Leiaren for Robert Koch Institute, Tysklands føderale regjeringsbyrå og forskningsinstitutt ansvarleg for sykdomskontroll og forebygging, Lothar Wieler (i midten), på ein pressekonferanse om koronavirus og COVID-19 sykdommen i Berlin, torsdag 22. oktober 2020. Tysklands sykdomsbekjempelsessenter rapporterar om ein ny dagleg auke i koronavirusinfeksjonar som gjekk forbi 10.000-markeringen for fyrste gong, mens pandemien held fram med å spreie seg. Slagordet i bakgrunnen lyder: ‘Generere kunnskapsdeling for å beskytte og forbetre helsa’. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB

Myndigheitene i Tyskland rapporterer om ein «all time high» kva gjeld nyinfeksjonar i høve korona-pandemien. I Berlin ligg smittetalet no på 110 per 100.000, og verst er det i den mest innvandrartette bydelen, Neukölln, der talet er på heile 236,7.

Ifølgje Robert Koch Insitute (RKI), har 11.287 tyskarar testa positivt siste døgnet. Førre «døgnrekord» stammar frå sist laurdag, då 7830 nye smittetilfelle vart registrerte.

I helga vil heile 1000 politibetjentar kontrollere at dei nye korona-restriksjonane vert fylgde. Tiltaket har oppstått gjennom eit samarbeid mellom den tyske innanriksministeren Horst Seehofer (CSU) og Berlin sin innanrikssenator, Andreas Geisel (SPD). Seehofer stiller med 500 tenestefolk frå det føderale politiet, medan Berlin sine eigne politistyrkar mobiliserer dei resterande 500.

Berlin sitt senat, med ordførar Michael Müller (SPD) i spissen, sat i krisemøte tidlegare i veka.
Müller uttalte følgjande:

– Situasjonen i Berlin er dramatisk. Ut over ein ny lockdown har ikkje vi politikarar mange tiltak å setje inn for å forhindre ny spreiing av viruset. Eg rettar difor ein inntrengande appell til Berlin sine innbyggjarar om at dei nye restriksjonane vert overhaldne. Desse kan vere vår siste sjanse til å unngå ein ny lockout, til å kunne behalde ein viss form for friheit. (Morgenpost)

Bydelsborgarmeisteren i Pankow, Sören Benn (Linke), har føreslått at ein ny lockdown må setjast i verk straks, men Müller vil altså ikkje gå med på dette. Han kan derimot ikkje garantere at ei gradvis nedstenging likevel må iverksetjast, om ikkje smittetala i løpet av få dagar vert kraftig forbetra. Utan betring er det stor risiko for at skular, forretningar, kulturevenement m.m. nok ein gong må stengjast, innrømmer han.

Denne veka har det vore haustferie i Berlin; skulane har såleis vore stengde – og pga. dette har myndigheitene fått eit lite pusterom.

Kritisk grense overskriden
RKI melder at den kritiske grensa på 50 (pr. 100.000) nye smitta pr. veke er overskriden. Torsdag var talet 56,2. Antalet pasientar på intensivavdelingar aukar også. Onsdag var 943 pasientar innlagde, 64 fleire enn dagen før. 424 av desse jobbar i offentleg sektor.

Byforvaltninga har bestemt at maskeplikt også skal innførast i delar av det offentlege rom. Særleg gjeld dette i område der minimumsdistansen på 1,5 meter ikkje kan overhaldast. Mellom anna gjeld maskeplikta i ti særskilt travle «innkjøpsgater»; mellom desse Wilmersdorfer Straße (Charlottenburg), Kurfürstendamm (Charlottenburg-Wilmersdorf), Friedrichstraße (Mitte) og Schloßstraße (Steglitz).

Framsida til Berliner-Kurier onsdag 21. oktober.

Alkoholforbod i restaurantar o.l. er allereie innført, og gjeld frå klokka 23 kvar kveld. Forsamlingsantalet (for personar utandørs) er halvert frå 50 til 25; innandørs er maksgrensa fem ekstra personar (utanom eigen familie). Det har også vore diskutert om det skal opprettast ei grense for besøk på sjukehus og liknande institusjonar; ja, faktisk har det vore nemnt at kun éin person av gangen skal få lov til å vitje sjuke/pårørande på institusjonane. Dette har imidlertid framleis ikkje blitt vedteke.

For offentlige arrangement er det framleis tillate å samle 1000 personar innandørs og 5000 utandørs. Senatet er overtydde om at desse evenementa, som opera- og kinoforestillingar eller sportskonkurransar, ikkje utgjer auka risiko for smitte – på grunn av dei høge hygiene- og avstandsstandardane. «Sikkerheitsforhaldsreglane i operaen, det filharmoniske orkesteret og kinoane er allereie veldig strenge; det har eg overbevist meg om som gjest,» sa Müller tysdag.

Helseministeren i Berlin, Dilek Kalayci (SPD), seier at personar som ikkje overheld dei nye reglane, må rekne med bøter frå 50 til 500 euro. Med heile tusen polititenestemenn i aktiv innsats komande helg, kan det såleis fort føre til kjærkomne tilskot i ei stadig meir slunken byforvaltningskasse.

Julemarknadene i fare
Tiltaket som imidlertid sjokkerer flest tyskarar, ikkje berre i Berlin, men i heile landet – er at dei tradisjonsrike julemarknadene truleg vert avlyste. Berre i Berlin tel ein i overkant av 70 ulike marknader – og så å seie alle held normalt ope frå slutten av november til over nyttår.

Den mest profilerte marknaden i Berlin, ved Gendarmenmarkt, har allereie offentleggjort at årets marknad er avlyst. Arrangøren Helmut Russ seier at pga. den helsemessige risikoen er det ikkje lenger forsvarleg å gjennomføre marknaden. Det økonomiske tapet dette medfører, er i storleiksorden 22 til 25 millionar euro – altså nær på ein kvart milliard norske kroner. I fjor var 900.000 gjestar innom marknaden.

Julemarknadene i Berlin har sidan muren fall vore ein solid turistmagnet; også nordmenn har valfarta til den tyske hovudstaden i hopetal for å ta del i denne fantastiske førjulstradisjonen. Dei samla økonomiske tapa ved at alt dette i år utgår, er sjølvsagt høgdramatiske.

Toalettpapirhamstring 

Tomt for toalettpapir på eit kjøpesenter i Berlin. Foto: Håvard Hedde

Berlinarar flest er stoiske menneske. Dei er historisk sett vande med harde tider. Men ein ser i butikkane at det no nok ein gong vert hamstra flittig av ulike varer. Toalettpapir, ris, vatn, tørrvarer (kjeks, mjøl, knekkebrød) vert på nytt rive vekk frå butikkhyllene.

Ekspertane kranglar om så å seie alt kva gjeld koronaviruset. Fleire hevdar at Covid-19 berre er å rekne som ein (kraftig) influensaepidemi, andre påstår at risikoen for ei ny bølgje, med eit eventuelt mutert og hissigare virus, vil kunne påføre verda drakoniske tap, både menneskeleg og økonomisk.

Kjøp julegave-bøker fra Document Forlags utsøkte utvalg her!

Finn flere titler på forlagssiden!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.