Nytt

Politiet ved en delstatsdomstol i Tegeler Weg i Berlin 15 November 2019, Foto:Paul Zinken/dpa/Scanpix

I takt med tilstanden i samfunnet elles, har også sjukehus og liknande institusjonar opplevd eit stadig aukande press og truslar frå aggressive klantilhøyrande pasientar og pårørande. I Berlin har dette særleg siste tre-fire åra eskalert til eit nivå som truar både tilsette og andre pasientar. For å kome dette problemet til livs, må institusjonane mobilisere og tilsetje væpna sikringsstyrkar.

Berre siste veka har to valdsepisoder oppstått på sjukehus i Berlin. Ved sidan av opptøya på St. Joseph-sjukehuset i bydelen Tempelhof tysdag i førre veke – – oppstod det ei ny valdeleg episode måndag kveld på eit sjukehus i bydelen Kreuzberg. Politiet vart i sekstida om kvelden varsla om eit knivslagsmål mellom to menn i Lobeckstraβe, men då dei ankom staden var «fuglene fløyet».

Det synte seg imidlertid raskt at dei hadde oppsøkt eit akuttmottak like i nærleiken (kvar for seg, får ein tru), og deretter tatt (den sedvanlege) kontakt med slektningar og vener. Desse braka naturlegvis (sic!) saman på akuttmottaket; dei ville også trengje seg inn for å få møte med sine såra krigarar; fleire politipatruljer måtte til for å stoppe dei aggressive muslimane. Seks av desse vart tatt hand om av politiet.

Sjukepleiarar og lækjarar treng å bli verna
Ein talsmann for BDSW (Bundesverband der Sichreheitswirtschaft) – Harald Olschok – fortel at tilsette på sjukehusa opplever ein stadig stigande stressituasjon. ««Pøbelpasientar», aggressive besøkjande eller fulle/rusa mennesker, gjer kvardagen til sjukehuspersonalet verre og verre. At private sikkerheitsfirma vert hyra inn ved til dømes universitet, på kjøpesenter, på skular og på jobbsenter, forundrar ingen lenger. At derimot også personale som er til for å yte omsorg for andre, også må vernast, det er diverre ein tragisk realitet.»

Charité har også tilsett vakter
Det største sjukehuset i Berlin, Charité (truleg kjend for norske tv-sjåarar – den glimrande serien går på Netflix for tida), har også måtta tilsetje sikringsvakter. I ei presemelding heiter det: «…dette for å garantere ei problemfri drift, til dømes under operasjonar.» Tenk det. Sjukehuset rapporterar at det i 2018 var 800 tilfelle der sikringspersonale måtte gripe inn. Og tala stig.
Kritiske stemmer hevdar dog at slikt vakthald også kan skape aggressjon. For enkelte personar/pasientar kan uniformerte sikringsvakter framkalle negative kjensler, vert det sagt.

Sosial kompetanse
Uansett vert det stilt krav til vaktpersonalet, at dei også må inneha «sosial kompetanse». Dei må ikkje berre vere «høge, sterke og barske», dei må også ha evner til å samtale og kommunisere sosialt.

Mjuke mål
Politiet i Berlin har vore klar over at kriminaliteten ved såkalla «mjuke mål» (herunder ulike omsorgsinstitusjonar) aukar. I oktober i fjor, arrangerte dei ei storstilt øving på eitt av sjukehusa i Berlin – Wenckebach-Klinikum, Tempelhof. Øvinga ser ein her:

Video frå St Joseph-sjukehuset (tysdag 7. november):

Kjelder: Berlin Kurier, Berliner Zeitung, Berliner Morgenpost, internett.