Nytt

Innenriksminister i Berlin, Andreas Geisel (SPD). Foto: Facebook

Fleire tyske ministrar har dei siste vekene motteke trusselbrev med patronhylser vedlagde. Mistankane er retta mot venstreradikale grupperingar.

Ein talsmann for innanriksdepartementet i Berlin, stadfesta onsdag at innanriksminister Andreas Geisel (SPD) har motteke eit trusselbrev med ei eller fleire patronhylser vedlagde.

Det syner seg at at liknande brev har blitt sende også til den tyske innanriksministeren Horst Seehofer (CSU), og til Brandenburg sin innanriksminister Michael Stübgen (CDU). I alt har heile 14 tyske delstats-innanriksministrar nyleg motteke identiske trusselbrev.

Departementet ynskjer på noverande tidspunkt ikkje å gi ytterlegare informasjon om truslane av di sakene er under etterforsking. Det framgår likevel at mistankane er retta mot venstreradikale grupperingar.

Forbundsadvokatkontoret i Karlsruhe har i lang tid etterforska ei slik gruppe som kallar seg Revolutionäre Aktionszellen (RAZ). RAZ er av tyske myndigheiter klassifiserte som ein venstreradikal terrororganisasjon.

I etterkant av at eit brannstiftingsforsøk framfor villaen til direktøren for Tysklands største kjøtprodusent – Clemens Tönnies – vart oppdaga og hindra i slutten av august, tok RAZ på seg skulda for attentatet.

På kva slags vis – og kvifor – påtalemyndigheitene også i trusselbrevsaka finn å mistenkje RAZ, framgår imidlertid ikkje.

Innensenator Geisel erhält Drohbriefe mit Patronenhülsen

Støtt Document

Du kan enkelt sette opp et fast, månedlig trekk med bankkort:

Eller du kan velge et enkeltbeløp:

kr

Du kan også overføre direkte til vårt kontonummer 1503.02.49981

Vårt Vipps nummer er 13629

Støtt oss fast med Paypal: