Tysk politi aksjonerar i samband med ei skyteepisode i sentrum av Berlin sist i desember, 2019. Illustrasjonsfoto: Michele Tantussi/Reuters/NTB Scanpix

I kampen mot den stadig aukande klankriminaliteten i Berlin, gjennomførte politiet i fjor heile 382 razziar. I snitt altså meir enn ein kvar dag.

972 søksmål vart utstedt i desse aksjonane vert det opplyst frå innanriksadministrasjonen («Innenverwaltung»).

Av dei 972 søksmåla, var 419 narkotika-relaterte lovbrot, 100 handla om trafikal kriminalitet, dei resterande mellom anna om brot på våpenlova. I tillegg til dette, vart 5908 kriminelle handlingar knytta til såkalla administrative lovbrot (dei aller fleste handlar om brot på trafikklova) innmelde til naudetatane.

45.500 innsatstimar
Totalt utgjorde innsatsen rundt 45.500 timar – men resultata av aksjonane, står ikkje i stil. Politikarane er ikkje nøgde.

– Mit den knapp 46.000 Mannstunden wäre es problemlos möglich gewesen, den offenen Drogenhandel im Görlitzer Park in den Griff zu bekommen und so den Clans eine wichtige Geldquelle zu nehmen. FDP-Politiker Marcel Luthe (Berliner-Zeitung)

– Med denne innsatsen ville det i staden ha vore mogleg å få kontroll over narkotikaomsetjinga i Görlitzer Park (sjølve eldoradoet for narkotikaomsetjing i Berlin, H.H.), og dermed setje stopp for ei betydeleg inntektskjelde for klanane.

Luthe har sine ord i behald. Det syner seg nemleg at dei funna politiet gjer, langt ifrå er spektakulære. Det handlar om beslag av små mengder narkotika (som stereoider knytta til muskelbyggjing), konfiskering av like minimale mengder ulovleg innført shishtobakk og utstedjing av mindre bøter for ulike brot på trafikklova.

Showeffekt?
For politimeister Barbara Slowik er derimot politiet sin innsats ein stor suksess.

– Vi har prov på at desse masseåtaka har ført til «definitiv uro» i klanmiljøa, hevdar ho.

Og ho får støtte frå GdP (Gesamtdeutsche Partei) sin representant Thomas Spaniel:

– Vi forstyrrer verksemda deira, syner styrke som ein rettsstat – igjen og igjen.» Han legg dog til at: Ein bør likevel stille spørsmål til politiet, om ikkje «showeffekten» av aktivitetane er i største laget…

Om dette vert han straks imøtegått av politimeisteren:

– Dette har ingen ting med «showeffekt» å gjere. Diverre ser kritikarane kun rørslene på overflata, og ikkje dei djupareliggjande konsekvensane, seier ho.

– Det meste av arbeidet politiet gjer, og resultata dette utgjer, er usynleg for publikum..

Fempunktsplan mot klanane
Det «raud-raudgrøne» senatet i Berlin, utarbeidde i 2018 en fempunktsplan mot klankriminaliteten. Politimeister Slowik hevdar:

– Vi har tilintegjort myta om at klanane er usårlege og uangripelege.

Ifølgje Berlin sin senator, Andreas Geisel (SPD), er det rundt 20 eksisterande klanfamilier i Berlin – «av desse er sju-åtte intensivt kriminelle.».

Geisel legg til:

– Heile breidda i rettsstaten vert satt inn i dette arbeidet. Dette av di vår rettsstat er under trykk.

Bestill Douglas Murrays bok “Europas underlige død” fra Document Forlag her!

Støtt Document

Du kan enkelt sette opp et fast, månedlig trekk med bankkort: [simpay id=»280380″]

Eller du kan velge et enkeltbeløp: [simpay id=»282505″]

Du kan også overføre direkte til vårt kontonummer 1503.02.49981

Vårt Vipps nummer er 13629

For Paypal og SMS se vår Støtt Oss-side.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.