Forbundspresidenten Frank-Walter Steinmeier

I høve dagens Eid al-Fitr-festival, som markerar avslutninga av ramadan, gav den tyske forbundspresidenten Frank-Walter Steinmeier landet sine muslimar ei høgtideleg helsing i går:

Vi tek, og skal halde fram med å ta, eit resolutt standpunkt mot rasistisk agitasjon. Hat og marginalisering, valdelege åtak på muslimar, åtak på moskear – alt dette aksepterer vi ikkje. Dette er både staten si plikt, og kvar einskild borgar si plikt, naturlegvis meg sjølv inkludert.

Ramadan vert avslutta 23. mai med Eid al-Fitr-festivalen, også kjend som Sukkerfestivalen. Steinmeier minna om at fastemånaden vart overskugga av åtaket i Hanau, Hessen, for tre månadar sidan. Den 19. februar drap ein 43 år gamal tysker ni personar med utanlandske røter, og fleire andre vart skadde. Gjerningsmannen drap også mor si, før han tok sitt eige liv.

Minst åtte drept i skyting i tysk by – én pågrepet

Under etterforskinga synte det seg at han hadde publisert brosjyrer og videoar med ulike konspirasjonsteoriar og rasistiske synspunkt på internett.

Politiet erklærte dog at han var ein einsam svale, og ikkje tilknytta noko høgreekstremt nettverk.

Hanau-angriper var ikke høyreekstrem

«Gjerninga rysta meg djupt,» skreiv Steinmeier. «Den var eit åtak på vår fredelege sameksistens og på alle verdiane vi delar i dette landet: Respekt for menneskeverdet, toleranse, mangfold, trusfridom.»

Samstundes takka han muslimane i landet for at dei har halde seg til reglane om avgrensingane for religiøse samlingar under pandemien.

«Grunnlova garanterer retten til religionsfridom,» sa Steinmeier. «Og likevel var det naudsynt å avgrense alle former for samver midlertidig for å redde liv. Eg takkar alle som har overhalde desse strenge reglane, og slik var med på å gi oss vår første siger i kampen mot viruset.»

Utanriksminister Heiko Maas (SPD) beklaga at den globale våpenkvila som FN kravde med tanke på korona-krisa ikkje har blitt fulgt i store delar av verda, sjølv under ramadan.

«Nokon freistar å utnytte koronakrisa til militære vinstar. Regionar som har vore råka av krigar og konflikter i årevis, hadde sårt trengt dette pusteromet FN bad om.»

Kjelder: https://www.zeit.de/politik/deutschland/2020-05/frank-walter-steinmeier-ramadan-fastenbrechen-muslime-coronavirus
https://www.krankenkassen.de/dpa/328294.html

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.