Arafat Abou-Chaker justerer ansiktsmasken i begravelsen av moren i Berlin, 18. september 2020. Foto: Hannibal Hanschke / Reuters / NTB

Tysdag gjennomførte tysk politi ein storstilt razzia hjå den palestinsk-ætta klanleiaren Arafat Abou-Chaker (44). Tre hundre tenestemenn var involvert i ei synkron handling, der heile 18 leiligheiter og forretningslokaler vart gjennomsøkte – i Berlin, Brandenburg og i Sveits.

Førebels rapportar fortel at fleire millionar euro er beslaglagt, i tillegg til verdigjenstandar, bærbare datamaskiner, forretningsdokument m.m.

Ifølgje Berliner Morgenpost har etterforskninga mot Abou-Chaker pågått i fleire månader. Ein talsmann fortalde at saksbehandlinga er basert både på «sekundære funn» frå andre rettssaker og ny etterforsking, som har avdekka fleire indikasjonar på moglege skatteunndragingar.

Myndigheitene har tidlegare stått meir eller mindre makteslause overfor den stadig meir omfattande klankriminaliteten; eller den såkalla «Organiserte kriminaliteten», som fenomenet vart døypt, då den første gong kom på den politiske dagsordenen i Tyskland i 1990.

Meir enn hundre milliardar euro vert kvitvaska – årleg
Sjefen for politiet si fagforening (GdP) i Berlin, Norbert Cioma kommenterer:

– Dagens tiltak er viktige, fordi myndigheitene må halde fram med å jobbe for å «tømme sumpen. Klanar som Abou-Chaker står ansvarleg for kvitvasking av meir enn 100 milliardar euro årleg.

5-punktsplan
I november 2018 presenterte og innførte Innanriksministeriet i Berlin ein 5-punktsplan; der følgjande punkt inngår:

  1. Sjølv mindre regelbrot innan organisert kriminalitet skal konsekvent påtalast og straffast.
  2. Påtalemyndigheita skal opprette ei spesiell avdeling for kartlegging/analyse av kriminelle eigendelar. Senatavdelinga for finans skal være involvert, til dømes for å vurdere eigendelane til kriminelle.
  3. Handelskontrollen skal styrkast for å hindre kvitvasking av pengar. I denne samanheng må utvekslinga av informasjon også forbetrast og skatteforseelsar konsekvent rapporterast. Alle involverte myndigheiter bør gi relevant informasjon til skattemyndigheitene.
  4. Myndighetene ynskjer å utvikle ulike konsept som på den eine sida motvirkar unge menn frå velje ei kriminell karriere og på den annan side gir dei høve til å gå ut.
  5. Tverrdepartementalt samarbeid er viktig for tiltaka. I tillegg til politiet og statsadvokatembetet, bør også skattekontora, jobbsentra, utlendingmyndigheitene, samt ungdomskontora i distrikta vere involverte. Eit koordinerende organ for organisert kriminalitet skal etablerast (oppretta i desember -18). (Der Spiegel)

Frå «showprega» innsats til «Al-Capone-metoden»
Politi og justis har sidan innføringa av 5-punktsplanen blitt skulda for å kun drive show. Og dette har mykje føre seg, for på trass av at store innsatsstyrkar har blitt satt inn – i razzia etter razzia – har utbyttet vore magert. Beslaglegging av nokre gram narkotika, eit våpen eller tre, nokre hundre euro i svarte pengar har stort sett vore resultata – i innsatsar der opptil to hundre polititenestemenn har vore involverte.

Med denne siste aksjonen har imidlertid myndigheitene (endeleg) tatt fram storsleggja. Og vona er at dei no skal klare å felle Arafat Abou-Chakers «forretningsimperium» ved å skulde både han (og dei næraste) for skatteunndraging. Slik Chicago-gangsteren Al Capone i si tid til slutt vart felt.

Arafat Abou-Chaker står for tida for retten for andre anklager: Han og dei tre brørne hans skal ha pressa sin tidlegare forretningspartner – rapparen Anis Ferchichi, kjent som Bushido – for pengar. Over ein tiårsperiode skal kvartetten ha trua til seg heile ni millionar euro frå Bushido. Etter ein pause i rettshandlingane – grunna at mor til Abou-Chaker døydde for ei dryg veke sidan – startar saka oppatt 30. september.

Abou-Chaker var truleg førebudd
BZ skriv at Abou-Chaker sjølv tok imot politiet då razziaen vart starta tysdag morgon. Ingen bør vere forundra over det; klanane si makt aukar stadig, og dei har allierte overalt – også innad i politi- og rettssystemet.

Det heile gjekk såleis roleg for seg, rapporterer politiet.

Så er spørsmålet kor mykje bevismateriale Abou-Chaker rakk å fjerne FØR politiet kom på døra.

Kjøp Klanen her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.