Dilek Kalayci (SPD), helseministeren i Berlin, er i hardt ver. Etter at ho i fleire veker (som politikarar flest i størsteparten av Vesten – og i Noreg, ikkje minst) har møtt koronakrisa kun med ord og atter ord, får ho no skarp kritikk frå leiande fagfolk.

Samtlege distriktsoverlækjarar i Berlin har gått saman om eit skriv (onsdag) der dei mellom anna ber om at også tilstellingar med færre enn 1.000 personar (dette er framleis den øvre grensa) må avlysast, og at også mindre klubbar, restaurantar og liknande må stengjast inntil vidare.

Til dette har Kalayci (53) berre spott og hån å kome med. I et intervju med rbb (Rundfunk Berlin-Brandenburg) sin Inforadio torsdag, var ho først og fremst rasande av di ho vert offentleg kritisert. Derpå hevda ho: «Slike kontroversielle tema bør haldast internt i komiteane, for no er det på tide å stå saman og leggje alle forslag til løysingar på bordet.»

Og talsmannen for distriktslækjarane fekk følgjande salve presentert då han la fram brevet med krav om ytterlegare tiltak i den aktuelle krisa: «Du er den einaste som reagerer slik – ein smule panikkarta. Vi må setje oss ned og diskutere dette vidare.»

Deretter kom sjølve ansvarsfråskrivinga de luxe:
«Det er ingen som hindrar dykk distriktslækjarar og på eiga hand gå ut og stengje klubbar og avlyste tilstellingar. Til dette er det ikkje naudsynt kva ein minister måtte meine».

Berliner Zeitung sin reporter kommenterer dette på følgjande vis:
«Politikerfraser i staden for klartekst, er irriterande nok i normaltider. I krisetider som dette, er dei fatale.»

Heller ikkje den regjerande borgermeisteren i Berlin, Michael Müller (SPD), har synt særleg vilje til handling. Først etter dagar og veker under stadig større trykk, har han måtta ty til «upopulære» – men truleg livsviktige! – avgjerder.

Det høyrer også med til historia at tysk-tyrkiske Kalayci (kom til Berlin som treåring) ikkje har det ringaste snev av medisinsk utdanning eller bakgrunn. Etter ei kort tid i Deutsche Kreditbank, studerte ho matematisk økonomi ved det tekniske universitetet i Berlin. Sidan har ho vore politikar på heiltid.

I desse høgst uoversiktlege og alvorlege tider ynskjer altså Berlin sin øvste helsefaglege sjef framleis berre å «utveksle idear om beslutningsprosessar», medan heile det faglege medisinske miljøet i Berlin pressar på for ytterlegere strakstiltak i den aktuelle krisa.
Dette betimelege initiativet latterleggjer imidlertid helseministeren og kallar det «panikkarta».

Eit trist lavmål for politisk leiing i Berlin.

Kjelde: https://www.berliner-zeitung.de/mensch-metropole/treten-sie-zurueck-frau-gesundheitssenatorin-li.78339

 

Støtt Document

Du kan enkelt sette opp et fast, månedlig trekk med bankkort: [simpay id=»280380″]

Eller du kan velge et enkeltbeløp: [simpay id=»282505″]

Du kan også overføre direkte til vårt kontonummer 1503.02.49981

Vårt Vipps nummer er 13629

Støtt oss fast med Paypal:


 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.