Stillbilde: democ. / Twitter.

«Tod den Juden! Tod Israel!»

Fleire hundre personar deltok i ein pro-palestinsk demonstrasjon i Berlin laurdag. Typisk nok i innvandrarbydelane Neukölln og Kreuzberg.

Under slagord og paroler (utelukkande på arabisk) vart død og fordervelse lyst over Israel spesielt og jødar generelt.

På ein Twitter-video i Berliner Zeitung vert mellom anna følgjande krav stilte:

«O Qassam-brigader, hemn, hemn», vert det ifølgje undertekstane ropt andre stadar. Det ein her meiner er den militære armen til terrororganisasjonen Hamas. «Tel Aviv, svaret kjem», skal ein mann rope inn i mikrofonen. Publikum gjer det same. Plakatar oppfordrar til lauslating av dømde mordarar og terroristar som har angripe og drepe israelarar.

Politiet fylgde demonstrasjonen nært, men involverte seg ikkje. Dette får journalisten i Berliner Zeitung til å undre seg, for tyske myndigheiter har fleire gonger – ikkje uventa!! – erklært offentleg at vernet av Israel er av høgste prioritet og at dei har nulltoleranse for brot mot dette.

Overtramp er straffeforfølgjande, så kvifor greip ikkje politiet inn, spør journalisten. Forstod dei kanskje ikkje slagorda?

Er det så «enkelt» som at også tysk politi – i likheit med sine svenske og norske kollegaer – har fått instruks frå sine føresette om at ein eventuell inngripen mot demonstrantar tilhøyrande «fredens religion» erfaringsvis vil føre til aggressive og umiddelbare mottiltak i form av opptøyer og ditto kaos?

I videoen ser ein ingen etniske tyskarar, derimot ei rekkje hijabkledde kvinner i alle aldrar. Også born er med, og det går til dels «lystig» for seg, med taktfast messing om drap av jødar og utsletting av Israel.

Eit burlesk, brutalt og barbarisk ekko av det vanvitige jødehatet som herja byen og landet for 80–90 år sidan.

 

Kjøp Susanne Wiesingers bok «Kulturkamp i klasserommet»!  Du kan også kjøpe den som e-bok.

 

Kjøp «Sammenstøt mellom sivilisasjoner?» her!

 

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.