Lærarar. Min vyrnad for dykk er utan grenser! 

Om de no jobbar på storskule i by – kanskje i klasser med stor andel framandspråklege, eller på fådelte skular i grisgrende strøk. Der de i førstnevnde tilfelle må sende ut all informasjon på fleire språk, og ha tilsvarande antal tolkar med på foreldremøta – eller i det sistnevnde, der det har ein tendens til å verte foreldremøte berre du stikk nasa utanfor døra…  

Eg veit det – eg har opplevd begge delar.

Det eg imidlertid har sluppe å oppleve, er dagens vit- og vonlause tilstandar på skular med overvekt av berikande migrantar. Der så å seie alt av læreplanar m.m. i beste fall må omskiplast totalt, i verste fall kansellerast heilt og fullt. For det kan jo vere ting i pensum som strir mot sjølvaste fasiten – som strir mot koranen! 

Og vegen er for slike elevar ofte særdeles kort frå tanke til handling. Elevar med svake kognitive evner (det vert stadig fleire berikarar som «fullfører» heile grunnskuleløpet utan å verken kunne lese eller rekne), men med omvendt proporsjonalt veldig vilje til voldsutøving, tek ikkje fem øre for å gi læraren ein lusing eller tre, og skjellsorda haglar rundt øyrene både på medelevar og lærarar – time ut og time inn.

For de av dykk som framleis ikkje har gjort det, tilrår eg på det sterkaste å lese om alt dette vanvitet i denne boka:


Historisk sett har de tapt terreng. Grueleg mykje terreng, både økonomisk, sosialt og i estime. I “gamle” dagar var skulestyraren sjølve intelligensiaen i bygda – nær på likestilt med presten (som forresten har vore ute for eit liknande prestisjefall). Presten synte åndeleg veg til himmelens hallar, læraren hadde ansvaret for den verdslege suksess. Slik vart både det sakrale og det profane skjøtta. Skulle det haldast syttandemai-tale, leggjast ned kransar eller anna liknande åndsarbeid, var læraren sjølvskriven til oppgåva. Ja, det vart ofte rekna som ein del av lærargjerninga, dette. 

Og læraren både kunne det og gjorde det. Kven av oss litt oppe i åra hugsar oss ikkje tilbake til ein nasjonaldag – der vi etter eit feiande flaggtog og takftaste “Hurra, hurra”, i stadig villare dressur, akkompagnert av det lokale skulekorpset i front – allereie var ekstatiske, euforiske, panegyriske – og lukta av pølser med lompe fekk kjeften til å fløyme over og tarmane til å jamre, saman med vissheita om at i dag fekk vi drikke brus rett frå flaska… – berre no den hersens talaren kunne verte ferdig snart. For ikkje å snakke om alle leikane vi skulle vere med på – også i lag med dei vaksne!

Men talaren var ikkje skoren for tungebandet.  Han sette dei kvasse augene sine i oss, og minte oss gjennom salvesesfull og malande skildringar om våre første forfedre, om kristninga av landet, fedrene på Eidsvoll, unionsoppløysinga, dei harde trettiåra. Men då han endeleg kom fram til: “Krigen, då landet låg mørkt under framand makt”, visste vi at det ikkje kunne vere meir enn halvtimen att, og sveitte kontantbehaldningar i djupe lommer vart nok ein gong talt over og summert.

Lærarar. Krumbøygde over dusinvis meir eller mindre uskjønelege skriftlege innleveringar, tankefullt undrande til alle døgnets tider over skjebne og tilstand til enkeltelevar. Jau, for dette er sanneleg ikkje ein “åtte-til-fire”-jobb – som mange utanfor yrket elskar å drive ondsinna harselas med; nei, dette er døgnet rundt, veke etter veke. For ikkje å snakke om sommarferien – som alle misunner lærarane så grasat. Om den er å seie at den er akkurat litt for kort til at ekkoet av barnestemmer og konflikter av ulikt slag heilt har sluppe taket – då klokka ringer inn att til nytt skuleår… 

I takt med statusfallet, har også respekten for læraren fordunsta. Dei kritiske røystene har blitt fleire og fleire. “Lærarane er ikkje dyktige nok”. “Dei må gjere slik og slik”. “Barnet vårt gjer ikkje store nok framskritt”. Ofte er det dei føresette som opphevar seg til dommarar og så utmerka godt veit korleis ting skal gjerast. Og om dei no er advokatar, frisørar, fiskarar eller bankfolk; felles for dei alle er at det er DEI som sit med fasiten, dei som har kunnskapen. Og dei nøler ikkje med å fortelje læraren det. Og dei fortel det også meir enn gjerne til sine eigne; ved middagsbord og i tv-krokar vert ungane tuta øyrene fulle av kor håplause desse lærarane er. 

