Tysk politi utanfor ein skule i Berlin-Neukölln, der to born på 7 og 8 år vart skada i eit knivåtak den 3. mai 2023. Foto: Michael Kappeler / DPA via AP / NTB.

Spark i hovudet på elevar, valdtekt på skuletoalettet: Dette framgår av interne politidokument som Die Welt har fått tilgong til. Det syner seg at det allereie har vore begått fleire grove og openlyse valdsbrotsverk på ein skule i Berlin-Neukölln.

Ein polititenestemann som kjenner saka, seier: «Sikkerheitsvakter har ingen effekt lenger, og valdsproblematikken har spreidd seg også til andre bydelar enn Neukölln.»

Som Document allereie har omtala, vart fleire titals personar skadde i eit masseslagsmål mellom elevar, lærarar og politifolk på Campus Efeuweg-skulen i Berlin-Neukölln måndag. Mellom anna braut den 52 år gamle kvinnelege rektoren ein finger i tumultane.

Masseslagsmålet var altså slett ikkje ei isolert hending. Det har vore utført grovt vald både på denne skulen og andre skular i Berlin i lang tid.

Campus Efeuweg er ein av mange Berlin-skular rekna som ein «brennpunktskule» (eufemistisk forklart som «utdanningsinstitusjon med særskilde sosialpedagogiske behov»), og vaktpersonale er fast tilsette for å syte for ro og orden. Men dette har altså ikkje lenger nokon effekt. «Dei involverte ungdomane har gjentekne gongar vore deltakarar i slagsmål dei siste vekene», seier Die Welts sjefreportar Steffen Schwarzkopf.

Berlin-politiet oppretta sitt eige førebyggjingsteam med fire betjentar i Neukölln Syd hausten 2021. Målet med prosjektet er å gi ein umiddelbar respons «på kriminell framferd frå born og unge, samt å halde løpande kontakt med foreldre/føresette». Teamet vil også freiste å få betre oversikt over forholda. Eit stort antal valdshendingar havnar nemleg aldri i politi-statistikkane. Tenestemenn som er kjende med tilstandane, fortel at svært mange valdsoffer ikkje vågar melde ifrå, av frykt for represalier.

Politibetjentane gjennomfører «normavklarende diskusjonar» i klassene på skulen. I fjor utarbeidde dei ein første delrapport. Her forklarte dei i detalj kva dei opplevde på Neukölln-skulane. Rapporten inneheld uttrykk som
«aukande vilje til å nytte vald», «manglande konsekvensar for valdeleg åtferd», «manglande foreldreengasjement» og «problematisk sosial åtferd og mangel på empati».

Ifølgje politiet er det ein sterk auke i viljen til å bruke vald – «særleg frå born under den kriminelle lågalderen». Intensiteten av verbale, fysiske eller seksuelle åtak aukar. Dette er berre delvis reflektert i straffeanklagene. Røynslene syner at mange valdshendingar på skulane knapt er inkludert i politiet sin kriminalitetsstatistikk, så problemet er langt ifrå tilstrekkeleg kartlagt.

I rapporten lister tenestemenn opp 16 døme på hendingar som vart dokumenterte på skulane i perioda hausten 2021 og våren 2022. Rapporten er ei liste av «absolutt brutalisering». «Campus Efeuweg», der masseslagsmålet fann stad måndag, er ein gjengangar i rapporten.

Nokre punkt frå rapporten:

• To 15-åringar gjekk laus på ein klassekamerat. Ein av dei heldt han nede, medan den andre slo og sparka. Offeret fekk omfattande hovudskader.

• Ei 11 år gamal jente vert kontakta via WhatsApp av ein eldre elev i 8. klasse og spurd «om ho ville knulle».

• Etter eit slagsmål på skulen med fleire personar involverte, truer familiene kvarandre. Fleire truslar må handterast parallelt for å deeskalere situasjonen.

• Ei 13 år gamal jente vert filma medan ho utfører oralsex på minst to 13 år gamle gutar. Videoen er distribuert rundt på skulen. Ho uttalar seinare at ho vart valdteka vaginalt av begge gutane.

• Ein 11-åring kastar ein stol i klasserommet og skader ein klassekamerat. Læraren freistar å roe ned bornet, men denne slår og sparkar henne. Dette fører til tvangsinnleggjing ifølgje den «Psykiske helsevernlova» («Psychisch-Kranken-Gesetz»).

Dokumentet fortel vidare at arbeidsbelastninga på lærarar og skuleleiing er høg, og at det også eksisterer ei «utbreidd usikkerheit om korleis dei skal forhalde seg til problema». Elevane tek ikkje sanksjonar på alvor. Særleg dei elevane som i minimal grad aksepterer reglar, ser ikkje på suspensjon og/eller utvisning som ei straff, men som ferie/fritid.

Og fører handlingane til at rettslege skritt vert tekne, har det gjerne gått fleire år før saka kjem opp.

Foreldra møter i svært liten grad opp til obligatoriske møter, og dei er heller ikkje til stades på foreldrekveldar og liknande. Politiet sin konklusjon er at dei føresette fråseier seg alt ansvar for ungane si oppdraging; etter deira meining er det skulen og lærarane som åleine skal stå for oppdraginga, skriv Die Welt.

 

Kjøp Susanne Wiesingers bok «Kulturkamp i klasserommet»!  Du kan også kjøpe den som e-bok.

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.