Gjesteskribent

Det er ikkje lenge mellom kvar gong me høyrer om svikt i pasientbehandlinga ved Haukeland sjukehus.

15. oktober i fjor vart ein 43 år gamal mann liggjande på akuttavdelinga utan tilstrekkeleg tilsyn etter eit sannsynleg hjarteinfarkt – og døydde. Eitt år tidlegare døydde ein seksåring som følgje av feilbehandling. Også den gongen vart det konkludert med at organisering og rutinar var for dårlege.

Slike hendingar, når dei skjer ofte, får konsekvensar for omdømmet til sjukehuset. Dei svekkjer tilliten til systemet og folk vert mindre trygge på behandlinga dei får. 

I det siste tilfellet heiter det at sjukepleiarane ved avdelinga «varslet ledelsen over 100 ganger i 2018» om at akuttmottaket var for lågt bemanna, og lækjarane sa dette var «en varslet katastrofe». (BT. 02.11.19)                                                                                                                                          

Først etter den tragiske hendinga har leiinga gjort tiltak for å auke bemanninga – og direktøren beklagar. 

Det måtte altså eit menneskeliv til før det skjedde noko.

«Jeg synes det er bra at de som var ansvarlige for at dette skjedde får en reaksjon», seier sambuaren til han som døydde, og er nøgd med statsadvokaten si avgjerd om å gi sjukehuset ei såkalla foretaksstraff på 1.5 mill. Mon det.

Statsadvokaten meiner det ikkje grunnlag for å halde enkeltpersonar strafferettsleg ansvarleg. (BT 02.11.19)  Forbausande, når det over lengre tid, som det heiter i pressemeldinga frå politiet, var dokumentert avvik frå nødvendig bemanning.                                                                       

Om ikkje strafferettsleg ansvar, så burde politiet vore tydeleg på at det var eit leiaransvar å rette opp avviket. Difor er full frikjenning av ansvarlege eit feil signal.

For sjølvsagt ligg ansvaret på direktøren som leiar av foretaket og på styret for Helse Vest.                   

Her har det svikta. Det er dei den tragiske hendinga skulle fått konsekvensar for.

Statsadvokaten seier det er viktig å markere saka sitt alvor. Ja, men ei foretaksstraff er ikkje anna enn symbolsk, og 1.5 mill. betyr ingen ting for milliardbudsjettet til sjukehusgiganten – og ikkje nok med det, millionsummen, ja, den går jo berre ut og inn i statskassa.

I offentleg forvaltning og verksemd er det med åra skapt ein (u)kultur der leiarar og andre ansvarlege vert skjerma og går fri, eller sparka oppover, når dei ikkje har gjort jobben.                                                       

Eit døme er den ferske «Helge Ingstad-rapporten»: «Skal ikke fordele skyld», seier Havarikommisjonen iflg Nettavisen 08.11.19. Nei, nettopp. Her og vert ansvaret lagt på systemet, dvs. Sjøforsvaret. 

Kva me kan vente oss som endeleg reaksjon på Helge Ingstad-miseren der 11-13 milliardar gjekk i havet (prisen på ein ny fregatt), er ikkje godt å vite. Styresmaktene vil nok finne på eit eller anna «narrespel» med pulverisering av ansvar for å sleppe å setje dei ansvarlege i «gapestokk».

Straffa Haukeland sjukehus fekk råkar ingen av dei ansvarlege.                                                             

Hadde ein slik alvorleg svikt med tragisk utfall skjedd i eit privat foretak, treng ein ikkje tvile på at reaksjonen hadde vorte ein annan.

 

 

Magne Reigstad