Kan nokon av desse kritikarane – ja, desse nærrelasjonelle og familiære agitatorane – tenkje seg korleis tilstanden må bli i eit klasserom der så å seie samtlege aktørar utanfor kateteret systematisk har blitt fora med utsegner om kor elendig og verdelaus vedkomande bak kateteret er? 

Og de som kritiserer mest; tek de over saksa når frisøren skal gi poden ny frisyre? Syner de lækjaren kvar han skal stikke om døtra dykkar må ta ei blodprøve? Fortel de piloten kva knappar han skal trykkje på ved take-off på veg til Syden? Eller tek de smilande imot utanforståande som fortel dykk korleis DE skal utøve yrka dykkar? 

Sjølvsagt er dei føresette opptekne av borna sitt beste! Men det er mange måtar å syne interesse på. Dei føresette bør straks varsle skulen om dei får mistanke om at bornet deira vert mobba, om eleven mistrivst, eller vert utsett for utestenging i nokon form. Og dei bør varsle skulen dersom det hender noko på fritida som skulen bør vite om.

I vår nye berikande og multikulturelle tid, har imidlertid varsling generelt blitt eit risikoføretak av stadig aukande proporsjonar. 

«Vi vet hvor du bor», på gebrokkent norsk, er ein trussel ein pent må ta seriøst; for dette kjem frå personar som er fullt kapable til å realisere orda til blodig gjerning. 

Og rektorar og skuleleiing for øvrig, som både er avhengige av at skulen har eit «plettfritt» rykte og at problem knytta til innvandring og migrasjon pr defininsjon er ikkjeeksisterande, feier all skepsis og kritikk under teppet. Parolen – the bottom line, so to speak – er at det aller viktigaste er å unngå å gi dei «høgreekstreme» saklege og sanne argument! La heller skule, elevar og tilsette gå ad undas!

Forleden stod ei ung lærarstudent fram og fortalde at ho ikkje klarte meir. Ho oppgav draumen ho hadde, om å bli lærar. Ho turde ganske enkelt ikkje meir. 

Flosklane står som vanleg her like tett som bier i ei bikube – og naturlegvis vert ikkje dissidentane/delinkventane som  nemnt. Men dei som kan lese «mellom linjene» (det er jo i beste fall der ein kan finn sanninga hjå msm-media når dei skriv om tematikk som dette), forstår vi straks kva dette handlar om: 

– Vi opplevde å bli kastet tusjer, pappesker og klær på, i tillegg fikk jeg kommentarer som «hore» og andre skjellsord av elevene som jeg hadde i praksis.

Lærarane har ikkje nok utdanning, vert det sagt. Faktum er at dei aller fleste lærarar som har rukke å fylle 40, har minst fem år utdanning frå høgskule. I tillegg er det få yrkesgrupper som har like mykje kursing og vekentleg oppfølgjing av ulikt slag. Kvar einaste dag vert klasse- og skulesituasjon vurdert – og diskutert. 

Eg hugsar tilbake til slutten av seksti-talet; eg kunne sitje på med far min – sjølvaste skulestyraren – og langs vegen gjekk elevane godt ut i vegkanten og bukka eller neia (alt ettersom, ein levde etter “Skikk og bruk” den gongen) når bilen køyrde forbi. Ei tid var – ei anna vart. Læraryrket var ein gong eit kall.

Og eg minnest mi kjære (barnlause) grandtante Ingeborg. Fødd i 1899, var lærarinne heile livet, på ein liten skule på søre Sunnmøre. Sykla til og frå, i helgar og i feriar, det var mange mil, og dårlege vegar, men slik var livet den gongen, då Karsten og Olga verken hadde el-bil eller privatfly til rådvelde.

Ho fortalde meg fleire gongar, og like fortørna var ho kvar gong, at hennar aller verste oppleving i lærargjerninga, var ein gong ho sat eksamensvakt. Då måtte ho reise seg opp og seie «hysj»! 

Men misforstå meg rett: Det går heilt sikkert lærarar rundt som er direkte uduglege, som aldri burde valt yrket i det heile.  Det finst som kjent brotne kar i alle leire/land; folk har havna på feil hylle til alle tider, og vil halde fram med å gjere det – tilfella er legio. 

Og ein formasteleg tanke på tampen: Kanskje finst det til og med folk som ikkje burde bli foreldre?

Kjære lærarar. Må styresmakter og alle andre makter endeleg gi dykk verktøy som kan hjelpe dykk i dei stadig meir kaotiske og klaustrofobiske klasseromstilstandane. Må dei endeleg sanse seg, kaste prestisje, pomp- og prakttalar i bossbøtta og endeleg erkjenne at norsk skule – og dermed norsk framtid – er i fritt fall.

Og samstundes må dei i det komande lønsoppgjeret gi dykk eit skikkeleg økonomisk løft. De har meir enn lenge nok vore lønna etter Uriaspost-regulativet. 

Lenge leve læraren!

 

 

Kjøp Susanne Wiesingers bok «Kulturkamp i klasserommet»!  Du kan også kjøpe den som e-bok.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.