I desse korona- og migrantkrise-tider treng me alle eit pusterom. Fotball er eit slikt pusterom for mange, så lat meg då få skrive pent om Liverpool sin egyptiske og muslimske stjernespelar, Mohamed Salah. Han fortener ros, ikkje berre for alle måla han lagar, men og for at han tørr å utfordra islams kvinnesyn.

I eit intervju med TIME i fjor, kom den egyptiske måljegeren og tobarnsfaren på 28 år med eit oppsiktsvekkjande bodskap:

– Eg trur vi må endre måten vi handsamar kvinnene i vår kultur på,» uttalte han, og heldt fram: Dette er ikkje valfritt, det er noko vi .

Kvinner fortener meir
Salah, som i 2019 vart kåra av TIME til ein av dei hundre mest innflytelsesrike personane i verda, har tenkt gjennom dette lenge, men det var første gong han uttala seg om saka.

– Eg har sett korleis kvinner vert handsama i min eigen kultur og i Midtausten, og dette har fått meg til å revurdere meiningane mine om relasjonane mellom kjønna. Eg føler at kvinner fortener meir enn dei gir henne no.

Men denne egyptaren har det ikkje berre i beina og i kjeften. Om me vel å tru på den engelske tabloidavisa The Sun, så gjer Salah faktisk noko for sine eigne, og då tenkjer eg ikkje berre fansen, men på folk i den fattigslege heimbyen, Nagrig.

Han betalte for den første ambulansen i området og har kjøpt dyrt medisinsk utstyr som hjelper dusinvis av mennesker hver dag. Hans veldedige organisasjoner gir også sårt tiltrengte forsyninger til en rekke familier, der stjernen bruker opp til £ 3.500 månedlig for å støtte dem. Liverpool-stjernen finansierer til og med bygging av et ungdomssenter, jenteskole og medisinsk senter. I hjembyen har han fått kallenavnet ‘lykkemakaren’. (The Sun)

Gatebilde frå landsbyen Nagrig. Foto: Nick Garnett/Twitter

For ordens skuld tek eg med at det og finnst andre kjelder på at hjelpa kanskje ikkje er stor, som det den engelske tabloid-avisa kjem med. Les til dømes Al-Monitor sin artikkel, som ikkje er like panegyrisk.

Salah-faktoren

Etter å ha leia laget sitt til det første FIFA World Cup på 28 år (Russland, 2018), og gjennom glitrande spel for Liverpool i fleire år, er Salah kolossalt populær, ikkje berre i heimlandet Egypt, og ikkje berre blant fotballintereserte muslimar.

Salah sin suksess med ball i fredeleg kappestrid har faktisk endra korleis den kvite arbeiderklassa i hans noveranda heimstad, Liverpool, ser på muslimar. Scouserana (lapskaus-folket) som dei vert kalla, er elles ikkje kjende for å vera spesielt glade i tilhengjarar av den arabiske ørkenreligionen. Men ein studie gjennomført av Universitetet i Stanford i fjor, vakte oppsikt langt utover den fotballgalne delen av verda.

Då Liverpool-fans vart gjort merksame på at Salah er ein muslim som også finn det naudsynt å gjennomføre endringar innan islam (som altså ved synet på kvinna si rolle), stig truleg trua blant fansen på at islam i nokon grad kan foreinast med britiske verdiar. (Stanford Magazine)

Rollemodell
«Eg føler eg er sonen dykkar,» seier han til fans i Midtausten. Han vedgår at han kjenner på presset som følgjer med å vere ein rollemodell, men det gjer han også stolt, og får han til å yte optimalt på fotballbana. «For å vere den første egyptaren i denne situasjonen – og at ingen har gjort dette før … det er noko heilt særskilt,» seier han.

«Den beste måten å slappe av på etter ein kamp, er å vere saman med mi 5 år gamle dotter,» hevdar han, og sjølv om han er kåra til ein av verdas ti beste fotballspelarar, har han ikkje endra livsstil: «Eg lever livet mitt normalt. Mesteparten av tida held eg meg heime; eg likar ikkje gå ut.»

Åttandedelsfinale i Champions League

Klokka 21.00 i kveld (onsdag) skal Mohamad Salah freista å frelse Liverpool nok ein gong. Etter å tapt 1-0 på bortebane mot Atlético Madrid i første oppgjer, er det i kveld duka for returoppgjer på Anfield Road. Liverpool, og særleg Salah, har hatt ein fantastisk sesong; dei har eit poenghavs leiing i Premier League, og berre eit mirakel må til, om dei skal tape ligameisterskapet i år – 30 år etter førre tittel.

Det gir ikkje dei største oddsa å tippe at Mohammed Salah også i kveld vil framstå på ypperleg vis – ikkje berre for muslimske fotball-fans, men for alle som er glade i fotball, verda over.

 

Støtt Document

Du kan enkelt sette opp et fast, månedlig trekk med bankkort: [simpay id=»280380″]

Eller du kan velge et enkeltbeløp: [simpay id=»282505″]

Du kan også overføre direkte til vårt kontonummer 1503.02.49981

Vårt Vipps nummer er 13629

Støtt oss fast med Paypal:


Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.