Stillbilde: Gemeinschaftsschule Campus Efeuweg / Facebook.

Totalt 49 born, unge og lærarar vart skadde m.a. av peparspray i eit masse­slagsmål på Campus Efeuweg-skulen i Berlin-Neukölln måndag 11. desember. Ifølgje Berlin-politiet braut den kvinnelege rektoren ei hand då ho freista gå imellom og roe gemytta.

Krangel om fotball

Politiet opplyser at krangelen starta i skulegarden klokka 10.30. Fem 14-15-årige elevar (åttande skuletrinn) rauk saman i kamp om ein fotball. Den eine drog fram ei boks peparspray, men presterte også å spraye seg sjølv, slik at vedkomande mista boksa på bakken. Ein gut frå motsett gruppering tok den opp og nytta den mot to motstandarar. Fleire elevar kom til, og det utvikla seg til eit veritabelt slagsmål.

To lærarar (30 og 38 år gamle) freista å gripe inn, men vart angripne og spraya i forsøket. Den kvinnelege rektoren (52), som også gjekk imellom, vart dytta inn i ein vegg og braut handa (andre kjelder fortel at det var ein finger som vart broten). Ho havna såleis på legevakta. Totalt vart 49 personar skadde under masse­slagsmålet.

Politiet vart tilkalla og rykka ut med stor styrke. I mellomtida dukka den 21 år gamle broren til ein av dei involverte opp. Han slo ein politimann i ansiktet og vart deretter slengt i bakken og overmanna av to politi­betjentar.

21-åringen vart tatt i varetekt, men vart lauslatt etter at politi­aksjonen var avslutta. Han må imidlertid svare for overgrep, truslar og fornærmingar mot fleire politi­betjentar. Person­opplysningane til alle involverte vart registrerte og overlevert til elevane sine føresette.

Ingen ville seie noko

Journalistar på plass møtte ein mur av tagnad; både elevar og tilsette hadde fått instruks om å ikkje snakke med pressa. Ein reporter frå Berliner Zeitung fekk imidlertid ein gut i tale, som opplyste om at årsaka til tumultane var klanrelatert.

Dette vert stadfesta også av Berliner Morgenpost, som har fått informasjon om at det heile handla om ein strid mellom to storfamilier (klanar).

Dei hovudansvarlege suspendert

Ifølgje opplysningar i Berliner Morgenpost er dei hovud­ansvarlege utvist frå skulen fram til juleferien. To av dei involverte har eit langt rulleblad hjå politiet allereie.

På denne skulen har 80 prosent av elevane framand­språkleg bakgrunn.

Kvar var vaktene?

Etter nokre månadar utan vakthold fann senatet i Berlin det naudsynt å gjeninnføre dette frå 1. desember på tolv av «brennpunkt­skulane», alle lokalisert i bydelen Neukölln.

Månadlege kostnadar for skatte­betalarane for desse tenestene er om lag sekstifem tusen euro.
Også denne skulen hadde vakter, men dei glimra fullstendig med sitt fråver. Kvar var dei?

Status quo

Den skadde rektoren gjenopptok sine plikter ved Campus Efeuweg-skulen tysdag. Stats­sekretær for utdanning i Berlin, Christina Henke (CDU), har samtala med henne på telefon og sendt henne gode ynskje. «Vi vil halde fram med å kommunisere for å sikre best mogleg støtte til skulen», seier ho.

 

Berliner Zeitung – Berliner Morgenpost – B.Z.

 

Les meir om «brennpunktskulane» i boka «Kulturkamp i Klasserommet» – eit absolutt must for å forstå kva som foregår i skulane også i delar av Oslo, Drammen, Lørenskog osb.

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.