Nytt

Stasjonen i Frankfurt. Foto: Reuters

Etter mordet på ein åtte år gamal gut på Frankfurt sentralstasjon, gir politiet i dag opplysningar om den påståtte gjerningsmannen.

Eritrearen (40) som er mistenkt for drapet, har inntil nyleg budd i delstaten Zürich i Sveits. Som det sveitsiske politiet kunngjorde tysdag via Twitter, var mannen utstyrt med ein opphaldstillatelse. Eit slikt løyve vert automatisk (dog med nokre atterhald) utstedt til utlendingar i Sveits etter eit opphald på fem eller ti år i landet. I følgje statssekretaritatet for migrasjon, har innbyggjarane derpå uavgrensa opphaldsrett. (Kjelde: Frankfurter Allgemeine Zeitung).

Den mistenkte er gift og har tre born
Nadja Niesen, som er talskvinne for aktor i Frankfurt, stadfestar opplysningane om den mistenkte. Dei tyske myndigheitene samarbeider tett med dei sveitsiske. Det er imidlertid framleis ukjent kvifor han reiste til Frankfurt.

«Han uttalte at han hadde tatt toget frå Basel til Frankfurt for nokre dagar sidan,» seier Niesen.

Fengsla for drap og drapsforsøk
Den 40 år gamle mora til den drepne åtteåringen, klarte altså å rulle seg unna toget – men å berge sonen sin klarte ho ikkje. Ho er framleis i djupt sjokk. I tillegg freista også eritrearen å dytte ei 78 år gamal kvinne utfor rampen. Kvinna klarte å vri seg unna, og «slapp unna» med ein skulderskade.

Psykisk sjuk? 
«No skal det avklarast i kva grad gjerningsmannen kan lide av ein psykisk sjukdom, og om denne i tilfelle kan ha spelt ei rolle ved ugjerninga,» held Niesen fram. Blodprøver syner at vedkomande ikkje var rusa på noko vis.

Ei tese har vore at handlinga har vore påvirka av ei hending i Wächterbach, der ein eritrear for ei veke sidan vart skoten på opa gate – tilsynelatande basert på rasisistiske motiv.

Denne teorien vil politiet jobbe vidare med.

Seehofer avbraut ferien
Den føderale innenriksministaren Horst Seehofer (CSU) avbraut i går (måndag) ferien for i dag å ta del i «utreiingar av fleire tunge kriminelle hendingar den siste tida».

Ifølgje dpa (Deutsche Presse Agentur), vert det venta at diskusjonane også vil omfatte åtak på og truslar mot representantar frå Die Linke (venstrepartiet), bombetruslar mot moskear, samt det nemnde rasistisk motiverte åtaket på ein eritrear i Wächtersbach.

Ein by i sorg
På plattform 7 på sentralbanestasjonen, samla ein mengde sjokkerte mennesker seg i dag, tysdag. Fleire la ned blomar, ljos og små teddybjørnar ved åstaden.

I kveld er det planlagt ein seremoni, der både katolske og protestantiske geistlege vil halde andakt.

Debatt om tryggleik
Åtaket har også utløyst ein debatt om tryggleiken på stasjonane. Philipp Amthor (CDU) er innanrikspolitikar, og uttalte til det tyske pressebyåret (dpa): «Etter denne forferdelege udåden må gjerningsmannen straffast raskt og strengt. I tillegg til ordinær fengselsstraff, må vi også diskutere tiltak etter at denne straffa er sona ferdig. Eg er også open for å diskutere betre sikring på stasjonane våre.»  SPD-trafikkekspert Martin Burkert kritiserte i avisa «Bild» at tilsynet med plattformaner er mangelfullt, og at det også manglar føderalt politi på fleire stasjonar.

Ingen sikringsfeil, men ein menneskjeleg feil
Leiaren av konferansen for transportministrane, Anke Rehlinger (SPD), hevdar imidlertid at slike handlingar ikkje kan hindrast av sikringstiltak. Til RND (det redaksjonelle nettverket i Tyskland) kommenterte ho: «Ei slik handling avslører ikkje ein sikringsfeil, men ein menneskjeleg feil.»

Jörg Radek, nestleiar i Union of Police (GdP), åtvara for imitatorar – eller såkalla copycats. I byar som Berlin, er tilfeller av såkalla «S- og U-baneskubbarar» vore kjende ei tid. «Politiet freistar å forbetre seg etter kvar sak, men der slike handlingar er bevisst utførte, er det mest uråd å hindre dei,» seier han.

Med tanke på at det er heile 5600 stasjonar og stopp i Tyskland, kan ein ikkje rekne med snarlege løysingar.

 

Kjøp Christopher Caldwells «Betraktninger over revolusjonen i Europa» fra Document Forlag her.