gravferd som grellt døme på parallellsamfunnet
I fjor vart Nidal R., ein representant frå ein mindre kjend klan, drepen. I gravferda i september, kom «alle» – sjefar og vener frå fleire storfamilier. I alt var 2000 menn, frå heile Tyskland, til stades på kyrkjegarden i bydelen Schöneberg.
Parallellverda vart brått svært så synleg. Det kunne vore fjerde del av Francis Ford Coppola sin episke trilogi «Gudfaren». Ei verd utelukkande av menn; der dei eldste og mektigaste (også som tatt ut av «Gudfaren») stadig mottok «handkyss».
Politiet identifiserte 128 personar i gravfølget; menn som alle er direkte involverte i organisert kriminalitet, men utan prov eller vitnesutsegner, vart «statsmakta» ståande som tannlause og hjelpelause tilskodarar.

Det ser altså temmeleg svart ut. Likevel er Petra Leister optimist. Kva anna kan ho vere? Kanskje dukkar det opp eit høve som eigentleg ikkje har noko med sjølve klankriminaliteten å gjere. Kanskje gjer dei – i sitt stadig stigande overmot – ein grov feil.
Som tilfellet var med Al Capone – som til slutt vart dømt og felt pga skattesnusk.

Det er ikkje anna å gjere enn å krysse fingrane…