Berlin/Donauwörth. To brødre er varetektsfengsla av di dei er mistenkte for å ha tatt systra si av dage. Dei to afghanarane (22 og 25 år gamle) skal ha tatt livet av systra (34) av di livet hennar ikkje stemte overeins med brørne si oppfatning av «moralske standardar». Kvinna etterlet seg born på ni og 13 år.

Makaber likferd
Ifølgje statsadvokatembedet vart kvinna myrda i Berlin 13. juli. Kroppen hennar vart same dag frakta til Bayern i ein koffert, og provisorisk nedgravd i nærleiken av byen Neuburg an der Donau. Den eldste broren skal visst nok ha budd i Neuburg.

I nærleiken av adressa hans, fann berlinske og bayerske etterforskarar torsdag liket, som i utgangspunktet var uidentifisert. Men Martin Steltner, talsmann for statsadvokatembedet, konstaterte fredag ettermiddag: «Vi har no identifisert liket, og det er den afghanske kvinna».

«Spenningar» mellom syskjena
Steltner ville imidlertid ikkje uttale seg om den vidare etterforskninga. Dei to brørne kom til Tyskland i 2013 og 2015; begge som mindreårige. Det er uklart når den avdøde systra første gong kom til Tyskland.

Vitner fortel at det i ei tid har vore ei spent atmosfære mellom brørne og systra, utan at dette på noko vis er konkretisert; men ifølgje etterforskarane var kvinna nyleg skilt frå ektemannen.

Brørne har site i varetekt sidan onsdag. Forsvararen Mirko Röder, uttalar til «Bild» at: «Dette vil verte ei konfliktutsatt og svært kompleks prosedyre.»

Sterk fordømming
Ikkje uventa har handlinga møtt fordømming frå fleire hald. Jan-Marco Luczak (CDU) skreiv følgjande på Twitter: «Eg tykkjer det er uuthaldeleg at det eksisterer slike arkaiske og kvinnefiendtlege verdiar i landet vårt, og at desse vert gjenspegla i brutal vold. Vi kan aldri godta det.».

Den tysk-israelske psykologen og forfatteren Ahmad Mansour bad fredag om meir og betre vern for «kvinner som koplar friheit og frigjering med Tyskland og difor vert myrda av sine eigne familiemedlemmer». Slike handlingar skal ikkje setjast i perspektiv, og den kulturelle og religiøse bakgrunnen bør ikkje ignorerast. Dette ville verne gjerningsmennene, men ikkje ofra, understreka Mansour.

Fordøming også frå muslimsk hald
Den tyrkiske advokaten og medgrunnleggjaren av den liberale Ibn Rushd Goethe-moskeen i Moabit, Seyran Ates, seier: «Eg krevjer: Slutt å diskutere vilkår, vern heller ofra mot dette vanvittige og dødelege æresomgrepet. Eg ynskjer: Friheit og eit sjølvbestemt liv.»

Æresdrap er gjenstand for forskning
Advokaten Clara Rigoni fra Max Planck Institute for Research in Crime, Security and Law in Freiburg har lenge forska på såkalla æresdrap. «Det er ingen fast definisjon på det,» uttalte ho til Berliner Morgenpost. «Sentralt står alltid ynskjet om kontroll over kvinna og hennar seksualitet – og kjensla av å miste denne kontrollen. Kvinna påfører familia ein påstått skam gjennom sin oppførsel, og denne skammen må eliminerast, om æra skal gjenopprettast. Skammen kan rettferdiggjerast ved skilsmisse, avvisning av tvangsekteskap eller fjerning av hijab.»

Ofte er fleire familiemedlemmer involverte – brødre, foreldre, besteforeldre eller onklar. Dess meir omverda veit, t.d. om ei skiilsmisse, og dess fleire rykter som sirkulerer, dess større er risikoen for drap, seier Rigoni.

Ifølgje Clara Rigoni er det gjort for lite når det gjeld forebyggjing av æresrelatert vold/drap. Til dømes er det framleis mangel på personar i politiet i Tyskland som er kjende med emnet. «Ein vanlig embetsmann er ikkje kjend med den underliggjande dynamikken og oppførselen.» Ho hevdar vidare at tilstanden er mykje betre i Storbritannia og i Noreg – der det «alltid er minst ein ekspert på emnet i byen/regionen som kan kontaktast dersom det er mistanke om æresrelatert problematikk, og deretter utføre ei risikovurdering.»

Ingen statistikk ligg føre
Det er ingen aktuelle tal på såkala æresdrap. Den siste studien som ligg føre, vart utarbeidd av «Det føderale innenriksdepartementet» i 2011, og tok for seg åra 1996-2005. Fasit her syner 78 tilfeller med totalt 109 ofre. Meir enn 91 prosent av gjerningsmennene var ikkje fødde i Tyskland, 63 prosent i Tyrkia. Ni av ti drapsmenn var menn og for det meste eldre enn 40 år.

Kjelde: Berliner Morgenpost

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.