Den  29, juni 2022 vitna dr.Peter McCullough for  Helse og sosialteneste-komiteen i Senatet i Texas.  P.M er ein av dei mest kjende lækjarane i USA. Han er spesialist i indremedisin, cardiologi og epidemiologi og er den mest siterte i sitt fag i landet. Dei siste 2 åra har han engasjert seg i covid-pandemien og saman med flinke kollegaer har han utarbeidd behandlingsprotokollar for ulike stadium av sjukdomen. Han er ingen antivaxar, han sjølv har  teke og tilrådd andre å ta tidlegare tilrådde vaksiner. Det har han ikkje gjort når det gjeld «covid-vaksina». I høyringa opplyste han om at i databasar i USA/Europa som tek mot melding om dødsfall og biverknader av alle slag ved bruk av medisinar og vaksiner, er det registrert  minst 40 000 -førti tusen – døde som er kobla til covid- vaksineringa . Og legg han til; vanleg prosedyre er å trekke eit medisinsk produkt frå marknaden når om lag 50-femti-dødsfall er knytt opp til eit medikament.  Kvifor er det ikkje gjort her? Ikkje minst på bakgrunn av data som Pfizer har vorte tvinga til å opplyse om: etter at vaksina deira hadde vore i bruk i berre 3 månader, var der registrert 1.223 dødsfall.

Vi veit no, det gjorde vi ikkje i starten, at «vaksina « ikkje hindrar at du vert smitta og sjuk, heller ikkje at du kan smitte andre. Tre av vaksineprotokollane – Moderna,  Pfizer og AstraZeneca – krev ikkje at vaksinene deira skal hindre alvorleg sjukdom. Dei skal berre hindre moderate symptom. Du får altså ikkje immunitet frå denne «vaksina».

Då er det ekstra frustrerande at  FDA, det amerikanske Food and Drug Administration, den 15.juni 2022 hastegodkjende  mRNA- sprøytene for barn 6 månader – opp til 5 år.

Det er eit faktum at born og ungdom vert lite sjuke av covid-viruset. Normalt får 640  i alderen 50 år og høgare  myocarditt i USA årleg. Siste  året(2021) med covidvaksina: : 11.000 (dr. Peter McCullough.) Kvifor vert det då tilrådd at born skal vaksinerast?  Robert F. Kennedy jr., stiftaren av Children`s Health Defense, gir svaret : Lova (i USA) er slik at  produsentane av ei  hastegodkjent vaksine ikkje kan saksøkast ved skade- og covidvaksina er hastegodkjent. Når vaksina ein gong vert godkjent, kan dei bli saksøkt.. Men: dersom vaksina er godkjent også for born, kan dei ikkje saksøkast sjølv om vaksina også vert brukt av vaksne. Difor går dei no etter born sjølv om dei må vite at dei med denne vaksineringa vil drepe og lemleste tusenvis av born til inga anna nytte enn for dei sjølve. Slik er vaksineindustrien. Dette må foreldre forstå og difor seie nei til vaksine for sine born. Og kva seier Robert Malone, oppfinnaren av mRNA- teknologien  om dette:… «Og eit siste poeng: grunnen dei gir deg for at du skal vaksinere barnet ditt, er ei løgn. Barna representerer ingen fare for foreldra eller besteforeldra sine.   Det er faktisk tvert imot. Immuniteten deira, etter å ha fått Covid, er heilt nødvendig for å redde familien din, om ikkje heile verda, frå denne sjukdommen. Oppsummert: Det gagnar verken barnet ditt eller familien din å vaksinere barnet mot dei små farane ved viruset, når vaksinen har kjende helserisikoar som du, som forelder, og barna dine kan måtte leve med resten av livet…»

Kort sagt: Når det gjeld covid har sentrale helse- og politiske  styresmakter svikta Det norske folk. I staden for å gjere effektive, billige, ufårlege og vel utprøvde medisinar lett tilgjengeleg, har dei I staden tvinga på oss eksperimentelle «vaksiner» som har vist seg å ha større og fårlegare bivirkningar enn nokon gong i historien. Utfrå dette er det rett og slett kriminelt når Helsestyremaktene har godkjent vaksinering av born i gruppa 5-11år! Mest sannsynleg er det berre eit tidsspørsmål før dei diltar etter USA og godkjenner «vaksina» også for dei minste.  Du, som mor eller far; sei NEI til denne vaksineringa av barnet ditt. Det er du som har råderett og ansvar for det,  ikkje staten!  Så svaret på spørsmålet i overskrifta er, gjeve at dei tal på døde og alvorleg skadde etter «vaksineringa» er rette, eit motspørsmål: bør våre born få denne «vaksina», av somme omtala som biovåpen eller giftsprøyte?

forfatteren er allmennlege

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.